Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 259

  1. Kva tyder ordet demokrati?

    Ordet demokrati stammar frå det greske ordet dêmokratia, som tyder «folkeleg styre». Demos tyder folk, kratos tyder styre. «Demokrati» vart først brukt som nemning på styringsforma i bystatar i Hellas meir enn 400 år før vår tidsrekning.

  2. Kva meiner vi med representativt demokrati?

    Folkestyre kan i prinsippet gjennomførast ved at alle vaksne innbyggjarar i eit samfunn møtest for å ta avgjerder (direkte demokrati), men i samfunn av ein viss storleik er dette upraktisk. Løysinga er eit representativt demokrati der folkeforsamlinga består av utvalde representantar.

  3. Kva for andre styringsformer enn demokrati kan eit land ha?

    Demokrati skil seg frå diktatoriske styreformer som einevelde (éin person styrer) og oligarki (ei lita gruppe styrer). Demokrati som styreform kan finnast på mange nivå og område i samfunnet, ikkje berre på landsnivå. Ein kan òg ha demokrati i idretten, i ei bedrift, på skular og i ein familie.

  4. Kva meiner vi med eit lovsamfunn?

    Allereie på 800–900-talet kom frie menn i Noreg saman på «tinget» og bestemte felles reglar for korleis livet skulle organiserast og levast i eit lovsamfunn, det vil seie eit nærare avgrensa geografisk område. Lovene vart først vedtekne på allting der alle frie menn møtte. Seinare vart alltinget til lagting; det vil seie at spesielt oppnemnde menn (nemndmenn) møtte på tinget. Lagtinga var eit stort framsteg. Her ble frøa til eit effektivt representativt demokrati i Noreg sådd. Vi fekk lagdøme som Gulating, Frostating, Borgarting og Eidsivating. Gulatinget var det eldste lovsamfunnet i Noreg. Det hadde lovgjevingsmakt og domsmynde i fylka på Vestlandet. Gulatingslova vart vedteken på Gulatinget i Eivindvik i Gulen kommune i Vestland fylke (tidlegare Hordaland og Sogn og Fjordane).

  5. Kva for reglar i Grunnlova viser folkestyret si stilling i Noreg?

    Grunnlova § 12 er ein sentral regel som viser stillinga demokratiet har i Noreg. Når det står at Kongen sjølv vel eit råd av røysteføre norske borgarar, er det meint at kongen er forplikta til å velje dei borgarane som Stortinget har bestemt.

    Grunnlova § 15 er ein annan sentral regel som viser Stortingets makt og dermed stillinga til demokratiet. Medlemer av statsrådet som ikkje lenger har tillit i Stortinget, er forplikta til å søkje avskil, og Kongen er forplikta til å innvilge slike søknader. Makta ligg altså i Stortinget.