Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 106

  1. Kva meiner vi med seksuell omgang?

    Seksuell omgang omfattar først og fremst samleie, men òg andre tilfelle. Fysisk berøring av nakne kjønnsdelar kan òg reknast som seksuell omgang. Det same kan masturbasjon, til dømes som i RT-1990-551 der lovbrytaren hadde tvinga ein kvinneleg joggar til å halde i testiklane hans medan han onanerte. Vidare er suging og slikking av kjønnsorgan omfatta. Innføring av finger eller fingrar i skjeden til ei kvinne har tidlegare vorte subsumert som seksuell handling, ikkje seksuell omgang, men i RT-1985-202 slo Høgsterett fast at slik åtferd er seksuell omgang. Innføring av fingrar i endetarmsopninga (rektum) er òg rekna som seksuell omgang.

  2. Kva meiner vi med seksuell handling?

    Seksuell handling utan samtykke er straffbar etter § 297. Seksuelle handlingar omfattar andre former for berøring enn dei som er skildra som seksuell omgang. Dei fleste former for seksuell trakassering i form av fysiske handlingar er omfatta av omgrepet, til dømes å ta på kjønnsorgan, både innanfor og utanpå kleda. Ei skjønsmessig vurdering av intensiteten på berøringa vil avgjere om det er seksuell omgang eller seksuell handling. Eit intenst grep innanfor kleda i skrittet til ei kvinne kan bli dømt som seksuell omgang, medan eit meir fintfølande og forsiktig grep kan vere seksuell handling.

    Berøringa treng ikkje gjelde kjønnsorgan. Å ta på ryggen under kleda er omfatta. Det finst døme i rettspraksis på at kyss på halsen og berøring av bar hud på magen har vorte rekna som seksuell handling (RT-2006-431).

  3. Kva meiner vi med seksuelt krenkjande handling?

    Seksuelt krenkjande åtferd er straffbar etter § 298. Blotting og kikking er praktisk viktige døme på seksuelt krenkjande handlingar. Kyssing utan samtykke er i utgangspunktet seksuelt krenkjande åtferd.

    Utuktig tale, rått snakk og anna utuktig åtferd kan òg blir ramma av føresegna. Som døme frå rettspraksis er vising av pornografiske filmar for mindreårige nemnt. Det same er å sende barberhøvel til kvinne med underforstått beskjed om å bruke han til å barbere skrittet. Frivillig samleie på offentleg stad kan òg vere seksuelt krenkjande åtferd.

  4. Kva meiner vi med valdtekt?

    Valdtekt er brot på straffelova § 291, jf. § 292.

    Valdtekt omfattar meir enn berre samleie. Det er tilstrekkeleg at gjerningspersonen skaffar seg seksuell omgang på ein måte som er skildra i lova. Den seksuelle omgangen må vere skaffa ved «vold eller truende atferd» eller ved å ha utnytta at ein person er medvitslaus eller av andre grunnar ute av stand til å motsetje seg handlinga. Det er òg valdtekt å truge andre til å ha seksuell omgang med ein annan eller med seg sjølv, til dømes å truge nokon til å masturbere seg sjølv.

    Dersom valdtekta inneber samleie, blir strafferamma skjerpa, jf. § 292.

  5. Kvar går grensa mellom forsøk på og fullbyrda valdtekt?

    Valdtekt til samleie er å rekne som fullbyrda dersom penis blir plassert i skjede- eller endetarmsopninga, jf. § 292 bokstav a. Tidlegare vart det kravd for samleie at penis skulle vere ført inn i den indre delen av kvinna sitt kjønnsorgan. Penis i opninga vart dømt som forsøk. Den nye straffelova av 2005 seier no uttrykkjeleg at penis er å rekne som innført allereie når han er i skjedeopninga, noko som utløyser regelen om minstestraff på tre år i fengsel. Det er derfor fullbyrda valdtekt til samleie å gni penishovudet mot kjønnsleppene til kvinna. Djupare inntrenging eller sædavgang er ikkje nødvendig. Regelen er eit resultat av ønsket om å skjerpe straffene for seksualbrotsverk.

    Ved valdtekt utan samleie skulle grensa mellom forsøk og fullbyrding vere lett å sjå. Grensa går over frå forsøk til fullbyrding i den augeblinken den seksuelle omgangen er starta.

  6. I kva grad kan straffridomsgrunnar medføre frikjenning for seksuallovbrot?

    Det er mogleg å sjå for seg valdtekt i naudverje (§ 18), til dømes under tvang eller trugslar om vald frå ein tredjeperson, men særleg praktisk er det ikkje. Den som blir truga til å gjennomføre ei valdtekt mot ein annan, kan etter omstenda frikjennast. Riktig gjerningsperson å straffe er den som truga.

  7. Kva skuldkrav gjeld for seksuallovbrot?

    Skuldkravet er forsett, jf. §§ 21 og 22. Straff for valdtekt føreset at gjerningspersonen er klar over kva han gjer. Han må til dømes forstå at den seksuelle omgangen han skaffar seg, ikkje er frivillig.

    Dersom kravet til forsett ikkje er oppfylt, er det aktuelt å dømme for brot på straffelova § 294. Grovt aktlaus valdtekt inneber at gjerningspersonen ikkje forstår at han eller ho valdtek, men er sterkt å klandre for den manglande forståinga, jf. straffelova § 23 andre ledd. Eit døme kan vere at fornærma tilsynelatande samtykkjer, men i verkelegheita er stiv av skrekk.

    Vanleg aktlaust seksuallovbrot er ikkje straffbart.