Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 225

  1. Kva meiner vi med rettleiingsplikt?

    Eit forvaltningsorgan har alminneleg rettleiingsplikt etter § 11. Det skal hjelpe til med å finne aktuelle skjema og orientere om lover, forskrifter og praksis. Rettleiing vil ikkje seie at ein saksbehandlar skal drive juridisk rådgjeving.

  2. Kor lang tid kan eit forvaltningsorgan bruke på saksbehandlinga?

    Saka skal behandlast og avgjerast utan ugrunna opphald, jf. § 11 a. Uforholdsmessig lang tid skal varslast, og det skal gjevast mellombels svar innan ein månad dersom saka gjeld einskildvedtak.

  3. Kva har eit forvaltningsorgan teieplikt om?

    Alle som arbeider i offentleg teneste, har teieplikt om personlege forhold og om ein del andre forhold dei får kunnskap om gjennom arbeidet, jf. § 13. Det vil til dømes seie at ein saksbehandlar ikkje kan snakke om saker med ektefellen sin, barna sine, vener eller andre.

    Teieplikta gjeld blant anna «personlege forhold». Det er opplysningar som det er vanleg å halde for seg sjølv. Opplysningar om ein person har vore straffa eller mistenkt for brotsverk, om han har ein sjukdom, psykiske problem eller kva slags karakterar han får på skuleprøvar i eit skuleår, er døme på personlege opplysningar.

    Ein del opplysningar blir ikkje rekna som personlege forhold. Opplysningar som er ålment kjende, blir som regel ikkje ramma av teieplikta, til dømes at ein person på 70 år får alderstrygd, eller at du er elev ved ein bestemt vidaregåande skule. Opplysningar om fødestad, fødselsdato, personnummer og ein del andre forhold er ikkje omfatta av teieplikta etter § 13 andre ledd.

    Eit sentralt unntak følgjer av § 13 b første ledd nummer 1. Teieplikt er ikkje til hinder for at partane i ei sak får teiepliktige opplysningar.