Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 159

  1. Kven kan få erstatningsansvar etter skadeserstatningslova § 1-1?

    Ungdom under 18 år kan få erstatningsansvar for dei skadane dei påfører andre. Barn heilt ned til 7-årsalderen kan i prinsippet få erstatningsansvar, sjølv om det skal mykje til. Uforsiktig sykling, fotballsparking og mange andre handlingar kan gje barn og ungdom personleg erstatningsansvar. Evna til å få erstatningsansvar aukar med alder og utvikling.

  2. Kva er meint med forsettleg eller aktlaust i skadeserstatningslova § 1-1, og korleis varierer kravet til aktsemd med alder og utvikling?

    Forsett betyr «å setje seg føre», det vil seie at ei handling blir gjord med føremålet å oppnå eit bestemt resultat, til dømes ein skade.

    Aktløyse betyr at gjerningspersonen er å klandre for det som han eller ho har gjort, sjølv om handlinga ikkje var forsettleg.

    Forsett og aktløyse for barn og ungdom skal vurderast etter alder og utvikling. Der vaksne klart vil bli klandra for uforsiktigheit, kan det vere snakk om naturleg åtferd for barn.

    I førearbeida til lova er det sagt om § 1-1 at barn under skulepliktig alder berre i klart ekstraordinære tilfelle kan få erstatningsplikt. Rettspraksis viser òg at det skal svært mykje til før barn under 12-årsalderen kan få erstatningsansvar. Skadar frå barneleik høyrer til alminneleg risiko i livet.

    Det skal òg leggjast vekt på utvikling. Ein 12-åring som i verkelegheita er på nivå med ein 8-åring, skal bedømmast som om han var 8 år. Då vil 12-åringen i dei aller fleste tilfelle ikkje få ansvar, fordi 8-åringar praktisk talt ikkje har skuldevne.

  3. Kva er meint med utvist åtferd i skadeserstatningslova § 1-1?

    Utvist åtferd betyr at det skal leggjast vekt på kor grov handlinga var. Det er forskjell på å øydeleggje nokre blomar og å sparke ut tenner. Jo grovare og farlegare ei handling er, desto større krav blir stilte til aktsemd.

  4. Kva er meint med økonomisk evne i skadeserstatningslova § 1-1?

    Økonomisk evne betyr at det kan leggjast vekt på om skadevaldaren har formue eller inntekt, no eller i framtida, som kan brukast til å betale erstatning. Økonomisk evne har ikkje noko å seie for aktsemdvurderinga, berre for rimelegvurderinga. Sjølv om handlinga var aktlaus, kan erstatningsbeløpet bli sett ned samanlikna med det som er full erstatning, eller falle heilt bort dersom den unge skadevaldaren ikkje har tilstrekkeleg økonomisk evne til å betale. Er skaden så stor som kr 100 000, kan retten til dømes etter ei rimelegvurdering kome til at den unge skadevaldaren berre skal betale kr 1 000.

  5. Kva er meint med forholda elles i skadeserstatningslova § 1-1?

    Når det gjeld forholda elles, nemner førearbeida til lova blant anna at det kan leggjast vekt på om den skadelidde eller skadevaldaren har ein forsikringsavtale som kan dekkje skaden. Spørsmålet om forsikring skal – i likskap med økonomisk evne – ikkje ha noko å seie for aktsemdvurderinga, berre for spørsmålet om ansvar er rimeleg.