Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 4.2.1–4.2.7, side 118

4.2.1

  1. Drøft om Ellen skal straffast for å ha slege Randi.

    Spørsmålet er om Ellen kan straffast for kroppskrenking ved å ha slege Randi under ein fotballkamp. Dersom handlinga er straffbar, blir det spørsmål om det er brot på straffelova § 271 (kroppskrenking) eller § 273 (kroppsskade).

    Sidan skaden skjedde under ein fotballkamp, kan eit spørsmål vere om Ellen kan frifinnast fordi Randi har samtykt, jf. straffelova § 276, til den valdsutøvinga som ofte skjer i ein fotballkamp. Slettan skriv om dette på side 155 i boka Forbrytelse og straff: «Den som deltar i sport, har samtykket i den form for voldsutøvelse som skjer innenfor spillets regler. Og trolig må samtykket som hovedregel antas å omfatte også bevisste regelbrudd som ikke overstiger det normale forløpet av en kamp, slik som ulovlig takling av en angriper i scoringsposisjon.»

    Men den som forsettleg taklar for å skade ein medspelar, kan ikkje vise til reglane om samtykke. Slike handlingar blir ramma av straffelova. Likevel har det ikkje, så vidt eg har funne ut, ikkje vore slike saker ved domstolane i Noreg, men det har vore ein del tilfelle der søksmål har vore diskutert.

    Sjølv om slaget var ei straffbar kroppskrenking, kan handlinga gjerast straffri på grunn av provokasjon, jf. § 271 andre ledd bokstav b. Det er som regel ein grunn til at fotballspelarar slår. Dersom slaget var meint som gjengjelding for ei kroppskrenking eller særleg provoserande ytring, kan Ellen sleppe unna straff. Oppgåva opplyser om at Ellen slo etter ei takling frå Randi. Dersom denne taklinga var i strid med spelereglane, er det truleg grunn til å frikjenne. Konklusjonen min er derfor at Ellen skal frikjennast.

  2. Drøft om Ellen skal straffast for å ha slege dommaren.

    Spørsmålet blir om Ellen kan straffast for kroppskrenking ved å ha slege ned dommaren, jf. § 271.

    Ellen kan ikkje vise til reglane om samtykke når det gjeld dommaren. Det finst heller ikkje opplysningar om provokasjon, til dømes om uriktig dømming. Å slå ned dommarar er noko som ikkje høyrer til det normale i ein fotballkamp. Ellen kan derfor straffast for kroppskrenking etter straffelova § 271.

    Brekt nase blir som regel dømt som kroppsskade, sjå til dømes RT-1991-1538 og RG-1997-1253. Ingen av desse dommane dreier seg om fotballkampar. Det dreier seg som reglar om vald i drosjekøar og på utestader.

    Dersom Ellen hadde forsett om å skade dommaren, kan ho straffast etter § 273. Ho hadde neppe føremålsforsett, men både sannsynsforsett og eventuelt forsett kan vere aktuelt. Dersom Ellen slo hardt mot dommaren sitt ansikt og tenkte: «Det er mogleg han blir skadd, men sjølv om det skulle vere tilfellet, slår eg likevel», er det snakk om eventuelt forsett.

    Ein streng dommar kan godt tenkjast å seie at Ellen hadde sannsynsforsett når det gjeld den brekte nasen. Eg trur derfor at ho kan straffast for kroppsskade.

    Sjølv om Ellen kan straffast, kan det i straffeutmålinga takast omsyn til sterke kjensler under ein fotballkamp. Retten kan moglegvis bruke straffelova § 80 bokstav e (rettkomen harme) og bokstav f (svekt verkelegheitsforståing på handlingstidspunktet) og setje straffa under minstestraffa eller til ein mildare straffart, til dømes ei bot på vilkår.

4.2.2

Straff for drap etter § 275 føreset at gjerningspersonen «dreper en annen». Ordlyden «en annen» betyr ein annan enn gjerningspersonen. «En annen» kan derfor berre vere eit menneske. Det er derfor ikkje heimel for å straffe Petter for drap. Han kan derimot bli straffa for skadeverk etter § 351 som fastset straff for den som «forspiller en gjenstand» som tilhøyrer ein annan. Ein hund er juridisk sett ein gjenstand.

