Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 186

  1. I kva for tilfelle gjeld bilansvarslova?

    Lova gjeld skade som motorvogner gjer på personar og ting, jf. bilansvarslova § 1. Lova gjeld òg forsikring mot skade som motorvogn gjer.

  2. Kva er ei motorvogn i bilansvarslova si meining?

    Omgrepet «motorvogn» skal tolkast utvida. Det omfattar køyretøy som blir drivne fram av ein motor. Det kan derfor omfatte elektriske syklar, sjølvgåande grasklipparar og landbruksmaskiner. Det er vedteke forskrifter om minstehastigheit for å kunne reknast som motorvogn. Elektriske syklar, inkludert sparkesyklar, som ikkje kan oppnå hastigheiter over 20 km/t, er likevel ikkje «motorvogn».

  3. Kva kan vere skadar som ei motorvogn gjer?

    Motorvogna må ha «gjort skaden». Dette er eit krav om årsakssamanheng mellom korleis føraren behandlar motorvogna, og skaden. Ei motorvogn gjer skade når ho køyrer på noko eller nokon, men ho kan òg gjere skade utan å ha vore i fysisk kontakt med ein person eller eigedel. Ho kan til dømes ha blenda motgåande trafikk slik at nokon køyrde av vegen og hamna i grøfta. Ho kan òg ha skvetta vatn eller søle.

    Motorvogn kan gjere skade på «folk eller eige». Det vil seie personskade eller tingskade. Mest alvorleg skade er det når motorvogna skader personar og gjer dei heilt eller delvis arbeidsuføre.

  4. Kva slags erstatningsansvar har eit forsikringsselskap etter § 4?

    Selskapet har objektivt ansvar. Det følgjer av formuleringa «enda om ingen er skuld i skaden» at bilansvaret er uavhengig av det subjektive forholdet mellom eigaren og bilføraren. Føraren treng ikkje ha køyrt for fort eller ha vore aktlaus på nokon som helst måte. Skaden kan vere resultatet av eit hendeleg uhell som ingen kan klandrast for.

  5. Når får eit forsikringsselskap ansvar etter at to bilar har kollidert?

    Det objektive ansvaret til forsikringsselskapet gjeld ikkje ved kollisjon mellom bilar og liknande samanstøyt, jf. bilansvarslova § 8 første ledd. Då blir ansvaret plassert hos forsikringsselskapet til den som har skulda. Dersom begge bilførarane har utvist skuld, kan begge forsikringsselskapa få ansvar, sjå bilansvarslova § 8 andre ledd.

  6. Når kan eit forsikringsselskap stille regresskrav mot bilførar/bileigar?

    Eit forsikringsselskap som har utbetalt erstatning, kan på visse vilkår krevje beløpet heilt eller delvis tilbake frå bilføraren eller eigaren. Eit slikt krav om tilbakebetaling blir kalla eit regresskrav. Hovudreglane om dette står i bilansvarslova §§ 12 og 13. Slike tilbakebetalingskrav føreset blant anna at skaden vart gjord med vilje eller grov aktløyse eller i samband med biltjuveri, eller at føraren var påverka av alkohol eller anna rusmiddel.