Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 91

  1. Korleis kan omgrepet forsett forklarast med éi setning?

    Det er forsett dersom gjerningspersonen har handla med vilje.

  2. Kva meiner vi med føremålsforsett?

    Det er snakk om føremålsforsett når gjerningspersonen handlar for å oppnå eit bestemt resultat. Den som skyt for å drepe, har som føremål å ta livet av offeret. Han eller ho kan bli straffa for forsettleg drap, jf. § 275. Den som set fyr på huset for at det skal brenne ned til grunnen, kan straffast for forsettleg skadeverk, jf. § 351. Det spelar inga rolle at resultatet var lite sannsynleg. Det er nok at føremålet til gjerningspersonen var å fullføre den straffbare handlinga slik ho er skildra i lova.

  3. Kva meiner vi med sannsynsforsett?

    Det er snakk om sannsynsforsett når gjerningspersonen veit at handlinga nesten heilt sikkert eller mest sannsynleg dekkjer gjerningsskildringa. «Mest sannsynleg» betyr at utfallet er meir sannsynleg enn usannsynleg, altså meir enn 50 % sannsynleg. Dersom ein person plasserer ei bombe i eit fly for å drepe passasjeren A, og handlinga fører til at alle i flyet døyr, har personen føremålsforsett når det gjeld A, men sannsynsforsett når det gjeld alle dei andre.

  4. Kva meiner vi med eventuelt forsett (dolus eventualis)?

    Eventuelt forsett (dolus eventualis) er når ein lovbrytar ser det som mogleg at handlinga dekkjer gjerningsskildringa, men vel å handle sjølv om det skulle vere tilfellet.

    Eit nødvendig vilkår for eventuelt forsett er at gjerningspersonen såg det som mogleg at gjerningsskildringa i straffebodet blir oppfylt. Mogleg betyr i denne samanhengen mindre enn 50 % sannsynleg.

    I tillegg til vilkåret om å sjå det som mogleg at handlinga dekkjer gjerningsskildringa, er det krav om at gjerningspersonen vel å handle sjølv om det moglege vil skje. Dette er vilkåret om positiv innvilging av dei moglege konsekvensane av handlinga.

    Døme: A har seksuell omgang med ein person som moglegvis er under den seksuelle lågalderen på 16 år. Gjerningspersonen vel å gjennomføre handlinga sjølv om jenta kan vere under 16 år (positiv innvilging).

    Eg har ikkje funne klar rettspraksis på bruk av eventuelt forsett. Det kjem av bevisbyrda med å overtyde retten om at gjerningspersonen faktisk (positivt) tenkte at han ville utføre handlinga sjølv om det moglege skulle vere sant. Hypotetisk tanke er ikkje nok. Retten kan ikkje leggje vekt på noko gjerningspersonen kunne ha tenkt. I slike tilfelle er det lettare for retten å bestemme seg for sannsynsforsett.

  5. Kva meiner vi med aktløyse?

    Ein lovbrytar skal frikjennast dersom forsettet manglar, men kan straffast dersom handlinga er straffbar som aktlaus. Vilkåret om aktløyse må vere skrive inn i det einskilde straffebodet. Lova skildrar aktløyse i § 23.

    Føresegna stiller to vilkår for å konstatere aktløyse. (1) Handlinga må vere i strid med vanleg, forsvarleg framferd, og (2) gjerningspersonen må kunne klandrast ut frå personlege føresetnader.

    Kravet til aktløyse skil seg her frå det tilsvarande kravet i erstatningsretten der dei personlege føresetnadene ikkje skal takast omsyn til.

  6. Kva er forskjellen på vanleg og grov aktløyse?

    Straffelova skildrar skiljet slik i § 23: Ved vanleg aktløyse er gjerningspersonen å klandre. Ved grov aktløyse må handlinga vere «svært klanderverdig», og det må vere grunnlag for «sterk bebreidelse» mot gjerningsmannen.

    Aktløysa blir ofte dømd som grov når liv og helse er i spel, til dømes når ei trafikkulukke rammar etter alvorleg fartsoverskriding.

  7. Kva er medviten og umedviten aktløyse?

    Det er snakk om medviten aktløyse når gjerningspersonen tek ein kalkulert risiko, til dømes når han sender eit skremmeskot i retning av dei flyktande tjuvane eller vel å køyre i 150 km/t for å nå ei ferje og veit at køyringa kan vere livsfarleg. Denne forma for aktløyse kan grense nær opptil forsett.

    Umedviten aktløyse er uforsiktigheit der gjerningspersonen ikkje tenkte seg om.

    Både vanleg og grov aktløyse kan vere medviten eller umedviten.

  8. Kva er forskjellen på eventuelt forsett og medviten aktløyse?

    I begge tilfella ser gjerningspersonen det som mogleg at handlinga vil dekkje gjerningsskildringa, til dømes at nokon kan bli drepen av handlinga. Ved eventuelt forsett vel gjerningspersonen å handle sjølv om nokon skulle bli drepen. Ved medviten aktløyse tek han sjansen på at det går bra, og håpar det beste, men han ville ikkje utført handlinga dersom han visste at nokon skulle bli drepen.

    Grensa mellom eventuelt forsett og medviten aktløyse er ikkje alltid så lett å trekkje i praksis. Eit kjent døme frå rettspraksis kan illustrere problemet: RT-1972-289 (Ekebergdommen). I denne dommen skulle gjerningspersonen «straffe» ein kikkar ved å snitte han med bilen i full fart. Kikkaren vart drepen. Positiv innvilging av dødsfølgja kunne ikkje bevisast, og gjerningspersonen vart dømd for (medvite) aktlaust drap.

  9. Korleis får du vite kva skuldgrad lova krev for ei strafflagd handling?

    Dersom straffebodet ikkje seier noko om skuldkravet, er det krav om forsett, jf. §§ 21 og 22. Krav om aktløyse må stå i det einskilde straffebodet, sjå til dømes straffelova §§ 280, 281, 294, 335, 340 og 374.