Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 322

  1. Kva meiner naturmangfaldlova med hausting av viltlevande dyr?

    Hausting etter naturmangfaldlova § 3 bokstav g vil blant anna seie jakt, fangst og fiske.

  2. Kva meiner naturmangfaldlova med anna uttak av viltlevande dyr?

    Anna uttak (enn hausting) er blant anna felling av vilt med anna føremål enn å hauste av naturen, til dømes når det blir gjeve løyve til felling av ulv.

  3. Kva er forbode etter naturmangfaldlova § 15?

    Hausting og anna uttak av vilt er forbode med mindre det er tillate i samsvar med vedtak med heimel i lov. For planter og sopp er regelen den motsette. Hausting og anna uttak av planter og sopp er tillate med mindre det dreier seg om artar som er truga av utrydding, eller at uttaket er avgrensa ved lov eller vedtak med heimel i lov.

  4. I kva grad kan uttak av vilt tillatast etter naturmangfaldlova § 18?

    Styresmaktene kan gjere vedtak om uttak av vilt, blant anna for å avverje skade på avling, husdyr eller «andre offentlige interesser av vesentlig betydning», jf. § 18 første ledd bokstavane b og c. Uttak er berre lovleg dersom overlevingsevna til bestanden ikkje er truga, jf. § 18 andre ledd. Ved vurderinga skal det leggjast vekt på bestandsmål vedtekne av Stortinget. På denne måten har Stortinget kontroll med kva forvaltninga gjer i ulvepolitikken.

  5. I kva grad kan vilt avlivast i naudverje etter naturmangfaldlova § 17?

    Smågnagarar, til dømes rotter og mus, og krypdyr kan avlivast under føresetnad av at dei er ein fare for skade på person eller eigedom, jf. § 17 første ledd. Rotter og mus i eller i nærleiken av eit hus utgjer ein fare for personar si helse og for skade på huset. Dersom slike dyr er langt vekke frå hus, vil avliving vere forbode.

    Vilt kan òg avlivast etter § 17 andre ledd første punktum. Det føreset at avlivinga er «påkrevd for å fjerne en aktuell og betydelig fare for skade på person». Ein angripande isbjørn kan avlivast på dette grunnlaget. Ei anna sak er at gjerningspersonen i nokre tilfelle kan straffast for å ha sett seg i ein slik situasjon at viltet måtte drepast. Dette er særleg aktuelt der isbjørn ferdast.

    Vilt kan òg avlivast når det er «påkrevd på grunn av et pågående eller umiddelbart forestående angrep på bufe, tamrein, gris, hund og fjørfe». Denne avlivingsretten gjeld berre for eigaren eller ein som opptrer på hans vegner, sjå § 17 andre ledd andre punktum.

  6. Kva er meint med områdevern?

    Styresmaktene kan verne naturen ved å opprette verneområde etter reglane i naturmangfaldlova kapittel V. Dei kan blant anna opprette

    • nasjonalparkar (§ 35)
    • landskapsvernområde (§ 36)
    • naturreservat (§ 37)

    Vedtak om vern vil vere einskildvedtak overfor grunneigarar, slik at reglane om saksbehandling i forvaltningslova blir aktiviserte, til dømes reglane om varsling, tilstrekkeleg utgreiing og dokumentinnsyn, og reglane om klage.

  7. I kva grad er brot på føresegner i naturmangfaldlova strafflagd?

    Den som forsettleg eller aktlaust bryt føresegner i lova, blir straffa med heimel i § 75 første ledd. Straff rammar derfor den som bryt §§ 15 til 18, til dømes ved krypskyting av vilt eller overskriding av vilkåra for naudverje etter § 17.

    Det vil òg vere straffbart å opptre i strid med føresegnene om områdevern, til dømes ved motorisert ferdsel utan løyve i ein nasjonalpark.