Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 179

  1. Kvifor blir skadeserstatningslova § 2-1 kalla ein regel om objektivt arbeidsgjevaransvar?

    Fordi arbeidsgjevaren får erstatningsansvar sjølv om han eller ho er utan skuld i skaden. Skuldkravet i føresegna er knytt til handlingane til arbeidstakaren.

  2. Kven kan vere arbeidsgjevar etter § 2-1?

    Den som blir ansvarleg, må vere arbeidsgjevar. Omgrepet skal tolkast utvida. Det følgjer både av lovteksten i § 2-1 nummer 2 og av førearbeida til lova. Å ha nokon i si teneste omfattar ikkje berre vanlege arbeidsforhold i private bedrifter, stat eller kommune, men òg kortvarige arbeidsavtalar mellom privatpersonar. Ein nabo som engasjerer ein ungdom til å klippe plenen, er òg arbeidsgjevar, men føreset at arbeidet blir gjort mot vederlag. Plenklipping som veneteneste gjer ikkje naboen til arbeidsgjevar.

  3. Kven kan vere arbeidstakar etter § 2-1?

    Omgrepet arbeidstakar skal tolkast utvida. Det følgjer av § 2-1 nummer 3 at arbeidstakar er den som «gjør arbeid eller utfører verv i arbeidsgivers tjeneste». Det er ikkje nødvendig med formell tilsetjingsavtale i ei verksemd. Den som mot vederlag er barnevakt, klipper plenen, målar gjerdet eller utfører andre mellombelse arbeidsoppgåver for ein annan, er òg arbeidstakar. Venetenester eller dugnad utan vederlag for jobben gjer ikkje ein person til arbeidstakar. Elevar er ikkje rekna som arbeidstakarar. Dei utfører rett nok arbeid, men normalt ikkje i teneste for skulen.

  4. Kva krav stiller § 2-1 til den skadevaldande handlinga for at ho skal bli ramma av føresegna?

    Skaden må gjerast «under arbeidstakerens utførelse av arbeid eller verv for arbeidsgiveren». Arbeidsgjevaransvar føreset ein samanheng mellom den skadevaldande handlinga og den jobben arbeidstakaren er sett til å gjere. Vi seier at arbeidstakaren må ha gjort skaden i tenesta.

    Arbeidsgjevaransvaret «omfatter ikke skade som skyldes at arbeidstakeren går utenfor det som er rimelig å regne med», jf. § 2-1 nummer 1 andre punktum. Det er ikkje nok at handlinga er gjord under arbeid for arbeidsgjevaren. Skaden må vere ei følgje av handlingar som det er rimeleg å rekne som ein del av jobben. I denne rimelegvurderinga skal det takast omsyn til kva slags jobb det dreier seg om. Dersom handlinga er utanfor det rimelege, går arbeidsgjevaren fri.

    RT-1959-849 (Læregutdommen) illustrerer kvar grensa mellom det rimelege og urimelege går. Ein læregut på ein bilverkstad var tilsett for å flytte bilar på området til verkstaden. Då han ein dag tok ein bil og køyrde ein tur utanfor området og påførte nokon skade, vart bilverkstaden ikkje ansvarleg på grunnlag av skadeserstatningslova § 2-1.