Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 4.1.1–4.1.4, side 106

4.1.1

Spørsmålet er om Erik kan straffast for valdtekt til samleie, jf. straffelova § 291, jf. § 292.

Den objektive gjerningsskildringa passar ikkje til skildringa i § 291 fram til tidspunktet før Lise sovna. Det er opplyst at Lise smilte, og at ho likte berøring. Foreløpig var dette lovleg og frivillig sex mellom vaksne personar.

Etter at Lise sovna og Erik heldt fram med å ha seksuell omgang, passar skildringa for valdtekt i § 291 bokstav b. Sidan den seksuelle omgangen var samleie, kan Erik straffast for valdtekt etter § 292 bokstav a, ved å ha ført sin penis inn i Lises vagina medan ho var ute av stand til å motsetje seg handlinga. Det er derfor heimel for å straffe Erik med fengsel i minst tre år.

Det ligg ikkje føre straffridomsgrunn.

Det er opplyst om at det var drukke mykje alkohol, men det er ikkje noko i fakta som tyder på at Erik var utilrekneleg. Sjølv om han skulle vore så full at han faktisk var utilrekneleg, skal det sjåast bort frå det å vere utilrekneleg når det gjeld sjølvforskyldt rus. Vi kan konstatere at Erik hadde skuldevne etter § 20.

Skuldkravet er forsett, jf. §§ 21 og 22. Alt tyder på at Erik forstod kva han gjorde. Sjølv om han skulle vore faktisk uvitande om at Lise hadde sovna, skal han etter § 25(3) første og andre punktum vurderast som edru. Som edru ville han oppfatta at Lise sovna. Skuldkravet er oppfylt.

Erik skal etter dette straffast med fengsel i minst tre år.

4.1.2

Læraren har løysingsforslag.

4.1.3

Læraren har løysingsforslag.

4.1.4

Læraren har løysingsforslag.