Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 6.1.1–6.1.3, side 216

6.1.1

Alle organ for stat eller kommune er rekna som forvaltningsorgan. Eit privat rettssubjekt kan òg reknast som forvaltningsorgan dersom det er gjeve fullmakt til å behandle saker der det blir treft einskildvedtak eller gjeve forskrift, sjå forvaltningslova § 1.

  1. Forvaltningsorgan
  2. Normalt ikkje forvaltningsorgan, men kan vere forvaltningsorgan dersom det etter lov eller anna rettsgrunnlag opptrer på vegner av staten. Eit døme er Kristelig Gymnasium som driv privat verksemd på vilkår som er fastsette i privatskulelova. Når ein slik skule set standpunktkarakterar, blir han rekna som eit forvaltningsorgan.
  3. Forvaltningsorgan. Elevrådet ved ein offentleg vidaregåande skule er eit eige, sjølvstendig og avgrensa organ som er oppretta i samsvar med opplæringslova. Sjølv om det truleg kan reknast som eit offentleg organ for staten (fylkeskommunen), er det ikkje sikkert at det får mykje å seie i praksis. Elevrådsmedlemene er ikkje tenestemenn og tek ikkje avgjerder i forvaltningssaker. Det kan likevel tenkjast situasjonar der til dømes reglane om inhabilitet kan bli brukte når eit medlem frå elevrådet deltek i møte med rektor eller andre tenestemenn.
  4. Ikkje forvaltningsorgan. Russestyret er eit styre i ein privat organisasjon.
  5. Forvaltningsorgan når det tek avgjerder om EU-godkjenning av bilar. I andre saker er det ikkje forvaltningsorgan.
  6. Ikkje forvaltningsorgan
  7. Forvaltningsorgan
  8. Ikkje forvaltningsorgan
  9. Forvaltningsorgan

6.1.2

Dei viktigaste vilkåra for at ei avgjerd skal vere eit einskildvedtak, er:

  • Avgjerda er teken under utøving av offentleg myndigheit.
  • Avgjerda er bestemmande for rett og plikt.
  • Avgjerda gjeld ein eller fleire bestemte personar.
  1. Einskildvedtak, eksamenskarakteren bestemmer rett for ein bestemt person.
  2. Einskildvedtak, utvisingsvedtaket bestemmer rett og plikt for ein bestemt person.
  3. Forskrift, gjeld ein ubestemt krins av elevar. Det er ei anna sak at rektor ikkje har heimel for å ta ei slik avgjerd.
  4. Ikkje vedtak. Administrativ avgjerd som ikkje bestemmer rett og plikt for personar.
  5. Einskildvedtak, bestemmer rett og plikt for ti bestemte personar.
  6. Einskildvedtak, bestemmer rett og plikt for ein bestemt (juridisk) person, Bykroa.
  7. Forskrift, forbodet gjeld ein ubestemt krins av personar.
  8. Einskildvedtak, bestemmer rett og plikt for ein bestemt person.
  9. Ikkje vedtak. Slike avgjerder blir ikkje rekna som bestemmande for elevane sine rettar og plikter. Dette er ei administrativ avgjerd.
  10. Ikkje vedtak. Forvaltningslova gjeld ikkje fordi russestyret ikkje er eit forvaltningsorgan.
  11. Einskildvedtak. Tilsetjingsvedtak bestemmer rett og plikt for den som blir tilsett, og for dei bestemte personane som ikkje fekk stillinga.
  12. Ikkje vedtak etter forvaltningslova. Domstolane er ikkje forvaltningsorgan, og avgjerdene deira følgjer andre reglar.
  13. Ikkje vedtak. Fastsetjing av einskildkarakterar, som ikkje er standpunktkarakterar eller eksamenskarakterar, er rekna som andre, administrative avgjerder. Slike karakterar er ikkje direkte bestemmande for eleven sin rett til standpunktkarakter. Dei utgjer ein del av grunnlaget for det einskildvedtaket som skal kome i form av ein standpunktkarakter.

6.1.3

Avgjerda er ikkje eit einskildvedtak. Avgjerda skjer ikkje under utøving av offentleg myndigheit. Ho er ikkje spesiell for offentleg sektor. Avgjerda kunne like gjerne vore teken av leiaren av ein privat skule eller ein annan privat organisasjon. Forvaltningslova gjeld fordi det dreier seg om verksemda i eit forvaltningsorgan. Derfor vil til dømes reglane om inhabilitet i forvaltningslova gjelde.