Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 149

  1. Kva er eit ansvarsgrunnlag?

    Ansvarsgrunnlag betyr at ein lovfest eller ulovfest regel fastset at ei skadevaldande handling kan føre til erstatningsansvar.

  2. Kva meiner vi med høvesvis subjektivt og objektivt ansvarsgrunnlag? Forklar forskjellen.

    Skuldansvar har som føresetnad at skadevaldaren har gjort skaden forsettleg eller aktlaust. Ein skade som er gjord forsettleg, er gjord med vitande og vilje. Er skaden gjord aktlaust, er skadevaldaren å klandre for ikkje å ha vore aktsam. Spørsmålet blir om skadevaldaren har gjort det som er rimeleg å krevje av han eller henne, for å unngå skaden.

    Objektivt ansvar vil seie at skadevaldaren kan få erstatningsansvar utan å kunne klandrast for forsett eller aktløyse. Hovudregelen i erstatningsretten er at ansvar krev skuld. Likevel er det utvikla ein del reglar om erstatningsansvar utan skuld. Grunngjevinga for desse reglane er ei vurdering av kven som bør ha risikoen når uhellet er ute. Vi har lovfeste reglar om objektivt ansvar for foreldre, arbeidsgjevarar og bilførarar, og vi har ulovfeste reglar om objektivt ansvar for bedrifter som driv farleg verksemd.

  3. Kva legg dommarane vekt på når dei vurderer om det er grunnlag for erstatning etter den ulovfeste skuldregelen?

    Domstolane legg i aktsemdvurderingar stor vekt på om skadevaldaren har brote skrivne reglar for forsvarleg åtferd. Det er rimeleg å krevje at folk følgjer lover og reglar som har som føremål å hindre skadar.

    Domstolane legg òg stor vekt på om skadevaldaren burde forstått på førehand at skade kunne skje, og at han eller ho hadde moglegheit til å handle annleis, slik at skaden kunne vore unngått.

  4. Kva meiner vi med årsakssamanheng?

    Årsakssamanheng betyr at den påståtte skadevaldande handlinga faktisk forårsaka skaden. RT-1992-64 (P-pilledommen) er ein grunnleggjande og sentral dom som illustrerer kravet til årsakssamanheng mellom handling og skade. I denne dommen uttalte Høgsterett blant anna dette: «Årsakskravet mellom en handling eller unnlatelse og en skade, er vanligvis oppfylt dersom skaden ikke ville ha skjedd om handlingen eller unnlatelsen tenkes borte.»

  5. Kva meiner vi med pårekneleg tilstand?

    At noko er pårekneleg, er eit vilkår om at berre skadar med tilstrekkeleg nærleik til den skadevaldande handlinga skal erstattast. Fjerne, tilfeldige og atypiske følgjeskadar skal ikkje erstattast.

    Påreknelege er dei skadane det er rimeleg at skadevaldaren kunne føresjå som ei mogleg følgje av handlinga.

    Det er ikkje alltid nok å konstatere pårekneleg tilstand i vanleg forstand. Det må òg vurderast kven som bør ha risikoen for konsekvensane av den skadevaldande hendinga. I RT-1973-1268 (Flymanøverdommen) var det pårekneleg at kutting av straumførande leidningar kunne føre til mange skadar, inkludert tap som følgje av straumstans i eit fiskeoppdrettsanlegg. Retten kom likevel til at fiskeforedlingsbedrifta sjølv måtte ta risikoen fordi ho hadde innretta seg slik at fôringa stoppa når straumen vart borte. Ho burde hatt reserveaggregat. Vilkåret om pårekneleg tilstand må derfor ofte gjevast ei meir nyansert vurdering enn berre ei vurdering av kva skadevaldaren kunne forstått på førehand.

    Uvanleg høg skadeverdi, til dømes ved skade på særdeles dyre gjenstandar, er stort sett vorte rekna som innanfor det påreknelege. Den som skader eit persisk teppe til 100 000 kroner, kan dømmast til å betale erstatning for tapet.