Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 237

  1. Kva meiner vi med varslingsplikta etter § 16?

    Eit forvaltningsorgan skal normalt varsle partane før det blir gjort einskildvedtak.

    Det gjeld unntak frå hovudregelen. Partar som har sendt søknad, er allereie informerte og treng ikkje å bli varsla. Varsling kan òg unnlatast dersom det ikkje er praktisk mogleg eller kan føre til fare for at vedtaket ikkje kan gjennomførast, jf. § 16 tredje ledd.

  2. Kva er grunngjevinga for varslingsplikta etter § 16?

    Varselet gjev partane moglegheit til å ta til motmæle, engasjere advokat eller skaffe deg annan assistanse for å vareta interessene sine. Regelen er eit utslag av det kontradiktoriske prinsippet om at alle skal få høve til å uttale seg i saker som vedkjem rettane og pliktene deira. Eit varsel speler på mange måtar den same rolla i ei forvaltningssak som stemninga i sivile rettssaker.

    Eit førehandsvarsel kan òg bidra til at saka blir best mogleg opplyst, ved at varsla partar blir motiverte til å bringe nye og relevante opplysningar inn i saka.

  3. Kva meiner vi med utgreiingsplikta etter § 17?

    Forvaltningsorganet har plikt til å sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg. Saksbehandlaren har plikt til å skaffe seg eit tilstrekkeleg og riktig grunnlag for vedtaket. Jo større og meir komplisert ei sak er, desto større krav blir stilte til grunnlaget. Eit einskildvedtak som byggjer på eit uriktig eller ufullstendig grunnlag, kan bli kjent ugyldig.

  4. Kven har innsynsrett etter § 18?

    Det er berre partane i saka som har innsynsrett etter § 18. Kven som er part, følgjer av § 2 første ledd bokstav e. Part er ikkje berre den som saka rettar seg mot. Også andre som saka direkte vedkjem, kan få status som part.

  5. Kva unntak gjeld for innsynsretten etter § 18?

    Det følgjer av § 18 a at innsynsretten for ein part ikkje gjeld «organinterne dokumenter». Dette er berre eit utgangspunkt. Det følgjer av § 18 c at innsynsretten gjeld faktiske opplysningar i organinterne dokument. Dersom det til dømes står i eit organinternt dokument at «læraren tok strupetak på eleven», er dette noko som partane har krav på innsyn i. Vurderingar av kva konsekvensar strupetaket bør få, er unnatekne innsynsrett dersom dei står i eit organinternt dokument.

    Det følgjer av § 18 d at det er utvida innsynsrett i ein del kommunale dokument, som om dei i prinsippet er organinterne dokument. Regelen er grunngjeven med behovet for innsyn i demokratiske, politiske prosessar.

  6. Kva unntak gjeld for innsynsretten etter § 19?

    Forvaltningslova § 19 inneheld fleire reglar som avgrensar innsynsretten. Føresegna gjev forvaltninga stor skjønsmessig fridom til å nekte innsyn. Med mindre det er svært viktig for ein part, kan forvaltninga nekte innsyn i «forhold som av særlige grunner ikke bør meddeles videre», jf. § 19 andre ledd bokstav b.

  7. Kva avgrensingar i innsynsretten kan følgje av § 20?

    Forvaltningslova § 20 fortel oss at forvaltningsorganet sjølv bestemmer korleis dokument skal gjerast tilgjengelege for partane. Har ein part krav på å få kopi på papir eller elektronisk, eller skal han eller ho berre få sjå dokumentet? Hovudregelen er at du har krav på papirkopi eller elektronisk kopi, men spesielle omsyn kan tilseie at du berre får dokumentet til gjennomsyn på staden.

    Føresegna inneheld òg særreglar om innsyn i eksamenssvar, jf. § 20 første ledd tredje punktum.

  8. Kven har innsynsrett etter offentleglova § 3?

    Rettsgrunnlaget for innsyn for dei som ikkje er part i saka, er å finne i offentleglova av 2006. Journalistar, historikarar og andre som ønskjer innsyn i offentlege dokument, har etter § 3 i lova innsynsrett i offentlege saksdokument. Lova fastset: «Alle kan krevje innsyn i […]»

  9. Kva unntak gjeld for innsynsrett etter offentleglova?

    Offentleglova har omfattande unntak i kapittel 3. Unntaket gjeld for opplysningar som er underlagde teieplikt (§ 13), og organinterne dokument (§ 14). Unntaket i § 14 gjeld heile dokumentet. Her blir det ikkje gjeve nokon innsynsrett i faktiske opplysningar, slik ein part har etter forvaltningslova § 18.

    Det blir ikkje gjeve innsynsrett i eksamenssvar, sjølv om dette er eit eksternt dokument som kjem inn til forvaltningsorganet, sjå offentleglova § 26(1).