Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 4.3.1–4.3.9, side 130

4.3.1

Mari kan straffast for underslag av kr 5 000 frå eigen kasse. Ved å ta pengane har ho tileigna seg ein lausøyregjenstand (pengar) som ho er innehavar av, men som tilhøyrer postkontoret, jf. § 324 bokstav a. Det kan vurderast om underslaget er grovt i samsvar med § 325 bokstav c. Som funksjonær med ansvar for eigen kasse kan ho ha brote den særlege tilliten ho har fått av stillinga. Beløpet er derimot beskjedent, og det har ikkje gått føre seg over lang tid. Eg trur derfor ikkje at underslaget er grovt. Det er ikkje snakk om straffridomsgrunn, og Mari var tilrekneleg. Skuldkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22. Ho hadde òg forsett om å skaffe seg urettkomen vinning. Skuldkravet er oppfylt.

Mari kan i tillegg straffast for tjuveri av kr 5 000 frå Kari sin kasse. Ved å ta pengar som Kari var innehavar av, har ho tileigna seg ein lausøyregjenstand (pengar) som tilhøyrde postkontoret, jf. § 321. Tjuveriet er ikkje grovt, jf. § 322. Skuldkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22. Ho hadde forsett om å skaffe seg urettkomen vinning. Skuldkravet er oppfylt.

4.3.2

Tjuveri etter § 321 føreset krenking av innehav og eigedomsrett. Innehav krev eit varig og sjølvstendig grunnlag. Sidan Klara hadde ein avtale om å låne jakka med seg heim, har ho eit sjølvstendig avtalerettsleg grunnlag for innehavet. Avtalen er tilstrekkeleg varig idet ho kunne ha jakka til dagen etter. Klara hadde jakka i sitt innehav då ho eventuelt tileigna seg henne. Ho kan derfor ikkje straffast for tjuveri, men kanskje for underslag, jf. § 324.

Objektivt sett passar gjerningsskildringa i § 324 til det Klara gjorde dagen etter. I staden for å levere jakka tilbake dagen etter som avtalt, dersom ho ikkje ville kjøpe henne, tok ho jakka i bruk eit par dagar. Ho har derfor tileigna seg ein lausøyregjenstand ved å ta han i bruk. Jakka var i Klara sitt innehav då ho tileigna seg henne, og jakka tilhøyrde butikken. Det er i utgangspunktet heimel i § 324 for å straffe for underslag.

Det finst ikkje straffridomsgrunn, og Klara var tilrekneleg. Spørsmålet om straff vil derfor avhenge av om kravet til skuld er oppfylt.

Skuldkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22. Klara må forsettleg ha tileigna seg jakka, det vil seie å gjere jakka til si eiga. I dette tilfellet må ho ha hatt til føremål å ta jakka i bruk som hennar eiga, i all framtid. Opplysningane i oppgåva seier derimot at ho prøvde jakka i eit par dagar, og at ho ikkje hadde hatt tid til å levere henne tilbake enno. Å ha jakka på prøve var sjølve føremålet med heimlånsavtalen. Eit par dagars prøvebruk er ikkje nok til å konstatere tileigning ved å ta jakka i bruk. Opplysningane i oppgåva om at føremålet hennar var tilbakelevering, må takast til etterretning som eit faktum (noko anna ville vere å spekulere i faktum). Kravet til forsettleg tileigning er ikkje oppfylt.

Underslag krev òg «forsett om en uberettiget vinning». Sidan Klara skulle levere jakka tilbake, er heller ikkje dette vilkåret oppfylt.

Konklusjonen blir at Klara skal frifinnast.

4.3.3

Eg drøftar først spørsmålet om Peder kan straffast for tjuveri.

Gjerningsskildringa for tjuveri er å ta ein gjenstand som tilhøyrer ein annan, jf. § 321. Peder har teke eit par ski som forretninga var innehavar av, og som tilhøyrde forretninga. Det er derfor heimel i § 321 for å straffe Peder.

