Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 69

  1. Kva meiner vi i strafferetten med kravet til lovheimel?

    Kravet om lovheimel i strafferetten betyr at gjerningspersonen må ha brote ei lov som fastset at lovbrotet skal straffast, sjå straffelova § 14.

    Straffeloven § 14. Krav om lovhjemmel
    Strafferettslige reaksjoner, jf. §§ 29 og 30, kan bare ilegges med hjemmel i lov.

    Føresegna skal tolkast i lys av Grunnlova § 96, der det heiter at ingen kan straffast utan etter lov. Ho skal òg tolkast i lys av artikkel 7 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) (inga straff utan lov). Kravet kan òg sjåast som utleidd av Grunnlova § 113 som fastset at inngrep mot den einskilde borgaren skal ha grunnlag i lov. Dette blir kalla legalitetsprinsippet.

    Kravet i den einskilde straffesaka inneber at den faktiske skildringa av den straffbare handlinga må passe til gjerningsskildringa i straffebodet.

  2. Kvifor blir det stilt krav til lovheimel for å straffe?

    På strafferettsområdet er legalitetsprinsippet særleg viktig fordi straff er det mest alvorlege inngrepet staten kan gjere overfor den einskilde. Straff utan lovheimel vil vere eit alvorleg brot på menneskerettar. Lovkravet er grunnleggjande i ein rettsstat.

  3. Kva meiner vi med medverknad til ei straffbar handling?

    Eit brotsverk kan vere resultatet av samarbeid mellom to eller fleire personar med ulike roller. Eit innbrot blir til dømes gjennomført ved at ein person knuser vindauget og klatrar inn, medan ein annan står utanfor og held vakt. Eit bankran blir gjennomført ved at nokon spring inn i banken og trugar til seg pengane, medan ein annan held fluktbilen klar. På tilsvarande måte kan den som skaffar mordaren våpen, bli straffa for medverknad til drap.

    Straffeloven § 15. Medvirkning
    Et straffebud rammer også den som medvirker til overtredelsen, når ikke annet er bestemt.

    I mange tilfelle treng vi ikkje ei eiga straffeføresegn om medverknad fordi medverkaren sine handlingar kan tolkast inn i gjerningsskildringa i straffeføresegna. Dersom éin held offeret fast medan ein annan slår, kan begge straffast for kroppskrenking. Men er det tvil om medverknaden kan tolkast inn i gjerningsskildringa, kan straffelova § 15 brukast og dømme medverkaren like strengt som den andre.

  4. Kva meiner vi med eit straffbart forsøk på eit brotsverk?

    Den som gjer noko med forsett om å fullbyrde eit lovbrot, er skuldig i forsøk på lovbrot, jf. straffelova § 16.

    Straffeloven § 16. Forsøk
    Den som har forsett om å fullbyrde et lovbrudd som kan medføre fengsel i 1 år eller mer, og som foretar noe som leder direkte mot utføringen, straffes for forsøk, når ikke annet er bestemt. Den som frivillig avstår fra å fullbyrde lovbruddet eller avverger at det blir fullbyrdet, straffes likevel ikke for forsøk.

    Kravet om at gjerningspersonen «foretar noe som leder direkte mot utføringen», inneber handlingar som er meir enn berre straffri førebuing. Gjerningspersonen må til dømes rette våpenet mot ein bankfunksjonær og truge til seg pengar, utan å lukkast. Innkjøp av «finlandshette» er truleg ikkje nok til å overskride grensa mot det straffbare.

    Lovkravet for forsøk på eit lovbrot inneber at straffelova § 16 må samanliknast med straffebodet for det fullbyrda lovbrotet. Forsøk på drap blir straffa med heimel i straffelova § 275, jf. § 16.

  5. Kva meiner vi med avbrote forsøk?

    Dersom eit forsøk på eit brotsverk blir frivillig avbrote, skal ikkje gjerningspersonen straffast. Det må avbrytast før gjerningspersonen blir oppdaga.

    Straffridom for avbrote forsøk har som føresetnad at handlinga framleis er på forsøksstadiet. Når handlinga er fullbyrda, er avbrote forsøk ikkje lenger mogleg.

  6. Kva meiner vi med straffri førebuing?

    Straffrie førebuing er handlingar som ligg framfor formuleringa «foretar seg noe som leder direkte mot utføringen». Det er til dømes straffri førebuing når innbrotstjuven luskar rundt og observerer dører og vindauge, fordi slike observasjonar ikkje «direkte leder mot utføringen». Men idet han eller ho set opp ein stige for å klatre inn gjennom eit vindauge i andre etasje, har vedkomande gjort noko som gjer forsøket straffbart. Dette er ofte skildra som eit krav om at gjerningspersonen må ha «skredet til verket».

  7. Kva meiner vi med utenleg forsøk? Er det strafflagd?

    Eit utenleg forsøk på lovbrot er eit forsøk som ikkje har nokon som helst sjanse til å lukkast. Gjerningspersonen skyt til dømes mot noko han trur er ein bestemt person, men som viser seg å vere ein stubbe. Eit anna døme kan vere ein person som trur han smuglar narkotiske piller, men det viser seg å vere vitaminpiller.

    Dersom ein gjerningsperson prøver å drepe nokon med trolldomskunst, magi eller liknande, blir dette likevel ikkje rekna som ei forsøkshandling etter straffelova. Ei handling av denne arten må vere eigna til å fullbyrde lovbrotet. Men sett bort frå slike tilfelle er utenlege forsøk på eit lovbrot straffbare.