Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 62

  1. Kva meiner vi med fengselsstraff?

    Fengselsstraff er straff etter straffelova § 29 første ledd bokstav a. Nærare reglar om fengselsstraff står i kapittel 6 i straffelova.

    Det står ikkje direkte uttrykt i lova at fengselsstraff er fridomstap i ei nærare bestemt tid. Minstestraffa er 14 dagar, sjå § 31. Det kan gjevast utsetjing av fullbyrdinga av ei fengselsstraff (fengsel på vilkår), jf. § 34. Dersom domfelte ikkje gjer nye straffbare handlingar i ei prøvetid, slepp han eller ho å sone straffa. Dersom den domfelte bryt vilkåra for fengsel på vilkår og gjer ein ny straffbar handling i prøvetida, kan vedkomande få ein ny samla dom for det gamle og det nye forholdet.

    Fengsel blir sona ved at den domfelte blir overført til kriminalomsorga. Fengselsstraff blir gjennomført i fengsel etter straffegjennomføringslova, som i § 10 skil mellom

    1. fengsel med høgt tryggleiksnivå (lukka fengsel)
    2. fengsel med lågare tryggleiksnivå (ope fengsel)
    3. overgangsbustad
    4. utanfor fengsel med særlege vilkår (til dømes elektronisk fotlenkje i eigen heim)
    5. prøvelauslating med bestemte vilkår

    Det er vanleg med prøvelauslating etter 2/3 av soning i fengsel. Prøvelauslating er formelt sett ein del av fengselsstraffa. Eit fengselsår er derfor eit kalenderår. Det er ei misforståing av systemet å seie at eit fengselsår er 2/3 av eit kalenderår.

  2. Kva meiner vi med forvaringsstraff?

    Forvaringsstraff er straff etter straffelova § 29 første ledd bokstav b. Nærare reglar om forvaring står i kapittel 7 i straffelova.

    Forvaring er ei straff som blir brukt for alvorlege valdsbrotsverk, seksualbrotsverk, fridomsrøving eller eldspåsetjing, sjå straffelova § 40. Føremålet med forvaring er å verne samfunnet mot brotsverk som er ein fare for liv, helse og fridom. Sjølv om ei forvaring i utgangspunktet må vere tidsavgrensa, kan retten avgjere forlenging på inntil fem år om gongen. Ein lovbrytar som er dømd til forvaring, kan i prinsippet bli forvara i kriminalomsorga resten av livet. Dette er det næraste vi kjem livstidsdom i Noreg. Retten kan bestemme ei minstetid for forvaringa, jf. § 43 andre ledd. Etter at minstetida er sona, kan den domfelte be om prøvelauslating etter § 44. Sak om prøvelauslating må fremjast for tingretten, som vurderer om gjerningspersonen framleis kan vere ein fare for samfunnet.

    Etter at ei eventuell minstetid for forvaringa er ute og krav om prøvelauslating er nekta, kan nytt krav fremjast når det har gått minst eitt år, jf. § 44 fjerde ledd. Dette er ei kontroversiell føresegn fordi ho inneber at domstolane kan bli tvinga til å behandle saker om prøvelauslating frå forvaring ein gong kvart år.

  3. Kva meiner vi med samfunnsstraff?

    Samfunnsstraff er straff etter straffelova § 29 første ledd bokstav c. Nærare reglar står i kapittel 8 i straffelova. Slik straff blir brukt i staden for fengselsstraff ved mindre alvorlege brotsverk. Straffa pålegg lovbrytaren samfunnsnyttig innsats. Samfunnsstraff er berre aktuelt for brotsverk som elles ville gjeve fengsel i mindre enn eitt år, jf. straffelova kapittel 8 og §§ 48 flg.

  4. Kva meiner vi med ungdomsstraff?

    Ungdomsstraff er straff etter straffelova § 29 første ledd bokstav d, og ho er nærare regulert i straffelova kapittel 8 a. I motsetning til samfunnsstraff er ungdomsstraff meint for ungdom som har fylt 15, men ikkje 18 år, når dei har gjort gjentekne eller alvorlege brotsverk, sjå § 52 a. Lovbrytaren må samtykke til ungdomsstraff, og lovbrotet må ikkje vere så grovt og alvorleg at ein reaksjon i fridom verkar urimeleg mildt. Sjølve straffa blir gjennomført med ei form for samtaleterapi i møte mellom domfelte, offeret og andre som saka vedkjem.

  5. Kva meiner vi med bot?

    Bot er ei straff etter straffelova § 29 første ledd bokstav e, som er nærare regulert i straffelova kapittel 9. Bot inneber betaling av pengar til staten, jf. straffelova § 53. Bot må ikkje forvekslast med erstatning. Føremålet med bota er å straffe, medan føremålet med erstatninga er å gje den skadelidde økonomisk gjenoppretting.

  6. Kva meiner vi med rettstap som straff?

    Rettstap kan vere straff etter straffelova § 29 første ledd bokstav f, som er nærare regulert i straffelova kapittel 10. Rettstap omfattar først og fremst tap av retten til å ha ei bestemt stilling, til dømes når ein lege mister retten til å praktisere, eller når ein lærar mister retten til å undervise. Rettstap kan òg omfatte tap av retten til å drive ei bestemt verksemd, til dømes som advokat, revisor eller tannlege, sjå straffelova § 56. Rettstap er som regel kombinert med anna straff, til dømes når ein revisor blir straffa med fengsel for å ha bidrege til eit bedrageri og samtidig blir fråteken retten til å praktisere som revisor eller rekneskapsførar.

  7. Kva meiner vi med andre strafferettslege reaksjonar?

    Straffelova § 30 listar opp «andre strafferettslige reaksjoner» enn dei som er nemnde i § 29. Desse kan brukast når ikkje alle vilkåra for straff er oppfylte, eller dei kan kome i tillegg til hovudstraffa.

    Eit typisk døme kan vere ein person som ikkje kan straffast for eit alvorleg lovbrot, til dømes eit drap, fordi han eller ho var utilrekneleg i gjerningsaugeblinken (sjå straffelova § 20). Gjerningspersonen skal i slike tilfelle frifinnast for straff, men kan dømmast til tvungen overføring til psykisk helsevern, jf. straffelova § 30 bokstav c. Dersom vedkomande får behandling for sjukdomen og blir erklært frisk, blir han sett fri.

    Påtaleunnlating, jf. § 30 bokstav f, er ein ofte brukt reaksjon mot førstegongsforbrytarar. Påtaleunnlating er nærast ei form for åtvaring mot gjentaking av den straffbare handlinga.