Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 6.3.1–6.3.3, side 226

6.3.1

Spørsmåla reiser spørsmål om teieplikta skulen har. Skulen har som forvaltningsorgan generell teieplikt etter § 13. Hovudregelen er at alle som utfører teneste eller arbeid for skulen, har plikt til å hindre at andre får tilgang eller kjennskap til det dei i tenesta eller arbeidet får vite blant anna om personlege forhold. Problemet blir derfor å avgjere kva som er personlege forhold når journalisten ber skulen om opplysningar.

  1. Paragraf 13 nemner allereie i andre ledd ein del forhold som ikkje blir rekna som personlege forhold. Blant desse finn vi «arbeidssted». Teieplikta omfattar derfor ikkje opplysningar om ein person jobbar i ei bestemt bedrift. Det er lite truleg at føresegna skal avgrensast til arbeidsstader der ein person berre har løna arbeid. Ei utvida tolking av omgrepet «arbeidssted» tilseier at opplysningar om ein person er elev ved skulen, ikkje er underlagde teieplikt. Skulen kan derfor opplyse journalisten om at Petter er elev ved skulen.

    Dersom opplysninga om at ein person er elev ved ein skule, røper eit klientforhold, skal det likevel reknast som personleg. Døme på slike tilfelle kan vere fengselsskular eller andre skular som røper at ein elev er under behandling for eit eller anna, til dømes psykiske problem. Vi går ut frå at opplysninga om at Petter går på Hamar katedralskole, ikkje er underlagd teieplikt.

  2. Bustad er i utgangspunktet ikkje eit personleg forhold som er underlagd teieplikt, jf. § 13 andre ledd. Men røper bustaden eit klientforhold, blir det som sagt rekna som eit personleg forhold. Bustaden til Petter er for tida Ilseng fengsel, og det røper sannsynlegvis eit klientforhold. Det skaper i alle fall mistanke om at Petter soner ei fengselsstraff. Skulen har derfor ikkje rett til å opplyse nokon om kva Petter for tida bur.

  3. Spørsmålet om nokon har eit alkoholproblem, er openbert ei personleg opplysning som er omfatta av teieplikta.

6.3.2

Mor til Katrine (17 år) krev å få innsyn i dottera sine karakterar på dei siste skuleprøvane.

Spørsmålet er om klassestyraren er bunden av teieplikt som offentleg tenestemann slik at desse opplysningane ikkje kan gjevast til andre. Hovudregelen om teieplikt følgjer av forvaltningslova § 13.

Klassestyraren (og faglæraren) er personar som utfører arbeid for skulen som forvaltningsorgan, og dei pliktar derfor å hindre at «andre» får kjennskap til nokon sine private forhold. Karakterar på skuleprøvar må reknast som private forhold. Klassestyraren har derfor teieplikt om desse opplysningane.

Etter § 13 a gjeld teieplikta ikkje for dei som opplysningane «direkte gjelder». For andre enn dei som opplysningane direkte gjeld, må den som har krav på teiing, samtykke i at opplysningane blir gjorde kjende. Spørsmålet blir no om opplysningane om prøvekarakterar gjeld foreldra «direkte».

Spørsmålet om innsyn for foreldra i skuleresultat må løysast i lys av reglane i barnelova om foreldreansvar. Etter barnelova § 30 heiter det i andre ledd:

Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.

Det kan derfor argumenterast med at sidan foreldre har ansvar for at barnet får utdanning etter evne og føresetnader, har dei behov for å kunne følgje med på korleis barnet gjer det på skulen. Det er derfor ikkje tvil om at foreldre har krav på innsyn i forhold som fråvær frå undervisninga og om orden og åtferd. Gjennom foreldreansvaret må far og mor kunne reknast blant dei som opplysningane gjeld direkte.

Spørsmålet om innsyn for foreldre i fagkarakterar for elevar som har fylt 15 år, er mykje meir problematisk enn innsynsretten til opplysningar om fråvær, orden og åtferd. Barnelova § 32 lyder slik:

§ 32 Utdanning, medlemskap i foreiningar.

Barn som er fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmål om val av utdanning og om å melde seg inn i eller ut av foreiningar.

Dette betyr at foreldreansvaret tek slutt i spørsmålet om val av utdanning når eit barn fyller 15 år. Dette blir tolka som at foreldreansvaret framleis gjeld når spørsmålet er val mellom utdanning og jobb, men når det gjeld kva slags utdanning, sluttar foreldreansvaret ved fylte 15 år. Dette kan brukast som argument for at opplysningar om fagkarakterar ikkje gjeld foreldra direkte. Når val av utdanning er opp til barnet, er karakterane òg opp til barnet.

Paragraf 32 er berre eit sterkt argument for at teieplikta om karakterar i fag gjeld overfor foreldra etter barnet er fylt 15 år, men det avgjer likevel ikkje saka. Det kan òg argumenterast med at karakterutviklinga i fag skaper eit viktig grunnlag for å avgjere om ein elev bør slutte på skulen og byrje å jobbe. Dette taler for at opplysningane gjeld for foreldra direkte.

Spørsmålet om fagkarakterar er omfatta av teieplikt når det gjeld foreldre for barn mellom 15 og 18 år, har ikkje vore oppe ved domstolane. Det er derfor umogleg å konkludere sikkert om kva som er gjeldande rett. Det tryggaste er nok å hevde at teieplikta ikkje gjeld overfor foreldra fram til ein elev er 18 år.

6.3.3

Læraren har løysingsforslag.