Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 167

  1. Kva er vilkåra for at foreldre kan få skuldansvar?

    Skadeserstatningslova § 1-2 nummer 1 er ansvarsgrunnlag når foreldre har late det mangle på tilbørleg tilsyn, eller når dei ikkje har gjort det som etter forholda er rimeleg å krevje av dei. Kva er det rimeleg å krevje av foreldra? Det er sagt i førearbeida til lova at det skal svært mykje til før foreldre kan få ansvar etter denne regelen. «Det må foreligge atskillig svikt før det kan komme på tale å gjøre ansvar gjeldende.» Vidare blir det sagt at «[f]oreldrene må innrømmes atskillig margin […]».

  2. Kva er vilkåra for at foreldre kan få objektivt ansvar?

    Foreldre kan få objektivt ansvar etter skadeserstatningslova § 1-2 nummer 2. Vilkåra er at foreldra bur saman med og har omsorga for barnet eller ungdommen, og at skaden kjem av forsett eller aktløyse av den mindreårige etter skadeserstatningslova § 1-1.

  3. Kva kan vere éi skadevalding etter § 1-2 nr. 2?

    Ansvaret etter § 1-2 nr. 2 er avgrensa til kr 5 000 for kvar skadevalding. Dette spørsmålet kan skape tvil dersom det er gjort fleire skadar på kort tid. I førearbeida til lova er det nemnt eit døme der ungdom gjer ti hytteinnbrot på eitt raid. Det bør behandlast som éi samanhengande skadevalding, slik at foreldra berre blir ansvarlege for kr 5 000 og ikkje for kr 50 000 (kr 5 000 × 10 innbrot). Men gjer dei eitt innbrot kvar søndag i ti veker, kan erstatninga bli kr 50 000.