Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 202

  1. Kva er full erstatning?

    Full erstatning omfattar alle tap som fyller kravet til årsakssamanheng og pårekneleg tilstand.

    Framtidige tap er særleg utfordrande å berekne, til dømes tap i framtidige inntekter. Hovudregelen er at skadevaldaren må ta skadelidde som han eller ho er. Den som skader ei filmstjerne med store inntekter, må erstatte meir enn den som skader ein ufaglært bygningsarbeidar med låg løn. For ungdom under 16 år blir inntektstap i framtida berekna etter ein standardisert formel som går fram av skadeserstatningslova § 3-2 a.

  2. Kva kan vere personskadar (tap) etter skadeserstatningslova § 3-1?

    Føresegna gjev grunnlag for erstatning av økonomisk skade som skaden har påført og vil påføre skadelidde i framtida. Ved varige og betydelege personskadar vil tap av framtidig inntekt vere ein stor post i erstatningsberekninga. Dei nærare reglane om dette ligg utanfor læreplanen.

    Ved berekning av tap i framtidig inntekt vil det bli teke omsyn til moglegheitene den skadelidde har for omskolering. Prinsippet om plikta skadelidde har til å avgrense skaden, kan kome inn i berekningane som ei plikt til å utnytte og eventuelt skaffe seg ein restarbeidsevne. Ein ung snikkar som mister nokre fingrar i ei ulukke, kan ikkje rekne med å leve resten av livet på erstatta inntekt. Han eller ho må utnytte moglegheitene sine og skaffe seg ein annan jobb etter ein periode med nødvendig omskolering. Dette følgjer av skadeserstatningslova § 3-1 andre ledd som nemner ei rekkje forhold det skal takast omsyn til: evner, utdanning, praksis, alder og moglegheiter for omskolering.

    «Utforskingsprinsippet» i læreplanen kan gje grunnlag for å studere dette nærare.

  3. Kva kan gje grunnlag for erstatning etter skadeserstatningslova § 3-2?

    Skadeserstatningslova § 3-2 gjev grunnlag for å krevje meinerstatning. Det er erstatning for ikkje-økonomisk skade ved varig og betydeleg personskade. Det skal i vurderinga leggjast vekt på kva skaden har å seie for personleg livsutfalding. Eit typisk døme er ein skade som fører til at resten av livet må levast i rullestol. Erstatning som skal dekkje fysiske hjelpemiddel, blir berekna etter § 3-1. Men erstatning etter § 3-2 er tilleggserstatning for tapt livsutfalding.

  4. Kva slags regel er skadeserstatningslova § 3-2 a?

    Føresegna er ein standardisert regel om inntektspersonerstatning for barn og ungdom som ikkje har fylt 19 år. Regelen er grunngjeven med at framtidig inntekt er veldig usikker for så unge personar. Regelen er komplisert, men hovudregelen fører til at ein 100 prosent ufør ungdom under 19 år kan ende opp med eit eingongsbeløp i erstatning for framtidig inntekt på over 50 G, det vil seie ein stad mellom 5 og 6 millionar kroner. Ved lågare uføregrad enn 100 % blir erstatninga redusert forholdsmessig. Uføregrad under 10 % blir ikkje erstatta.

  5. Kva kan gje grunnlag for erstatning etter skadeserstatningslova § 3-5?

    Skadeserstatningslova § 3-5 gjev grunnlag for å krevje «oppreising», det vil seie erstatning for ikkje-økonomisk skade. Smerte og ubehag som følgje av forsettleg eller grovt aktlaus skade på person eller som følgje av personlege krenkingar, til dømes mobbing, gjev grunnlag for slik erstatning.

    Døme på bruk av føresegna: I HR-2021-1438-A hadde ein mann tukla med den 16 år gamle stedottera si. I tillegg til straff for ulovleg seksuell handling (straffelova § 297) vart gjerningspersonen dømd til å betale kr 80 000 i erstatning til fornærma på grunnlag av skadeserstatningslova § 3-5.

  6. Kva skal erstattast etter skadeserstatningslova § 4-1?

    Skadeserstatningslova gjev grunnlag for å krevje erstatning for ting- og formueskade. Det er berre økonomisk tap som blir erstatta.

  7. Kva kan vere medverknad til eigen skade etter skadeserstatningslova § 5-1?

    Føresegna uttrykkjer eit prinsipp om skulddeling. Dersom det kan konstaterast skuld på begge sidene, kan retten avkorte erstatninga. Like stor skuld på begge sidene kan føre til halv erstatning, og stor skuld på skadeliddsida kan i verste fall føre til at erstatninga fell heilt bort.

    Døme på bruk av føresegna: HR-2016-1464-A. Ei kvinne vart påkøyrt av ein trikk då ho kryssa gata på raudt lys. Erstatninga vart avkorta med 50 %.

    Medverknadsregelen skal ikkje brukast når skadelidde ikkje hadde fylt 10 år, jf. § 5-1 nummer 1. Dette er eit utslag av prinsippet om at dei minste barna praktisk talt ikkje har skuldevne. Ein 9-åring som går på raudt lys og blir påkøyrt, vil få full erstatning.

  8. Kva er meint med lemping av erstatningsansvar etter §§ 1-1 og 5-2?

    Erstatningsansvaret kan lempast (setjast ned) dersom retten meiner at det er urimeleg tyngjande for den ansvarlege. Skadeserstatningslova § 5-2 er ein generell lempingsregel, medan urimelegvilkåret i § 1-1 er ein spesiell lempingsregel for barn og ungdom under 18 år. Dersom skadevaldaren er under 18 år og full erstatning utgjer 1 million kroner, kan erstatningsansvaret setjast betydeleg ned, kanskje til nokre få tusen kroner.