Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 37

  1. Kva skil rettsreglar frå andre normer og reglar?

    Rettsreglar er kjenneteikna ved at dei er vedtekne av offentlege organ, til dømes Stortinget eller eit departement. Styresmaktene kan straffe eller bruke makt for å få folk til å følgje lovene.

    Brot på andre reglar i samfunnet, som ikkje er rettsreglar, gjev verken straffansvar eller erstatningsansvar. Det kan dreie seg om enkle normer for skikk og bruk, men òg reglar der brot kan få store konsekvensar, til dømes brot på ein dopingregel i idretten, som ikkje samtidig er ein rettsregel. Utestenging frå deltaking i konkurransar på grunn av doping er ein privat reaksjon frå idrettsorgana, men er ikkje straff i juridisk forstand.

  2. Kva er eit rettsspørsmål?

    Eit rettsspørsmål skil seg frå andre spørsmål fordi du må bruke rettsreglar for å løyse det. Du må finne fram til kva rettsreglar som gjeld, og kva innhald dei har.

    Vi skil mellom generelle rettsspørsmål og individuelle rettsspørsmål.

    Generelle rettsspørsmål er spørsmål om kva reglar som gjeld i situasjonar som er felles for alle eller ei gruppe personar. Døme kan vere «Kva er meint med valdtekt?» og «Kva er eit einskildvedtak?».

    Individuelle rettsspørsmål er spørsmål om kva reglar vi skal bruke for å løyse eit konkret tilfelle, til dømes i ei sivil sak mellom to partar eller i ei straffesak.

  3. Kva er ei rettskjelde? Set opp ei liste over dei viktigaste rettskjeldene, og forklar kort kva dei går ut på.

    Ei rettskjelde er ei kjelde der du kan hente argument for å løyse rettsspørsmål. Rettskjeldene er verktøykassen til juristane. Verktøya i kassen blir brukte til å byggje juridiske resonnement.

    Det er vanleg å dele rettskjeldene inn i

    • lovtekstar
    • lovførearbeid
    • rettspraksis
    • forvaltningspraksis
    • sedvane
    • juridisk teori
    • reelle omsyn
    • folkerett
    • EU/EØS-rett

  4. Kva er meint med lovtekst?

    Lovtekstar er ordlyden i Grunnlova, lover som er vedtekne av Stortinget, og forskrifter som er vedtekne av forvaltninga med heimel i lov.

    Innanfor forvaltninga kan det skje ytterlegare delegering av lovgjevingsmakt, til dømes når den einskilde skulen er gjeven makt til å vedta eit skulereglement. Skulereglementet er derfor eit døme på ein lovtekst.