Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 130

  1. Kva er gjerningsskildringa for tjuveri?

    Gjerningsskildringa for tjuveri er å ta ein gjenstand som tilhøyrer ein annan, jf. straffelova § 321.

    Med gjenstand er lausøyregjenstandar meinte. Gjenstanden må ha tilhøyrt nokon, det vil seie å vere eigd. Gjenstanden må i tillegg vere teken, det vil seie teken frå nokon som er innehavar av han. Det treng ikkje vere eigaren som er innehavar.

    Kortversjonen er etter dette at tjuveri er krenking av innehav og eigedomsrett.

  2. Kva gjer eit tjuveri til grovt tjuveri?

    Forhold som kan gjere eit tjuveri grovt, er nemnde i § 322. Blant dei viktigaste kjenneteikna er at gjenstanden som er stolen, har betydeleg verdi, det vil seie ca. 100 000 kroner, og at tjuveriet er gjennomført ved at gjerningspersonen har teke seg inn i bustad eller fritidshus. Profesjonelt preg kan òg gjere tjuveriet grovt.

  3. Kva gjer eit tjuveri til mindre tjuveri?

    Mindre tjuveri er når straffskulda er lita og tjuvgodset har liten verdi, jf. § 323. Dette vart tidlegare kalla nasking. Den øvre grensa for ubetydeleg verdi ser ut til å gå omtrent ved kr 3 000.

  4. Kva er gjerningsskildringa for underslag?

    Underslag er å ulovleg tileigne seg noko gjerningspersonen er innehavar av, men som tilhøyrer ein annan. Eit typisk døme er kasseraren som tek pengar frå kassen.

  5. Kva skil underslag frå tjuveri?

    Tjuveri er krenking av innehav og eigedomsrett, medan underslag berre er krenking av eigedomsretten.

  6. Kva gjer eit underslag til grovt underslag?

    På tilsvarande måte som eit tjuveri kan vere grovt, kan underslag òg vere grovt. Kva som gjer eit underslag grovt, er lista opp i straffelova § 325.

    Eit typisk døme på grovt underslag er å tileigne seg betydelege verdiar ved å forfalske rekneskap over lengre tid. Kva som er betydeleg verdi, kan ikkje gjevast nøyaktig, men rettspraksis tyder på at grensa som regel ligg rundt kr 100 000.

  7. Kva gjer eit underslag til mindre underslag?

    Mindre underslag blir straffa etter § 326. Vilkåra er lita straffskuld og ubetydelege verdiar. Den øvre grensa for ubetydelege verdiar er som ved mindre tjuveri, ca. 3 000 kroner.

  8. Kva kan i praksis vere straffridomsgrunn for tjuveri og underslag?

    Det kan tenkast situasjonar der gjerningspersonen kan vise til naudrett, jf. § 17, til dømes dersom han mellombels må «låne» av dei pengane han er innehavar av, for å skaffe seg mat eller husly når dette ikkje kan skaffast på annan måte. Det er òg mogleg å sjå for seg naudverje etter § 18, til dømes dersom liv eller helse hos gjerningspersonen er truga dersom vedkomande ikkje betaler gjeld.

  9. Kva for nokre skuldkrav gjeld for tjuveri og underslag?

    Skuldkravet er forsett, jf. §§ 21 og 22. I tillegg til at forsettet må dekkje den objektive gjerningsskildringa, må han eller ho ha forsett om å skaffe seg eller andre ei urettkomen vinning.

    Ved grovt tjuveri eller underslag må forsettet blant anna omfatte den betydelege verdien av dei underslegne gjenstandane. Sidan gjerningspersonen har krav på å bli dømd etter si eiga, subjektive oppfatning av dei faktiske forholda (sjå § 25 første ledd), kan det å vere uvitande om verdiane føre til domfelling for vanleg eller mindre underslag sjølv om det viste seg at verdiane var betydelege.