Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 315

  1. Kva meiner vi med forureining?

    Kva som er meint med forureining etter forureiningslova, går fram av § 6:

    1. tilførsel av fast stoff, væske eller gass til luft, vann eller i grunnen,
    2. støy og rystelser,
    3. lys og annen stråling i den utstrekning forurensningsmyndigheten bestemmer,
    4. påvirkning av temperaturen som er eller kan være til skade eller ulempe for miljøet.

      Som forurensning regnes også noe som kan føre til at tidligere forurensning blir til økt skade eller ulempe, eller som sammen med miljøpåvirkning som nevnt i nummer 1 til 4, er eller kan bli til skade eller ulempe for miljøet.
  2. Kva meiner vi med forsøpling?

    Lova skil mellom forureining og forsøpling. Å setje frå seg eit bilvrak er forsøpling, jf. §§ 27 og 28. Ei anna sak er at forureining kan skje ved å forsøple, til dømes ved å senke ein gammal båt som etter kvart kan føre til utslepp av olje.

  3. I kva grad krevst det krav løyve til å forureine?

    Noko verksemd er unnateke på grunn av det avgrensa verkeområdet til lova, jf. §§ 3 til 5. For forureiningar frå transport gjeld eigne lover. Forureiningslova gjeld derfor stadleg verksemd.

    En del vanleg forureinande verksemd er i samsvar med § 8 unnateke frå forbodet. Det gjeld til dømes vanleg forureining frå jordbruket, bustader, kontorbygg, skular osv. og mellombels anleggsverksemd. Slike verksemder treng ikkje søkje om utsleppsløyve så lenge det dreier seg om vanleg forureining.

    Den som vil drive forureinande verksemd som ikkje er spesielt unnateken frå lova, må søkje forureiningsstyresmaktene om løyve, sjå § 11. Løyve kan gjevast, som regel på bestemte vilkår.

  4. Kva vilkår gjeld for å få erstatningsansvar for forureining?

    Ei forureinande handling kan utløyse erstatningsansvar etter vanlege reglar om erstatning i skadeserstatningslova. Hovudregelen er at forureinaren må ha utvist aktløyse eller forsett.

    Forureiningslova § 55 gjev grunnlag for objektivt ansvar for skadevaldaren. Ansvaret gjeld for den som eig «fast eiendom, gjenstand, anlegg eller virksomhet som volder forurensningsskade». Ansvaret gjeld «uten hensyn til egen skyld». Det er derfor ikkje nødvendig å bevise aktløyse eller forsett.

  5. Kva vilkår gjeld for å få straff for forureining?

    Den som «har, gjør eller setter i verk noe som kan forurense» i strid med lova, kan straffast etter forureiningslova § 78. Ulovleg handtering av avfall blir straffa etter § 79. Skuldkravet er forsett eller aktløyse. Strafferamma for brot på forureiningslova er fengsel inntil 1 år. Forsøk blir derfor ikkje straffa, sjå straffelova § 16. Elles gjeld dei alminnelege vilkåra om at det ikkje finst straffridomsgrunn, og at gjerningsmannen har skuldevne.

    I grove tilfelle blir straffelova § 240 som bestemmer straff for alvorleg miljøkriminalitet, brukt. Dei grovaste tilfella av forureining har ei strafferamme opp til 15 år, sjå § 240 første ledd bokstav a.