4.2.3

Oppgåva reiser spørsmål om Jensen kan straffast for drap, jf. straffelova § 275. Då må Jensen ha drepe Hansen.

Drapshandlinga etter § 275 kan vere unnlating. Det er stadfest av rettspraksis, blant anna i RT-1978-147 (Ikkje-hjelp-dommen), der ein ung og ein eldre mann var ute på sjøen i ein motorbåt. For å forsvare seg mot seksuelle tilnærmingar slo den yngre mannen den eldre slik at den eldste mannen ramla i vatnet og drukna. Høgsterett dømde for forsettleg drap fordi han forlét staden og lét vere å trekkje offeret opp av vatnet.

Det kan etter dette konstaterast at straffelova § 275 gjev heimel for å straffe for drap i eit tilfelle som dette.

Spørsmålet blir om Jensen skal frikjennast på grunn av naudrett, jf. § 17. Føresegna gjer ei elles straffbar handling lovleg når ho blant anna blir gjord for å redde eige eller andre sitt liv frå ein fare for skade som ikkje kan avverjast på annan rimeleg måte. Det er opplyst at dei ikkje hadde meir mat, og at situasjonen var farleg. Skal Jensen frikjennast, må det ha vore livsfarleg å hjelpe Hansen. Dette blir ei skjønsmessig vurdering av ein situasjon som er litt lite skildra i oppgåva. Situasjonen kan likevel minne om naudsituasjonar under klatreekspedisjonar til Mount Everest, der den som ikkje kan ta vare på seg sjølv i dødssona, ikkje kan rekne med hjelp frå andre. Eg går ut frå at vi har å gjere med ein liknande situasjon her, og at Jensen ikkje kunne redde Hansen utan å risikere å døy sjølv. Jensen skal derfor frikjennast på grunn av naudrett.

4.2.4

Eg drøftar først spørsmålet om Erling kan straffast for forsettleg drap, straffelova § 275.

Det er ingen tvil om at Erling drap Pamela. Det er derfor heimel i § 275 for straff. Straffridomsgrunn og tilrekneleg tilstand er ikkje eit aktuelt tema her. Spørsmålet blir om skuldkravet er oppfylt.

Skuldkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22. Erling drap ikkje med vilje. Det er nærast like sikkert at han ikkje hadde sannsynsforsett. Det er heller ikkje opplysningar som kan tyde på eventuelt forsett. Erling skal derfor frikjennast for drap.

Neste spørsmål er om Erling kan straffast for aktlaust å vere årsak til Pamelas død, jf. straffelova § 281. Straffansvar etter denne føresegna krev at Erling er å klandre for ikkje å ha forstått at nokon kunne døy av den fisken han serverte.

Oppgåva tyder på at han såg for seg ei viss moglegheit for at gjestene kunne bli matforgifta, men han tenkte ikkje tanken om at nokon kunne døy eller bli skadde. Han kan klandrast for ikkje å ha vore meir forsiktig då han oppdaga at fisken lukta, men det er for mykje å klandre han for at han ikkje forstod at maten kunne føre til død eller kroppsskade. Eg går ut frå at Erling i tillegg må frikjennast for eventuell tiltale om aktlaust å vere årsak til død (§ 281) eller aktlaust å vere årsak til betydeleg skade på kropp eller helse (§ 280).

Det kan vurderast om tiltalen kan reduserast til kroppskrenking eller kroppsskade, jf. §§ 271 og 272, men her òg sviktar vilkåret om forsett. Aktlaus kroppskrenking og aktlaus kroppsskade som ikkje er betydeleg, er ikkje straffbart.

Hovudkonklusjonen er etter dette at Erling ikkje kan straffast.

Spørsmål om erstatning er ikkje drøfta, men det er klart at han kan bli erstatningsansvarleg.

4.2.5

Læraren har løysingsforslag.

4.2.6

Læraren har løysingsforslag.

4.2.7

Læraren har løysingsforslag.