Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 215

  1. Kva er forvaltningsverksemd?

    Forvaltninga er det administrative apparatet til den utøvande makta. Ho består av ei rekkje sentrale og lokale offentlege forvaltningsorgan. Verksemda i desse organa kan delast inn i utøving av offentleg myndigheit, tenesteverksemd og næringsverksemd.

  2. Kva er eit forvaltningsorgan?

    Forvaltningslova § 1 skildrar eit forvaltningsorgan som alle organ for stat eller kommune.

    Private firma kan òg vere forvaltningsorgan i nokre saker, til dømes når ein godkjend verkstad vedtek at ein bil ikkje kan EU-godkjennast.

  3. Korleis er forvaltninga organisert med overordna og underordna forvaltningsorgan?

    Den offentlege forvaltninga er organisert etter ein pyramidemodell. Regjeringa er på toppen. Under henne finn vi departementa, direktorata og mange offentlege utval, nemnder og råd.

    Forvaltningsorgana kan vere sentrale og lokale. I den lokale forvaltninga finn vi fylkeskommunar og einskildkommunane.

  4. Kva er eit vedtak?

    Tre vilkår må oppfyllast for at ei avgjerd skal vere eit vedtak, jf. § 2 bokstav a:

    1. Avgjerda må vere bestemmande for rettar eller plikter.
    2. Ho må rette seg mot private personar (einskildpersonar eller private rettssubjekt).
    3. Avgjerda må vere teken under utøving av offentleg myndigheit.

    Når stat eller kommune opptrer som ein vanleg privat avtalepart, til dømes i samband med kjøp eller sal, er avgjerdene ikkje å rekne som vedtak. Det er ikkje utøving av offentleg myndigheit.

  5. Kva er eit einskildvedtak?

    Eit vedtak som er individualisert, slik at det rettar seg mot ein eller fleire bestemte personar, er einskildvedtak, jf. § 2 bokstav b.

    Ei avgjerd kan òg vere einskildvedtak dersom lova sjølv seier det, sjølv om alle dei tre vilkåra for vedtak ikkje er oppfylte. Sjå til dømes § 2 andre ledd. Avgjerder om tilsetjing, oppseiing osv. i stat eller kommune er ikkje utøving av offentleg myndigheit, men slike avgjerder skal likevel reknast som einskildvedtak.

  6. Kva er ei forskrift?

    Dersom ei avgjerd er eit vedtak, men ikkje eit einskildvedtak, er det ei forskrift, jf. § 2 første ledd bokstav c.