Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 5.2.1–5.2.4, side 159

5.2.1

Eit eventuelt erstatningsansvar kan byggje på reglane om barn sitt ansvar etter skadeserstatningslova § 1-1. Etter denne regelen kan Silje bli erstatningsansvarleg dersom skaden kom av aktløyse frå hennar side.

Spørsmålet blir om Silje sykla uforsvarleg. I denne vurderinga vil domstolane leggje vekt på om Silje har brote skrivne eller uskrivne normer for forsvarleg sykling. Det skal i denne aktsemdvurderinga i tillegg takast omsyn til Siljes unge alder.

Oppgåva opplyser at Silje kom «som vanleg i stor fart gjennom bustadfeltet». Dette tyder på uforsvarleg sykling over lang tid. Vi legg til grunn for den vidare drøftinga at Silje var aktlaus.

Det er truleg tilstrekkeleg årsakssamanheng mellom den aktlause køyringa og skaden. Hadde Silje sykla forsvarleg, ville ho greidd å unngå skade trass i hunden som sprang ut i vegbana.

Bulkar og knuste vindauge i ein parkert bil er utvilsamt påreknelege følgjer av uforsiktig sykling, og skaden representerer eit økonomisk tap for bileigaren. Alle vilkåra for erstatningsansvar skulle derfor vere oppfylte. Silje skal i utgangspunktet betale full erstatning, kr 15 000.

Silje skal berre betale erstatning «så vidt det finnes rimelig under hensyn til alder, utvikling, utvist atferd økonomisk evne og forholdene ellers». Silje er 17 år, og vi går ut frå at ho er normalt utvikla for alderen. Som nesten 18-åring taler dette for fullt ansvar. Åtferda hennar i form av stadig råkøyring taler heller ikkje for lemping etter denne rimelegvurderinga. Den avgrensa økonomiske evna hennar kan tale for å setje erstatningsansvaret ned, men vi går ut frå at ho har arbeidsevne og kan skaffe meir pengar ved å ta seg deltidsjobb. Vi går derfor ut frå at Silje må betale full erstatning, kr 15 000.

5.2.2

Læraren har løysingsforslag.

5.2.3

Læraren har løysingsforslag.

5.2.4

Læraren har løysingsforslag.