Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 6.5.1–6.5.5, side 246

6.5.1

Rettsspørsmåla som er reiste i denne oppgåva, blir drøfta og løyste med utgangspunkt i reglane i forvaltningslova av 1967 og offentleglova av 2006.

  1. Peder er part i saka om innlegging på psykiatrisk institusjon og har derfor innsynsrett etter forvaltningslova § 18. Brevet er eit inngåande dokument til helsestyresmaktene.

  2. Journalisten har i prinsippet innsynsrett etter offentleglova § 3, men det er unntak for opplysningar som er underlagde lovbestemt teieplikt, jf. offentleglova § 13.

    Brevet inneheld ei rekkje opplysningar om personlege forhold som journalisten ikkje kan få sjå.

  3. Det er ikkje sendt varsel, jf. forvaltningslova § 16.

    Saka ser òg ut til å vere ufullstendig utgreidd, jf. forvaltningslova § 17. Ein kan ikkje tvangsinnleggje personar på psykiatrisk sjukehus på så tynt grunnlag som dette. Nærare undersøkingar kunne ha avdekt at det ikkje var grunnlag for tvangsinnlegging. Saksbehandlingsfeila kan derfor ha verka inn på innhaldet i vedtaket, jf. forvaltningslova § 41. Vedtaket er derfor ugyldig.

6.5.2

Rettsspørsmåla som er reiste i denne oppgåva, blir drøfta og løyste med utgangspunkt i reglane i forvaltningslova av 1967 og offentleglova av 2006.

  1. Eva er part i saka og har innsynsrett etter forvaltningslova § 18.
    1. Utsegna frå politiet

      Dette dokumentet er ikkje eit internt dokument etter forvaltningslova § 18 andre ledd første punktum, sidan det er motteke frå eit anna forvaltningsorgan. Dokumentet er heller ikkje utarbeidd av eit underordna forvaltningsorgan som ledd i saksførebuinga, jf. forvaltningslova § 18 andre ledd bokstav a, fordi politiet ikkje er underordna kommunen. Spørsmålet er om politiet i denne saka er ein særleg rådgjevar eller sakkunnig. Det er politiet sannsynlegvis ikkje. Politiet tek berre stilling til visse politifaglege sider ved saka og gjev elles ingen råd. Vi går derfor ut frå at forvaltningslova § 18 andre ledd bokstav b heller ikkje kjem i bruk. Dermed må vi konstatere at Eva har innsynsrett i dette dokumentet.

    2. Klagen frå naboen

      Dette dokumentet er eit eksternt, inngåande saksdokument som Eva har full innsynsrett i etter forvaltningslova § 18 første ledd.

    3. Lista over tidlegare saker

      Liste over tidlegare saker – såkalla presedenskort – blir ikkje rekna som dokument i ei bestemt sak. Det er derfor ikkje grunnlag i forvaltningslova for innsyn i desse. Eva har likevel same innsynsretten som andre etter offentleglova. Det kjem eg tilbake til.


  2. Innsynsretten alle har
    1. Utsegna frå politiet

      Dette er eit saksdokument. Publikum har derfor innsynsrett i dette etter offentleglova § 3 med mindre nokre av unntaka i § 13 flg. kjem i bruk. Eg har kome til at dette dokumentet ikkje var eit internt dokument (§ 14) eller eit dokument utarbeidd av eit underordna organ, jf. § 15 første ledd. Publikum kan derfor få full innsynsrett i dokumentet.

    2. Klagen frå naboen

      Dette er òg eit saksdokument som publikum i utgangspunktet har rett til å sjå, jf. § 3. Dokumentet kan innehalde opplysningar som er underlagde teieplikt (§ 13), til dømes opplysningane om naboen sine psykiske lidingar og jamleg bruk av nervepiller. Desse opplysningane må fjernast frå dokumentet. Utanom dette har publikum innsynsrett.

    3. Presedenskort

      Presedenskortet er ikkje eit dokument i den bestemte saka. Det er ei nyutvikling av regelverket når offentleglova § 14 andre ledd bokstav d uttrykkeleg seier at unntaket for interne dokument ikkje gjeld slike presedenskort. Dette er dokument som er av stor interesse for alle som vil danne seg eit bilete av korleis forvaltningspraksis er på eit bestemt saksfelt. Publikum har derfor normalt full innsynsrett i presedenskorta.

6.5.3

Læraren har løysingsforslag.

6.5.4

Læraren har løysingsforslag.

6.5.5

Læraren har løysingsforslag.