Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 3.2.5–3.2.6, side 78

3.2.5

Spørsmålet er om Berit skal frikjennast på grunn av naudrett, jf. straffelova § 17.

Lovleg naudrett etter § 17 er «en ellers straffbar handling som blant annet foretas for å redde liv eller helse fra en fare for skade som ikke kan avverges på annen rimelig måte», og når «skaderisikoen er langt større enn skaderisikoen ved handlingen».

Berit har gjennomført «en ellers straffbar handling». Ho har brote seg inn (straffelova § 268) og stole (§ 321) og kan i utgangspunktet straffast med mindre ho skal frikjennast på grunn av naudrett.

Berit var redd for alvorlege forfrysningar. Det første spørsmålet er om ho kunne redda seg frå denne faren på annan rimeleg måte. Det er opplyst at ho passerte fleire bustadhus. Ho kunne gått til desse og bede om hjelp i staden for å bryte seg inn i butikken. Sidan ho var i eit busett område, må vi gå ut frå at ho hadde fleire moglegheiter til å redde seg. Ho kan etter dette ikkje frifinnast på grunn av naudrett.

Dersom Berit teoretisk sett ikkje hadde andre rimelege måtar å redde seg på, ville innbrot vorte godteke som lovleg naudrett. Når det står om livet eller alvorleg skade, er det mykje som kan gjerast dersom det ikkje finst alternativ.

3.2.6

Læraren har løysingsforslag.