Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 7.1–7.3, side 274

7.1

Fundamentet

Fundamentet for menneskerettar byggjer på verdiar, idear og tankar som er utvikla gjennom fleire tusen år. I nyare historisk tid har særleg idéstraumdrag frå opplysningstida hatt mykje å seie. Opplysningstida var frå slutten av 1600-talet og fram til den franske revolusjonen i 1789. Tenkinga i denne perioden var prega av eit kritisk oppgjer med religiøse dogme og institusjonar, og vitskap, fornuft, fridom, toleranse og framsteg vart nye ideal (sjå Store norske leksikon).

Søylene

Søylene viser dei ulike gruppene av menneskerettar som er tekne inn i Verdserklæringa om menneskerettar.

Søyle 1 omfattar dei personlege menneskerettane (artikkel 3–11), til dømes retten til eit liv i fridom og personleg tryggleik, utan slaveri, vilkårleg fengsling og tortur.

Søyle 2 omfattar rettar mellom menneske (artikkel 12–17), til dømes retten til privatliv, eigedomsrett og retten til å gifte seg utan tvang.

Søyle 3 omfattar politiske rettar (artikkel 18–21), til dømes trusfridom, ytringsfridom og rett til å delta i styret av landet.

Søyle 4 omfattar økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (artikkel 22–27), til dømes retten til sosial tryggleik, rett til arbeid, utdanning og deltaking i det kulturelle livet.

Taket

Taket skal verne lovene og dei internasjonale konvensjonane. Dette vernet blir gjeve gjennom nasjonale og internasjonale domstolar og andre organ. Den som til dømes meiner at staten har brote menneskerettar, kan ta saka si inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Haag. Ein slik domstol har vorte til for å verne menneskerettane til den einskilde.

7.2

Læraren har løysingsforslag.

7.3

Læraren har løysingsforslag.