Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 5.4.1–5.4.6, side 179

5.4.1

Erstatningstvisten reiser spørsmålet om eit eventuelt arbeidsgjevaransvar kan gjerast gjeldande etter reglane i skadeserstatningslova om arbeidsgjevar sitt ansvar for arbeidstakar, jf. § 2-1. Redningsselskapet kan få objektivt ansvar som arbeidsgjevar under føresetnad av at Truls var aktlaus i tenesta.

Det er opplyst at Truls gløymde tryggleiksslynga. Det taler for ei viss aktløyse. Her må vi likevel vurdere den spesielle situasjonen som ein redningsmann er i. Det skal takast avgjerder på sekundet, og det må vere rom for ein god del feil. Det kan vere forskjell på omstenda. Éin ting er avgjerder som må takast raskt i eit forrykande uvêr der den forulukka når som helst kan forsvinne i det frodande havet. Noko anna er å redde ein person opp av eit blikstille hav der det er god tid til å handle i samsvar med alle instruksar om tryggleik. Det er opplyst at det er storm, og at fartøyet er i ferd med å forlise. Eg går derfor ut frå at Truls ikkje handla aktlaust, trass i at tryggleiksslynga skulle vore fest. Dermed er det heller ikkje grunnlag for å halde redningsselskapet ansvarleg etter skadeserstatningslova § 2-1.

Konklusjonen blir at redningsselskapet ikkje får erstatningsansvar.

5.4.2

Spørsmålet om eit eventuelt erstatningsansvar blir vurdert ut frå ulike reglar i skadeserstatningslova.

  1. a) Drøft og vurder om elevane kan få erstatningsansvar.

    Er det elevar under 18 år som har gjort skadane, kan kvar av dei få erstatningsansvar etter skadeserstatningslova § 1-1.

    Det verkar som om skadane vart gjorde forsettleg eller med grov aktløyse. Alder, skuldgrad osv. taler for erstatningsansvar. Det er ikkje grunnlag for kollektivt å halde alle elevane ansvarlege. Ansvaret må plasserast hos dei som gjorde skadane. Konklusjonen blir at dei elevane som gjorde skadane, får erstatningsansvar.

  2. Drøft og vurder om foreldra kan få erstatningsansvar.

    I dette tilfellet kan foreldra til kvar skadevaldar under 18 år få objektivt ansvar for inntil kr 5 000, jf. § 1-2 nummer 2, sidan den mindreårige har handla forsettleg eller aktlaust. Det er berre foreldre som bur saman med og har omsorga for elevane, som kan få ansvar. Med omsorg er det sikta til foreldreansvar etter føresegner i barnelova, og med «bu saman med» er det sikta til kvar elevane har fast bustad. Konklusjonen blir at kvar av foreldra til dei elevane som gjorde skadane, får objektivt ansvar med inntil kr 5 000.

  3. Drøft og vurder om skulen kan få erstatningsansvar.

    Skulen kan få erstatningsansvar som arbeidsgjevar etter skadeserstatningslova § 2-1. Ansvaret føreset at læraren har vore aktlaus. Spørsmålet blir derfor om Gro er å klandre for ikkje å ha passa godt nok på.

    Ho er nok å klandre for ikkje å ha overvaka festinga og stoppa drikkinga av alkohol. Som ansvarleg leiar av ein elevekskursjon er ho forplikta til å passe på elevane og gjere det som er rimeleg å krevje.

    Nokon vil kanskje vurdere om aktløysa til elevane kan utløyse erstatningsansvar for skulen. Elevane er ikkje arbeidstakarar. Handlingane deira kan derfor ikkje påføre skulen objektivt ansvar på grunnlag av skadeserstatningslova § 2-1. Ansvar må derfor ha grunnlag i læraren og ikkje elevane sitt forhold. Konklusjonen blir at skulen får erstatningsansvar på grunnlag av § 2-1.

  4. Drøft og vurder om læraren Gro kan få erstatningsansvar.

    Gro kan få eit personleg ansvar etter den alminnelege skuldregelen. Likevel kan skadeserstatningslova § 2-3 nummer 2 om lemping av arbeidstakar sitt ansvar redde henne. Gro kan ved aktløysa si bli ansvarleg overfor skadelidde og regressansvarleg overfor arbeidsgjevaren sin dersom arbeidsgjevaren har dekt tapet. I dei fleste tilfelle vil det normalt vere urimeleg å la det endelege tapet kvile på arbeidstakaren. Det rimelege er at arbeidsgjevaren ber tapet. Berre i meir ekstraordinære tilfelle kan arbeidsgjevaren krevje at arbeidstakaren ber ein del av tapet, sjå skadeserstatningslova § 2-3 nummer 1 og nummer 2 andre punktum.

    Eg går ut frå at Gros aktløyse ikkje er tilstrekkeleg grov til å gje skulen regressrett etter § 2-3 nummer 1. Konklusjonen min blir at Gro skal frikjennast.

5.4.3

  1. Ta stilling til om lokomotivføraren kan bli ansvarleg.

    Lokomotivføraren har brote både skrivne og uskrivne normer for forsvarleg åtferd. Natasja har ikkje handla slik det er rimeleg å krevje av henne som lokomotivførar. Handlinga er spesielt farleg. Det er derfor grunnlag for ansvar etter den ulovfeste skuldregelen.

    Sjølv om lokomotivføraren får ansvar overfor skadelidde, er det ikkje sikkert at ho heilt eller delvis må bere heile det endelege tapet. Det er i utgangspunktet jernbaneselskapet som skal bere tapet (sjå drøfting nedanfor), men har aktløysa hennar vore tilstrekkeleg grov, kan ho etter skadeserstatningslova § 2-3 nummer 1 bli nøydd til å erstatte heilt eller delvis det jernbaneselskapet har måtta betale til skadelidde.

  2. Ta stilling til om jernbaneselskapet kan bli ansvarleg.

    Jernbaneselskapet kan bli ansvarleg etter den ulovfeste skuldregelen dersom styret og den øvste leiinga i selskapet ikkje har gjort det som er rimeleg å krevje. Mangel på opplæring av lokomotivførarar, utilstrekkelege reglar for slikt arbeid, mangelfulle tryggleiksreglar og mangelfull kontroll er forhold som kan gje selskapet ansvar på dette grunnlaget.

    Jernbaneselskapet kan i tillegg bli ansvarleg på grunnlag av regelen om det objektive arbeidsgjevaransvaret etter skadeserstatningslova § 2-1. Etter denne regelen blir arbeidsgjevaren ansvarleg for feil og forsømmingar som arbeidstakarane gjer i tenesta. Vi har konstatert at lokomotivføraren var aktlaus, og at handlinga vart gjord under utføring av arbeid for arbeidsgjevaren. Dermed blir jernbaneselskapet erstatningsansvarleg på dette grunnlaget.

    Jernbaneselskapet kan òg bli ansvarleg på grunnlag av den ulovfeste regelen om objektivt ansvar. Det finst rettspraksis der NSB har vorte erstatningsansvarleg på ulovfest objektivt grunnlag. Jernbanedrift representerer ein ekstraordinær skaderisiko. Han er stadig, og skadane i dette tilfellet er typiske for jernbanedrift. Det er derfor grunnlag for ulovfest objektivt ansvar.

5.4.4

Læraren har løysingsforslag.

5.4.5

Læraren har løysingsforslag.

5.4.6

Læraren har løysingsforslag.