Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 78

  1. Kva meiner vi med naudrett?

    Naudrett er ei elles straffbar handling som blir lovleg dersom ho reddar ein person sitt liv, helse, formue eller anna interesse frå ein alvorleg fare, sjå straffelova § 17.

    Det som blir redda, må vere utsett for ein fare der risikoen for skade er «langt større» enn skaderisikoen naudrettshandlinga har. Det typiske dømet er innbrot i hytte når ein snøstorm har skapt fare for liv eller helse.

  2. Kva meiner vi med naudverje?

    Naudverje er lovleg sjølvforsvar mot eit ulovleg angrep på person eller eigedom, jf. straffelova § 18. Føresegna kan sjåast som eit spesialtilfelle av naudrettsføresegna. Når faren som ei naudrettshandling skal avverje, består av eit ulovleg angrep frå ein person, blir § 18 brukt i staden for § 17.

    Krava for lovleg naudverje er at angrepet må vere ulovleg, at naudverjehandlinga ikkje går lenger enn nødvendig for å avverje angrepet, og at handlinga er forsvarleg. Forsvarlegkravet inneber eit krav om samhøve mellom kor farleg angrepet er, og naudverjehandlinga. Det er ikkje tillate å skyte epletjuven, sjølv om dette skulle vere nødvendig for å avverje angrepet.

  3. Kva meiner vi med sjølvtekt?

    Sjølvtekt er å ta seg til rette for å skaffe seg ein rett utan å vente på hjelp frå styresmaktene. Eit typisk døme er å ta seg inn i den sannsynlege tjuven sin bustad for å ta tilbake det du meiner han eller ho har stole. Sjølvtekt er vanlegvis ikkje lovleg, men i somme situasjonar kan det vere tillate. Det kallar vi lovleg sjølvtekt. Kva som kan gjere sjølvtekt lovleg, står i § 19.

    Tre vilkår for lovleg sjølvtekt:

    1. Den som utfører sjølvtekt, må ha retten på si side. Den som tek tjuvgodset tilbake frå tjuven, må ha ein rett til å vere innehavar av tinga, til dømes fordi han er den rette eigaren.
    2. Lovleg sjølvtekt må gå ut på å gjenopprette ein tidlegare ulovleg endra tilstand. Tjuven har til dømes ulovleg endra kven som er innehavar av sykkelen.
    3. Det må vere urimeleg å vente på hjelp frå styresmaktene. Dersom opphaldsstaden til tjuven er kjend, er det rimeleg å overlate saka til politiet. Dersom tjuven tilfeldigvis blir møtt på gata, kan rask handling vere nødvendig.
  4. Kva er likt og forskjellig mellom naudrett og naudverje?

    Likt: Naudrett og naudverje har begge som føresetnad ei form for naudssituasjon der rask handling er nødvendig. Begge handlingane føreset samhøve mellom handling og skaderisikoen faren har.

    Ulikt: Naudrettshandlinga skal verje mot ein objektiv fare, medan naudverje skal verje mot ulovleg angrep frå éin eller fleire personar. Kravet til samhøve er ulikt formulert. Naudrett krev at risikoen faren har, er «langt større», medan naudverje krev ei vurdering av nødvendigheit og kor forsvarleg handlinga er, i lys av kor farleg angrepet er.

  5. Kva samanheng er det mellom naudverje og sjølvtekt?

    Sjølvtekt kan vere ei forlenging av naudverje. Den som tek sykkeltjuven på fersk gjerning, vil vere i lovleg naudverje til å stoppe han med nokså stor makt. Dersom eigaren seinare ser at tjuven syklar, kan eigaren lovleg ta sykkelen tilbake.

  6. Kva skil ein straffnedsetjingsgrunn frå ein straffridomsgrunn?

    Ein straffridomsgrunn fører til frifinning, medan ein straffnedsetjingsgrunn kan føre til lågare straff enn minstestraffa i straffebodet.

    Ved overskriding av naudrett eller naudverje er handlinga straffbar, men det kan gjevast straffnedsetjing. Det same kan «berettiget harme». Desse reglane står i straffelova §§ 80 og 81. Dersom det finst «særlige grunner», kan straffa setjast heilt ned til null. Det blir kalla straffritak (ikkje straffridom), jf. straffelova § 81.