Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 8.1.1–8.1.4, side 289

8.1.1

Oppgåva skal løysast på grunnlag av reglane i personopplysningslova der personvernforordninga er eit vedlegg og derfor norsk lov.

Kameraovervaking er «behandling» av «personopplysninger». Desse omgrepa er nærare definerte i personvernforordninga artikkel 4 nummer 2 og 1. Det går fram av artikkel 4 nummer 2 at «behandling» blant anna omfattar innsamling, registrering og lagring av personopplysningar. Det er nettopp det som blir gjort med kameraovervaking.

Spørsmålet er om kameraovervakinga er lovleg utan samtykke. Det spørsmålet må løysast i samsvar med artikkel 6 i forordninga. Overvakinga må derfor tilfredsstille eit av vilkåra i artikkel 6 nummer 1 bokstavane b–f. Aktuelle grunnlag for lovlegheit kan finnast i bokstavane d, e og f.

Artikkel 6 nummer 1 bokstav d

Denne føresegna gjer behandling av personopplysningar lovleg utan samtykke dersom ho er nødvendig for å verne den registrerte eller andre sine vitale interesser. «Nødvendig» betyr at behandlinga verkar føremålstenleg utan å vere unødvendig inngripande. «Vitale interesser» kan derimot tyde på at tiltaket skal verne liv og beskytte mot død. Mobbing kan vere svært helseskadeleg, men det kan argumenterast med at denne føresegna ikkje er den mest passande. Ho kan truleg likevel brukast som heimel. I læreboka er dette lovgrunnlaget kommentert slik:

Med vitale interesser siktar ein til interesser som er knytte til liv, død og alvorleg helsefare. Dette behandlingsgrunnlaget er særleg aktuelt i helse- og omsorgssektoren. Det kan til dømes grunngje at eit sjukehus behandlar opplysningar om at ein pasient er suicidal (sjølvmordskandidat) eller valdeleg. Opplysningar om at ein pasient kan vere valdeleg, er blant anna nødvendig for å verne helsepersonellet. Det er altså ikkje berre den registrerte sine vitale interesser, men også interessene til andre, som til dømes nærståande og helsepersonell, som kan gje behandlingsgrunnlag. Utveksling av informasjon om at ein person er eller har vore smitta av koronaviruset, kan vere eit døme på nødvendig informasjonsutveksling for å hindre at smitten spreier seg.

Artikkel 6 nummer 1 bokstav e

Denne føresegna gjev lovgrunnlag for å behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller utøve pålagd offentleg myndigheit. Ein offentleg skule skal gje fullgod undervisning i vid forstand, inkludert å sørgje for eit trygt skulemiljø. I den samanhengen kan kameraovervaking av visse område på ein skule vere nødvendig.

Artikkel 6 nummer 1 bokstav f

Denne føresegna gjev lovgrunnlag for ei interesseavveging mellom føremålet med kameraovervakinga og behovet for personvern for dei overvaka. Mobbing på ein skule kan føre til alvorleg helseskade for dei som blir ramma, og personverninteressene er ikkje spesielt framtredande når det berre dreier seg om overvaking av skulegard og fellesområde innandørs. Eg konkluderer med at overvakinga er lovleg på dette grunnlaget.

8.1.2

Registrering av dysleksiproblem er «behandling» av «personopplysninger», jf. personvernforordninga artikkel 4 nummer 1 og 2. Lovlegheit utan samtykke må derfor vurderast mot artikkel 6 nummer 1 bokstavane b–f. Grunnlaga i bokstavane d, e og f er dei mest aktuelle.

Grunnlaget i bokstav e verkar særleg aktuelt. Skulen utfører ei oppgåve i ålmenta si interesse. Alle elevar har krav på tilpassa undervisning, og for å kunne utføre denne oppgåva må skulen kunne registrere elevar med lærevanskar, inkludert elevar med dysleksi.

Bokstav d (vern av vitale interesser) er ikkje uaktuell som lovgrunnlag, men passar ikkje så godt, idet «vitale interesser» siktar til liv, død og alvorleg helsefare.

Bokstav f (interesseavveging) kan òg passe som lovgrunnlag.

8.1.3

Personvern

Problemstillinga blir først drøfta med utgangspunkt i personvernforordninga som er gjord til norsk lov gjennom personopplysningslova av 2018.

Å påleggje tilsette på ein arbeidsplass å la den mentale helsa si bli undersøkt hos psykiater er i utgangspunktet ikkje «behandling av personopplysninger» frå skulen si side, jf. personvernforordninga artikkel 4 nummer 1 og 2.

Faktum e i oppgåva er kort og ufullstendig. Dersom dette skal bli noko å drøfte i samband med personvern, må vi gå ut frå at resultat frå dei psykiatriske undersøkingane blir innsamla, registrerte og strukturerte for å bli brukte på ein eller annan måte i personalbehandlinga, og i så fall vil personvernforordninga gjelde for skulen.

Dersom behandling av slike personopplysningar skal vere lovleg, må eitt av vilkåra i artikkel 6 tilfredsstillast. Forordninga artikkel 6 nummer 1 bokstavane e og f peiker seg ut som aktuelt lovgrunnlag.

Bokstav e

Dette vilkåret føreset at behandlinga er «nødvendig» for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse. Ein offentleg skule utøver rett nok oppgåver i «allmennhetens interesse», men nødvendigheitsvilkåret er neppe tilfredsstilt. Det er ikkje nødvendig å behandle opplysningar om dei tilsette si mentale helse for å drive ein offentleg skule. Det er derfor ikkje tilstrekkeleg lovgrunnlag i bokstav e.

Bokstav f

Dette vilkåret føreset at behandlinga er nødvendig etter ei interesseavveging mellom behovet skulen har for kontroll med dei tilsette si helse, og den einskilde læraren sitt behov for personvern. Nødvendigheitsvilkåret er heller ikkje her tilfredsstilt. Bokstav f gjev ikkje lovgrunnlag.

Bokstav a – samtykke

Det er etter dette klart at behandlinga krev samtykke frå kvar einskild tilsett. Det ser ikkje ut til å vere gjeve. Det kan derfor konkluderast med at behandlinga av opplysningar er ulovleg.

Arbeidsmiljø

Arbeidsgjevaren har etter arbeidsmiljølova § 3-1 plikt til å sikre helsa til arbeidstakarane, blant anna med eit systematisk helsearbeid. Arbeidsgjevaren har plikt etter arbeidsmiljølova § 4-1 å sikre eit forsvarleg arbeidsmiljø, og det kan for somme verksemder innebere kontroll med den psykiske og fysiske helsa til dei tilsette. I den samanhengen har arbeidsmiljølova § 9-4 ei føresegn om medisinske undersøkingar av arbeidstakarar. Arbeidsgjevar kan berre krevje slike undersøkingar når det er bestemt ved lov eller forskrift, ved stillingar som inneber ein særleg risiko, eller når det er nødvendig for å verne liv og helse. Undersøking av pilotar si fysiske og psykiske helse kan vere eit døme. Det er klart at føresegna ikkje gjev heimel for slike undersøkingar av lærarar på ein skule.

8.1.4

Læraren har løysingsforslag.