Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 6.2.1–6.2.6, side 221

6.2.1

  1. Anne Vold er inhabil etter § 6 første ledd bokstav b.
  2. Anne Vold er inhabil etter § 6 andre ledd. Dersom sambuarforholdet er «ekteskapsliknende», vil det truleg vere «andre særegne forhold» som er eigna til å svekkje tilliten til at Anne tek upartiske avgjerder. Omsynet til likestilling tilseier òg at ekteskap og ekteskapsliknande forhold skal behandlast likt. Dersom sambuarforholdet ikkje er ekteskapsliknande, er det meir tvil om spørsmålet. Det avgjerande er om forholdet er eigna til å svekkje tillit, og at det er særeige, det vil seie noko meir enn ein kjennskap.
  3. Rektor er tenestemann etter § 10 og utfører arbeid for eit forvaltningsorgan når ho er på møte i fylkesskulestyret. Reglane om inhabilitet gjeld i utgangspunktet. Ho kan derimot ikkje bli ramma av § 6 første ledd bokstav e fordi skulen ikkje er part i saka, jf. § 2 bokstav e. Rektor er derfor ikkje inhabil til å delta i møtet når klagesaka blir behandla.
  4. Ikkje inhabil etter § 6 første ledd bokstav e. Rektor har leiande stilling i skulen, men § 6 første ledd bokstav e rammar likevel ikkje. Ein skule er verken «selskap» eller anna samanslutning som er nemnt i føresegna. Skulen er eigd av fylkeskommunen. Søknaden må sjåast på som eit internt forslag i fylkeskommunen om å oppruste Vika vidaregåande skule, og i den behandlinga er Anne Vold ikkje inhabil.

6.2.2

Læraren har løysingsforslag.

6.2.3

Forvaltningslova gjeld, og lektor Marte Ås er offentleg tenestemann, jf. §§ 1 og 10. Ho er derfor inhabil til både å leggje til rette grunnlaget for og ta avgjerd om standpunktkarakterar, sidan ho er i slekt i rett nedstigande linje med den som er part i saka, jf. forvaltningslova § 6 første ledd.

Å vere inhabil til å leggje til rette grunnlaget for å setje standpunktkarakterar betyr vel at ein lærar nesten ikkje kan gjere noko som helst utan å vere inhabil.

Dersom ho faktisk har gjeve sonen dårlegare karakter fordi han var sonen hennar, er det i tillegg snakk om usakleg forskjellsbehandling. Då følgjer det av ulovfeste reglar (rettspraksis) at vedtaket er ugyldig. Det gjev grunnlag for å klage på standpunktkarakteren, jf. § 28. Resultatet av ei klagebehandling kan bli at vedtaket blir kjent ugyldig, og i så fall vil saka bli send tilbake til skulen for ny behandling der rektor må sørgje for at det blir sett ny karakter.

Inhabilitet er rekna som ein ugyldigheitsgrunn som nesten alltid kan ha verka inn på innhaldet i avgjerda. Karakteren mora gav, kan neppe bli ståande på grunnlag av forvaltningslova § 41, som seier at eit vedtak likevel er gyldig dersom det er grunn til å rekne med at saksbehandlingsfeilen ikkje har verka bestemmande for innhaldet i vedtaket.

6.2.4

Ola Buvik var fiskeriminister og samtidig trålreiar då han gav sitt eige reiarlag fornya konsesjon til å drive trålfiske. Spørsmålet er om ministeren var inhabil etter § 6 første ledd bokstav e.

Fiskeriministeren var eigar og styreleiar i det selskapet som var part i saka. Det går fram av forvaltningslova § 6 første ledd bokstav e at ein tenestemann er inhabil dersom han eller ho er «medlem av styret» for eit selskap (sjå § 6(1) bokstav e, alternativ 2) som er part i saka. Utgangspunktet er derfor at ministeren er inhabil.

For å unngå ein diskusjon om inhabilitet sende ministeren saka til ekspedisjonssjef Marte Kirkerud, men ho er òg inhabil etter reglane om avleidd inhabilitet, jf. § 6 tredje ledd. Ho er ikkje inhabil til å leggje til rette grunnlaget for ei avgjerd, berre til å ta avgjerd. Ho kan til dømes samle inn fakta og gje ei innstilling, men ho kan ikkje avgjere saka. Problemet lèt seg løyse ved at ein annan statsråd blir setjeminister og gjer vedtak basert på det grunnlaget som Marte har greidd ut.

Då ei sak som den oppgåva skildrar, var eit aktuelt spørsmål i media, vart det vist til at avgjerda var kurant etter § 6 fjerde ledd, fordi praksis visstnok var at alle som hadde trålkonsesjon og søkte om fornying, skulle få det. Dersom det er slik at fornying blir gjeve automatisk etter nokre få objektive kriterium, kan ministeren likevel vere habil. Forvaltningslova § 6 første til tredje ledd blir sett ut av spel dersom avgjerda er «kurant». Det var delte meiningar om dette eigentleg var ei kurant avgjerd. I alle fall var det nokså brei semje om at det ikkje tok seg ut at fiskeriministeren avgjorde sin eigen søknad.

6.2.5

Læraren har løysingsforslag.

6.2.6

Læraren har løysingsforslag.