Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 306

  1. Kva slags teknikkar kan brukast til sporing av personar sine rørsler i den fysiske verda?

    Utviklinga dei siste åra har gått frå sporing av rørsler på nettet til sporing av rørsler i den fysiske verda.

    Wifi og bluetooth er teknologiar som blir brukte til sporing i den verkelege verda. Wifi er nemninga på eit trådlaust nettverk med kort rekkjevidd som du kan kople deg til med mobiltelefon, nettbrett, PC og anna elektronisk utstyr. Når wifi er aktivert på mobiltelefonen din, søkjer han automatisk opp wifi-soner ved å sende ut eit signal – eit unikt identifikasjonsnummer for berre din telefon, som så blir registrert på kvart wifi-punkt. Eigaren av wifi-nettet kan samle inn desse registreringane og få vite kvar mobiltelefonen har vore, kor lenge han har vore på staden, og i kva retning han beveger seg.

    Bluetooth-sporing går òg ut på registrering og lagring av eit unikt signal som mobiltelefonen din sender ut heile tida. Bluetooth har kortare rekkjevidd enn wifi, men kan gje meir nøyaktig informasjon om rørsler på eit avgrensa område.

    Ved å knyte opplysningar om e-post eller telefonnummer saman med dei unike signala frå telefonen kan rørslene sporast til den einskilde personen. Dette er behandling av personopplysningar som krev lovleg behandlingsgrunnlag, til dømes samtykke. Slik sporing viser dei stadene som blir oppsøkte. Det kan fortelje mykje om helsetilstand, religiøs tru eller livssyn, politiske synspunkt eller seksuell legning når nokon får vite at ein person besøkjer eit legekontor, eit sjukehus, ei kyrkje eller eit livssynssamfunn eller ein utestad som blir mykje brukt av homofile personar.

  2. Kva vilkår gjeld for at sporing skal vere lovleg?

    Eit visst samtykke til sporing blir gjeve ved å ha funksjonar som bruker GPS, wifi, bluetooth eller andre sporingsteknologiar, aktivert på telefonen. Slikt samtykke når ikkje lenger enn føremålet – å gje tilgang til tenester. Behandling av data utover føremålet krev særskilt samtykke eller heimel i eit anna lovleg behandlingsgrunnlag, sjå personvernforordninga artikkel 6.

    Politiet har særleg stor interesse av moderne sporing når dei etterforskar brotsverk. Sporinga kan ikkje berre knyte ein mistenkt eller sikta lovbrytar til ein åstad. Ho kan òg gje informasjon om fysiske rørsler innanfor åstaden, til dømes brå rørsler frå rom til rom, sannsynleg fall i ei trapp, eller kor raskt nokon forlèt åstaden. Politiet kan behandle slike opplysningar utan samtykke frå den registrerte med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nummer 1 bokstav e (nødvendig for å utføre pålagd oppgåve).