Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 5.5.1–5.5.3, side 186

5.5.1

Ansvarsgrunnlaget er bilansvarslova § 4. Alle dei skadelidde har krav på erstatning frå forsikringsselskapet der bilen er forsikra. Føresetnaden er at bilen har gjort skaden, jf. formuleringa «gjer».

Det er ikkje tvil om at bilen gjorde skaden i dette tilfellet. Forsikringsselskapet vil vurdere alle påståtte skadar med utgangspunkt i «motorvogn gjer». I det ligg ei vurdering av årsakssamanheng og påreknelegheit som i praksis kan skape mange spørsmål. Vi må i dette tilfellet gå ut frå at personskadane på kr 1 000 000 for kvar var ei pårekneleg følgje av den skadevaldande handlinga.

Forsikringsselskapet vil etter dette bli ansvarleg for kr 1 000 000 til kvar av dei skadelidde. Skaden på bilen, som kom på kr 100 000, blir etter bilansvarslova § 5 a ikkje dekt av forsikringsselskapet med mindre det er teikna eiga kaskoforsikring.

Etter å ha utbetalt forsikringsbeløp på totalt kr 3 000 000 vil selskapet vurdere om det er grunnlag for regress mot bilføraren i samsvar med bilansvarslova § 12. Etter punkt a i denne regelen kan selskapet krevje pengar tilbake frå føraren dersom han har vore grovt aktlaus. Spørsmålet blir då om det var grovt aktlaust å søkje etter ny radiokanal medan ein køyrer. Aktløysa frå ein bilførar må vurderast mot dei strenge krava som av trafikktryggleiksomsyn blir stilte til ein bilførar. Køyring mot raudt lys, høg fart i tettbygd strøk, omsynslaus forbikøyring osv. kan lett bli rekna som grov aktløyse. Det er sparsamt med rettspraksis som belyser grensa mellom grov og alminneleg aktløyse. I Avkortningsnemnda (AKN) er det ein god del praksis. Her er nokre døme frå nemnda på forhold som vart vurderte som grovt aktlause:

  • Bilførar leitte etter myntar som skulle brukast til bomringen, og køyrde på bilen framfor.
  • Bilførar sovna ved rattet.
  • Bilførar skifte kassett i kassettspelaren.
  • Bilførar fiska opp solbriller som hadde falle ned mellom setet og handbrekket.

Døma taler for at Anton var grovt aktlaus. Han risikerer derfor at forsikringsselskapet heilt eller delvis rettar regresskrav mot han. Kravet kan likevel lempast etter skadeserstatningslova § 5-2. Dersom selskapet krev full regress på kr 3 000 000, vil ansvaret ganske sikkert bli sett betydeleg ned.

Anton kan i prinsippet i tillegg haldast personleg ansvarleg overfor skadelidde, det vil her seie Marie og Trine, etter den vanlege skuldregelen i erstatningsretten. Det er lite praktisk å gjere dette når dei skadelidde har eit forsikringsselskap å rette kravet mot, men teknisk sett kan dei setje fram krav både mot selskapet etter § 4 og mot bilføraren personleg etter skuldregelen. Skulle begge bli ansvarlege, får dei solidarisk ansvar, jf. skadeserstatningslova § 5-3. Kravet mot Anton kan i dette tilfellet òg bli lempa etter skadeserstatningslova § 5-2.

5.5.2

Læraren har løysingsforslag.

5.5.3

Læraren har løysingsforslag.