Som straffridomsgrunn kan Peder argumentere med lovleg sjølvtekt, jf. straffelova § 19. Forretninga har rettsstridig brote avtalen om å levere skia innan ei veke. Likevel er det ikkje urimeleg at Peder må vente på hjelp frå styresmaktene for å få skia utlevert. Privat rettshandheving i eit tilfelle som dette kan ikkje godtakast. Peders sjølvtekt var derfor ikkje lovleg og fritek han ikkje for straff.

Kravet om å vere tilrekneleg er ikkje tema her. Spørsmålet er om skuldkravet er oppfylt.

Det er krav om forsett, jf. § 21, jf. § 22. Peder har forsettleg tileigna seg eit par ski som han visste forretninga var innehavar og eigar av. Så langt er forsettskravet oppfylt. Peder må i tillegg ha hatt forsett om ei urettkomen vinning. Dette vilkåret er ikkje oppfylt. Peder hadde forsett om ei rettkomen vinning. Han tok noko han hadde krav på, derfor skal han frikjennast for tiltalen om tjuveri.

Det kan argumenterast med at Peder hadde forsett om urettkomen vinning fordi han hadde forsett om å ikkje betale meir enn 75 % av den avtalte prisen. Han meinte derimot at han hadde krav på prisavslaget som erstatning eller oppreising for bryderiet. Derfor er kravet til forsett heller ikkje oppfylt på dette grunnlaget.

Peder kan derimot straffast for brot på straffelova § 345, ved at han urettmessig gjorde seg til innehavar av ein lausøyregjenstand.

Eg går no over til å drøfte Peders krav på erstatning (25 % av kjøpesummen). Det dreier seg om krav på erstatning på grunn av forseinka levering. Eit slikt krav skal drøftast på grunnlag av forbrukarkjøpslova § 24. Det er neppe grunnlag for eit så stort krav sidan denne føresegna berre gjev Peder eit krav på erstatning for det økonomiske tapet han har hatt som følgje av forseinkinga. Eg drøftar ikkje dette nærare fordi dette rettsområdet høyrer heime i læreplanen for rettslære 1.

4.3.4

Spørsmålet er om Elvira Andersen kan straffast for tjuveri, jf. straffelova § 321.

Forholdet passar til den objektive gjerningsskildringa for tjuveri dersom butikken framleis var innehavar av kåpa då Elvira forlét staden for å gå heim.

Elvira kan ikkje reknast som innehavar av kåpa då ho tok henne med seg heim.

Til innehav er det krav om eit nokså varig og sjølvstendig grunnlag. Det er det ikkje i dette tilfellet. Elvira hadde kåpa kortvarig «i hende», men var ikkje innehavar. Ho tok derfor ein lausøyregjenstand som forretninga var innehavar og eigar av. Det er derfor heimel i § 321 for å straffe for tjuveri.

Det finst ingen straffridomsgrunn, og Elvira var tilrekneleg. Spørsmålet blir om skuldkravet er oppfylt. Skuldkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22.

Det verkar som om Elvira gløymde at ho hadde forretninga si kåpe på seg, og då tok ho henne ikkje forsettleg. Det kan heller ikkje bevisast at ho hadde forsett om urettkomen vinning. Elvira skal derfor frikjennast.

Grensa mellom innehav og det å ha ein ting mellombels i hende, er ikkje drøfta grundig nok i læreboka til å krevje at elevane skal ha oversikt over denne problemstillinga. Elevar som kjem til at Elvira var innehavar, slik at rettsspørsmålet blir om ho skal straffast for underslag, bør etter mi meining gjevast full utteljing for svara sine.

4.3.5

Læraren har løysingsforslag.

4.3.6

Læraren har løysingsforslag.

4.3.7

Læraren har løysingsforslag.

4.3.8

Læraren har løysingsforslag.

4.3.9

Læraren har løysingsforslag.