Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 6.3.4–6.3.7, side 237

6.3.4

Spørsmålet er om det er gjort saksbehandlingsfeil som kan gjere karaktervedtaket ugyldig. Feilen kan vere inhabilitet eller andre saksbehandlingsfeil ved einskildvedtak.

Vi går ut frå at skulen er eit organ for staten og fylket og derfor er eit forvaltningsorgan. Vi kan derfor konstatere at forvaltningslova gjeld, jf. § 1.

Inhabilitet

Det første spørsmålet er om fransklæraren Tore Arnesen er inhabil etter forvaltningslova § 6.

Tore Arnesen er offentleg tenestemann. Habilitetsføresegnene i forvaltningslova gjeld derfor han, jf. § 10.

Sambuarskap er ikkje ekteskap. Tore Arnesen er verken i slekt som far eller i svogerskap med Mette. Det ligg derfor ikkje føre inhabilitet etter § 6 første ledd. Vi må byggje drøftinga på § 6 andre ledd om særeigne forhold.

Når ein inhabilitetsgrunn ikkje er dekt av tilfella i § 6 første ledd, er det illojalt mot lovgjevaren å automatisk la forholdet kome inn under § 6 andre ledd. Fordi læraren ikkje er i slekt med Mette, kan vi ikkje utan vidare bruke § 6 andre ledd.

Dersom sambuarskapet er så varig og fast at det kan likestillast med ekteskap, er det ikkje grunn til å behandle sambuarskapet annleis enn ekteskap. Men læraren ville heller ikkje vore inhabil etter § 6 første ledd som gift med mor til Mette. I så fall ville han vore stefar, og det er ikkje ramma av § 6 første ledd bokstav b.

Eg går ut frå at det nære forholdet mellom elev og lærar gjennom eit skuleår, kombinert med at læraren er sambuaren til mora, utgjer eit særeige forhold som er eigna til å svekkje tilliten til at Arnesen tek upartiske avgjerder. Det er lett å tenkje seg at Arnesen anten er for streng for å vise at forholdet til Mette si mor ikkje får han til å forfordele Mette med gode karakterar, eller at han er for mild i vurderingane sine. Det avgjerande er at forholdet er eigna til å svekkje tillit. Eg har derfor kome til at Tore Arnesen er inhabil etter forvaltningslova § 6 andre ledd.

Mangelfull utgreiing

Neste spørsmål er om karaktervedtaket er ugyldig på grunn av mangelfull utgreiing, jf. forvaltningslova § 17. Føresegna gjeld under føresetnad av at det skal gjerast einskildvedtak, jf. § 2 bokstavane a og b.

Avgjerda om standpunktkarakter er einskildvedtak fordi ho er bestemmande for eleven sin rett til vitnemål og rettar som gjeld høgare utdanning, som eit vitnemål gjev.

Standpunktkarakterar som ikkje byggjer på dokumenterbare prestasjonar, blir i praksis ofte kjende ugyldige. Årsaka er nettopp at grunnlaget er for dårleg. I dette tilfellet er det berre synsing frå læraren og ingen skriftlege prøvar som ligg til grunn for vedtaket. Det er sannsynlegvis i strid med forvaltningslova § 17. Utgreiingsplikta er ikkje overhalden.

Merk at karaktervedtaket berre blir ugyldig dersom den mangelfulle utgreiinga kan ha verka inn på resultatet, jf. forvaltningslova § 41. Dersom skriftlege prøvar kunne ført til at Mette fekk vist kunnskapane sine og dermed oppnådd karakteren 2 eller betre, er vedtaket om å gje henne karakteren 1 ugyldig. Det er sannsynleg at mangelen på prøvar kan ha verka inn på standpunktkarakteren. Karakteren til Mette er derfor ugyldig.

Merk i tillegg at karakteren ikkje automatisk blir sett opp. Saka blir returnert frå klageorganet til skulen som skal sørgje for at det blir sett ny karakter etter tilstrekkeleg utgreiing. Eg går ikkje nærare inn på dette her.

6.3.5

Læraren har løysingsforslag.

6.3.6

Spørsmålet er om Ola har rett til å innsyn i Kari sitt prøvesvar. Det rettslege grunnlaget kan vere partsinnsyn etter forvaltningslova § 18 eller generell innsynsrett etter offentleglova.

Forvaltningslova § 18 flg.

Ola har etter denne føresegna «rett til å gjøre seg kjent med sakens dokumenter», med mindre ein unntaksregel kan brukast. Læraren har hevda at svaret til Kari ikkje er eit «dokument», sidan svaret er elektronisk lagra på ein PC. Omgrepet «dokument» er definert i forvaltningslova § 2 første ledd bokstav f. Det kjem tydeleg fram at dokument kan vere ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium. Det er derfor klart at svaret til Kari er eit «dokument» etter lova.

Rett til innsyn etter § 18 har berre den som er part i saka. Part er den som ei avgjerd rettar seg mot, eller som saka elles direkte gjeld, jf. § 2 første ledd bokstav e. Avgjerda om karakter på Kari sin prøve rettar seg mot Kari, ikkje Ola. Avgjerda gjeld heller ikkje Ola direkte. Ola er derfor ikkje part i saka til Kari. Han kan ikkje få innsyn i svaret til Kari.

Offentleglova

Neste spørsmål er om Ola kan få innsyn etter hovudregelen i offentleglova § 3.

Sjølv om hovudregelen i lova taler for innsyn, er det mange unntak. Det er unntak i § 13 for teiepliktige opplysningar og i § 14 for organinterne dokument. Ingen av desse unntaka hindrar at Ola kan få innsyn. Svaret til Kari inneheld ikkje (går eg ut frå) teiepliktige opplysningar, og dokumentet må reknast som eksternt, det vil seie eit dokument som er innlevert til forvaltningsorganet. Lova har likevel ei unntaksføresegn i § 26. Etter denne føresegna kan svar til eksamen eller «liknende prøve» unntakast frå innsyn. Ein heildagsprøve er truleg ein «liknende prøve». Regelen har gode grunnar for seg. Dei som avlegg eksamen eller liknande prøvar, bør kunne avlevere svar i fortruleg visse om at svaret ikkje blir gjort offentleg. Konklusjonen blir at Ola heller ikkje har innsynsrett i svaret til Kari på dette grunnlaget.

6.3.7

Læraren har løysingsforslag.