Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 9.3.1–9.3.8, side 324

9.3.1

Tilførsel av gass til luft er forureining etter forureiningslova § 6 nummer 1. Bakeriet har i utgangspunktet plikt til ikkje å forureine med mindre det er unntak frå denne plikta i samsvar med § 8, eller vedtak om løyve (konsesjon) etter § 11. Unntaket i § 8 siste ledd gjeld forureining som ikkje fører til nemneverdige skadar for miljøet. Bagatellmessig forureining krev derfor ikkje konsesjon. Sidan det er opplyst at bakeriet vil dufte i fleire hundre meters omkrins, er ikkje dette ein bagatell. Bakeridrifta må derfor ha løyve etter § 11.

9.3.2

Forureiningslova gjeld stadbunden verksemd og ikkje forureininga som skjer frå kvart einskilde transportmiddel på vegane.

§ 5. (forurensning fra transport) (Utdrag)

For forurensning fra det enkelte transportmiddel, gjelder det som er fastsatt i eller i medhold av produktkontrolloven, vegtrafikkloven, skipssikkerhetsloven, havneloven, luftfartsloven og jernbaneloven i stedet for bestemmelsene i denne loven.

Mustafa treng ikkje konsesjon for utsleppa som lastebilane påfører miljøet medan dei er på vegane. Plassen som bedrifta held til på (garasje, verkstad osv.), kan likevel forureine som nemnt i § 6. I så fall er det krav om konsesjon for den stadbundne verksemda.

9.3.3

Vanleg forureining frå bustader, som til dømes peisfyring, er tillate, jf. § 8 første ledd nummer 2. Kommunen kan ikkje med heimel i forureiningslova forby innbyggjarane å fyre i peisen.

Lova gjeld ikkje forureining frå vegar, jf. § 5. Kommunen eller andre forureiningsstyresmakter kan derfor ikkje gjere vedtak med heimel i forureiningslova som avgrensar bilbruken for folk. Å forby køyring utover 1 000 km i månaden kan moglegvis ha heimel i anna lovgiving, til dømes i samband med nødvendig rasjonering av drivstoff.

9.3.4

Vanleg forureining frå jordbruket er tillate i samsvar med § 8 første ledd nummer 1. Både lukt og skrik er forureining etter § 6 første ledd punkt 1 og 2. Spørsmålet blir kva vi skal leggje i ordet vanleg. Ei drift med 2 000 griser er truleg så uvanleg og spesielt at det krev konsesjon etter § 11.

9.3.5

Læraren har løysingsforslag.

9.3.6

Læraren har løysingsforslag.

9.3.7

Læraren har løysingsforslag.

9.3.8

Læraren har løysingsforslag.