Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 324

  1. Kva er alvorleg miljøkriminalitet etter straffelova § 240(1)?

    Straffelova § 240 første ledd fastset straff for alvorleg forureinings- og forsøplingskriminalitet. Føresegna blir brukt når handlingane er så grove at forureiningslova ikkje strekkjer til.

  2. Kva skil straffelova § 240(1) frå forureiningslova § 78?

    Skuldkravet er noko forskjellig i dei to føresegnene.

    Gjerningsskildringa i straffelova § 240 første ledd er å forureine slik at livsmiljøet blir betydeleg skadd eller truga av slik skade. Gjerningsskildringa i forureiningslova § 78 er å forureine i strid med lova. Det blir ikkje stilt krav om betydeleg skade. Forskjellen gjeld forsøpling òg.

    Det skjerpa skuldkravet og kravet om betydeleg skade, eller trugsel om betydeleg skade, får konsekvensar for strafferamma. Brot på straffelova § 240 første ledd kan gje fengsel i heile 15 år. Brot på forureiningslova § 78 har ei strafferamme på eitt år, som kan aukast til 3 år ved stor skade eller ulempe og skjerpande omstende.

  3. Kva er alvorleg miljøkriminalitet etter straffelova § 240(2)?

    Straffelova § 240 andre ledd fastset straff for alvorleg kriminalitet mot naturmangfaldet. Føresegna blir brukt når handlingane er så grove at naturmangfaldlova ikkje strekkjer til.

  4. Kva skil straffelova § 240(2) frå naturmangfaldlova § 75?

    Skuldkravet er noko forskjellig i dei to føresegnene.

    Gjerningsskildringa i straffelova § 240 andre ledd er blant anna å «minske en naturlig bestand av fredede organismer som er truet av utryddelse», nasjonalt eller internasjonalt, eller betydeleg skade på eit verna område. Gjerningsskildringa i naturmangfaldlova er uttak (avliving) av vilt utan heimel eller ulovlege tiltak i verna område. Det blir ikkje stilt krav om freding eller trugsel om utrydding av bestand eller betydeleg skade på verna område.

  5. Kva er skuldkravet for å bli straffa for brot på straffelova § 240?

    Forureiningslova og naturmangfaldlova krev forsett eller aktløyse, medan straffelova § 240 krev forsett og grov aktløyse. Straffelova kan altså ikkje brukast ved alminneleg aktløyse.

    Forsett som vilkår for straff etter straffelova § 240 må dekkje heile gjerningsskildringa (dekningsprinsippet). Ved forureining må gjerningspersonen ha som føremål, eller sjå det som mest sannsynleg, at livsmiljøet i eit område får betydeleg skade eller blir truga av slik skade. Den som ikkje forstår at han eller ho påfører slik skade, kan ikkje straffast etter § 240. Påtalemakta må då falle tilbake til forureiningslova § 78.

    Ved brot på § 240 andre ledd må forsettet dekkje det å minske ein naturleg bestand av freda organismar som er truga av utrydding. Ein gjerningsperson som ikkje var klar over at bestanden var freda og truga av utrydding, kan likevel straffast. Ein person som var uvitande om slike forhold, er truleg rettsuvitande, det vil seie uvitande om rettsreglar (lov eller forskrifter) som bestemmer freding. Vedkomande kan straffast dersom det var aktlaust å ikkje kjenne til reglane.

  6. Kva andre vilkår gjeld for straff etter § 240?

    Andre straffevilkår gjeld skuldevne og fråvær av straffridomsgrunn. Avliving av ulv eller bjørn kan latast vere straffri dersom det blir gjort i naudrett etter straffelova § 17, til dømes når gjerningspersonen er utsett for eit livsfarleg angrep og ikkje kan redde seg på annan måte.