Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 8.2.1–8.2.2, side 303

8.2.1

Eg drøftar først spørsmålet med utgangspunkt i personvernforordninga.

Biletet er ei personopplysning, jf. forordninga artikkel 4 nummer 1. Det følgjer vidare av artikkel 4 nummer 2 at «spredning eller andre former for tilgjengeliggjøring» blir rekna som «behandling». Ola har derfor behandla ei personopplysning ved å leggje biletet ut på Snapchat. Ingen av lovgrunnlaga i artikkel 6 nummer 1 bokstavane b–f er aktuelle. Utgangspunktet er derfor at biletet krev samtykke frå Kari, jf. Artikkel 6 nummer 1 bokstav a.

Å leggje ut bilete kan likevel vere lovleg etter åndsverklova § 104.

Det følgjer av personopplysningslova § 2 første ledd andre punktum at personvernforordninga ikkje gjeld når anna er bestemt i eller med heimel i lov. Åndsverklova § 104 er derfor ei føresegn som på verkeområdet sitt trer inn i staden for føresegnene i personvernforordninga.

Hovudregelen i åndsverklova § 104 er at eit bilete som viser ein person, ikkje kan gjevast att eller visast offentleg utan samtykke frå den som er avbilda. Unntak frå denne hovudregelen kan gjerast når biletet har aktuell eller ålmenn interesse, når den som er avbilda, er mindre viktig enn hovudinnhaldet i biletet, eller dersom biletet gjev att forsamlingar, folketog i friluft eller andre hendingar av ålmenn interesse. Unntaka kan grunngjevast med forholdet til ytringsfridomen, men ingen av dei gjeld i dette tilfellet. Det er samtykkeregelen som gjeld.

Kari har ikkje gjeve samtykke til at biletet kan gjerast offentleg tilgjengeleg på nettet. Vi kan derfor konkludere med at Ola har brote åndsverklova § 104.

Lovbrotet kan føre til straff etter åndsverklova § 79 og erstatning etter § 81. Eg går ikkje nærare inn på desse føresegnene.

Det kan spørjast om Ola kan straffast for brot på straffelova § 267 a. Føresegna gjer det straffbart å dele bilete av krenkjande eller openbert privat karakter. Føresegna rettar seg mot seksuelt krenkjande bilete. Eg synest ikkje faktaa i oppgåva gjev tilstrekkeleg grunnlag for straff etter denne føresegna. Det er ikkje haldepunkt for at biletet var seksuelt krenkjande. Det var rett nok av privat karakter, men eg trur ikkje det held for straff.

8.2.2

Biletet er ei personopplysning, jf. personvernforordninga artikkel 4 nummer 1. Det følgjer vidare av artikkel 4 nummer 2 at «spredning eller andre former for tilgjengeliggjøring» er rekna som «behandling». Det er derfor behandling av personopplysningar å publisere biletet i ei avis. Ingen av lovgrunnlaga i artikkel 6 nummer 1 bokstavane b–f er aktuelle. Utgangspunktet er derfor at biletet krev samtykke frå dei som kan identifiserast på biletet, jf. Artikkel 6 nummer 1 bokstav a.

Å leggje ut bilete kan likevel vere lovleg etter åndsverklova § 104.

Det følgjer av personopplysningslova § 2 første ledd andre punktum at personvernforordninga ikkje gjeld når anna er bestemt i eller med heimel i lov. Åndsverklova § 104 er derfor ei føresegn som på verkeområdet sitt trer inn i staden for føresegnene i personvernforordninga.

Hovudregelen i åndsverklova § 104 er at eit bilete som viser ein person, ikkje kan gjevast att eller visast offentleg utan samtykke frå den som er avbilda. Unntak frå denne hovudregelen kan gjerast når biletet har aktuell eller ålmenn interesse, når den som er avbilda, er mindre viktig enn hovudinnhaldet i biletet, eller dersom biletet gjev att forsamlingar, folketog i friluft eller andre hendingar av ålmenn interesse. Unntaka kan grunngjevast med forholdet til ytringsfridomen. Biletet som viser publikum på ein fotballkamp, kan kome inn under alle dei tre unntaka som er nemnde ovanfor.

Biletet viser ingen i kompromitterande situasjonar, noko som kunne ført til at det ikkje kunne vorte publisert utan anonymisering.

Det er etter dette klart at biletet kan publiserast lovleg i ei avis.