Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 274

  1. Kvifor fekk vi Den europeiske menneskerettskonvensjonen i 1950, to år etter at FN vedtok Verdserklæringa om menneskerettar?

    Det var skuffande for dei europeiske landa at det ikkje lukkast FN å kome fram til ein bindande avtale om menneskerettar i 1948. I staden vedtok FN ei ikkje-bindande erklæring om menneskerettar. Etter å ha vore i sentrum for krigshendingane under andre verdskrigen ønskte dei europeiske landa inderleg å kome fram til forpliktande avtalar som kunne bidra til å hindre nye krigar og nye overgrep mot menneskeslekta. Dei vesteuropeiske landa ønskte derfor å lage sin eigen menneskerettskonvensjon. Resultatet vart Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) som vart vedteken i Roma av dei fleste europeiske landa 4. november 1950.

  2. I kva grad er dødsstraff i strid med menneskerettane?

    I Europa ønskte ein eit forbod mot dødsstraff, men les du EMK artikkel 2 nummer 1, blir du kanskje overraska over at dødsstraff ikkje er i strid med artikkelen dersom dødsstraffa er sagd ved dom av ein domstol etter at sikta er funnen skuldig i eit brotsverk som lova bestemmer dødsstraff for. Landa vart ikkje samde om å avskaffe dødsstraff. Det vart derfor oppretta tilleggsprotokollar, der dei landa som var samde, kunne signere. I tilleggsprotokoll nummer 13 vart all dødsstraff forboden, og no har alle landa i Europa utanom Belarus slutta seg til forbodet.

  3. I kva grad kan ytringsfridom etter EMK artikkel 10 avgrensast?

    Det følgjer av EMK artikkel 10(2) at ytringsfridomen kan avgrensast ved lov dersom det blir sett på som nødvendig i eit demokratisk samfunn «av hensyn til den nasjonale sikkerhet, territoriale integritet eller offentlige trygghet, for å forebygge uorden eller kriminalitet, for å beskytte helse eller moral, for å verne andres omdømme eller rettigheter, for å forebygge at fortrolige opplysninger blir røpet, eller for å bevare domstolenes autoritet og upartiskhet».

    Ytringsfridomen kan etter dette få nokså omfattande avgrensingar. Det finst derfor ei rekkje lovføresegner som avgrensar ytringsfridomen. Straffelova § 185 gjev til dømes vern mot hatefulle og rasistiske ytringar, og skadeserstatningslova § 3-6 a gjev erstatningsrettsleg vern mot ærekrenking. Åndsverklova § 104 gjev vern mot at bilete av personar blir brukte i ytringar utan samtykke. Straffelova § 267 a gjev vern mot deling av krenkjande bilete av openbert privat karakter. Personvernforordninga gjev vern mot ytringar som inneber bruk av personopplysningar som krev samtykke. Reglane i forvaltningslova om teieplikt er òg eit beskyttande regelverk. Vi nemner i tillegg reglane i arbeidsmiljølova om varsling av kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, sjå arbeidsmiljølova kapittel 2A.

  4. I kva grad kan tanke-, samvits- og religionsfridom avgrensast etter EMK artikkel 9?

    Grunnlova § 16 nemner berre religionsfridom. Det er vurdert at EMK artikkel 9 femnar vidare, og at han i tillegg beskyttar retten til ikkje å tru på Gud. Det viktigaste er retten til å gje uttrykk for overtydinga si. Føresegna er derfor nær knytt til ytringsfridomen.

    Retten til å gje uttrykk for overtydinga si kan berre avgrensast med tiltak som fyller vilkåra lov, nødvendig og forholdsmessig, jf. EMK artikkel 9 nummer 2. Føresegna listar opp mange av dei same vilkåra som kan avgrense ytringsfridomen etter EMK artikkel 10.

    Ei problemstilling som av og til blir diskutert, er om obligatorisk undervisning i KRLE-faget i barne- og ungdomsskulen er i strid med EMK artikkel 9. Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) slo fast at det dåverande KRL-faget i norsk grunnskule var i strid med EMK artikkel 9. Då faget vart endra til KRLE (bokstaven E står for etikk osv.), gjekk ein ut frå at faget ikkje lenger var i strid med menneskerettane, men det er framleis strid om dette i den norske samfunnsdebatten.

    Det er usemje om eit forbod mot å bere religiøse symbol, anten det er smykke eller påkleding, er i strid med EMK artikkel 9. Mest aktuelt er forbod mot hijab eller heilt eller delvis ansiktsdekkjande plagg. Noreg har i opplæringslova § 9-7 forbod mot ansiktstildekkjande hovudplagg i undervisninga. Det har støtte i praksis frå EMD at slike forbod ikkje krenkjer menneskerettane.

    Eit anna spørsmål er om det er i strid med EMK artikkel 9 å ha statskyrkje. Mange land har ei slik ordning. Statskyrkje er ikkje rekna for å vere i strid med menneskerettane dersom andre livssyn får likeverdige økonomiske kår. Derfor er det bestemt i Grunnlova § 16 at «alle tros- eller livssynssamfunn skal understøttes på samme linje».

  5. I kva grad kan retten til fridom og tryggleik avgrensast etter EMK artikkel 5?

    Fengsling, som er eit alvorleg inngrep i retten til fri rørsle, må fylle vilkåra lov, nødvendig og forholdsmessig. Ein gjerningsperson kan pågripast og eventuelt fengslast dersom vedkomande er mistenkt for eit alvorleg lovbrot, jf. EMK artikkel 5 nummer 1 bokstav c. Nærare reglar om pågriping og fengsling følgjer av straffeprosesslova.

    Ei lov som gjev grunnlag for fengsling, vil vere i strid med menneskerettane dersom straffa for lovbrotet er unødvendig og uforholdsmessig. Fengselsstraff for å ha politiske tankar og meiningar er derfor i strid med artikkel 5.

  6. Kva krav stiller EMK artikkel 6 for at ein rettargang er rettferdig?

    Rettferdig rettargang byggjer på nokre viktige prinsipp, som er skrivne inn i artikkel 6.

    Alle har rett til å få saka si behandla og avgjort ved ein uavhengig og upartisk domstol. Ingen kan fortelje dommaren korleis han eller ho skal dømme i den einskilde saka, og dommarane må ikkje ha personlege interesser i at saka får eit bestemt utfall.

    Domstolen skal vere oppretta i samsvar med ei lov. I Noreg er domstolane oppretta i samsvar med domstollova av 1915. Mellombelse og raskt samansette domstolar utan grunnlag i lov fyller ikkje kravet til rettferdig rettargang.

    Rettargangen skal som hovudregel vere offentleg, slik at alle kan kontrollere at behandlinga går riktig for seg.

    I straffesaker skal den som er sikta eller tiltalt, reknast som uskuldig inntil det motsette er bevist, sjå EMK artikkel 6 nummer 2. Tiltalte skal frikjennast dersom bevisa ikkje viser skuld utover all tvil.