Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 3.2.7–3.2.9, side 82

3.2.7

Straffelova § 20. Skuldevne vart endra ved lov av 21. juni 2019 og sett i kraft 1. oktober 2020.

Gjeldande rett før endringa var at ein gjerningsperson skulle frikjennast dersom han eller ho var utilrekneleg på handlingstidspunktet. Straffelova lydde slik fram til endringa:

Straffelova § 20. Tilregnelighet

For å kunne straffes må lovbryteren være tilregnelig på handlingstidspunktet. Lovbryteren er ikke tilregnelig dersom han på handlingstidspunktet er

  1. under 15 år,
  2. psykotisk,
  3. psykisk utviklingshemmet i høy grad, eller
  4. har en sterk bevissthetsforstyrrelse.

Bevissthetsforstyrrelse som er en følge av selvforskyldt rus, fritar ikke for straff.

Ein person som er psykotisk på handlingstidspunktet, blir rekna som utilrekneleg. Dette blir omtalt som «det medisinske prinsippet» i utilreknelegvurderinga.

Tolka strengt etter ordlyden skal ein psykotisk person frikjennast, sjølv om vedkomande ikkje hadde symptom på handlingstidspunktet. Sett i samanheng med førearbeid og teori er det krav om openberre symptom på handlingstidspunktet (Prop. 154 (2016–2017) avsnitt 4.3), men i praksis har det vore slik at dei sakkunnige har avgjort saka ved å konstatere at gjerningspersonen medisinsk sett var psykotisk. Domstolane tek utsegna frå dei sakkunnige til etterretning.

Føresegna vart endra slik at den som på «handlingstidspunktet er utilregnelig på grunn av

  1. sterkt avvikende sinnstilstand
  2. sterk bevissthetsforstyrrelse …»

Omgrepet «psykotisk» er erstatta med «sterkt avvikende sinnstilstand». Føremålet er å markere at det er retten og ikkje medisinske fagfolk som til sjuande og sist skal avgjere spørsmålet. I utilreknelegvurderinga skal det leggjast vekt på om gjerningspersonen hadde tunge og openberre symptom på handlingstidspunktet som førte til tap av verkelegheitsforståing. I førearbeida vart dette uttalt i kommentarane til føresegna:

«Straffrihet kan bare tilstås de aktivt syke. Begås lovbruddet mens lidelsen er i en inaktiv fase, for eksempel på grunn av medikamentell behandling, vil ikke lovbestemmelsen kunne anvendes.»

Oppgåva vart utarbeidd før lovendringa, og tidlegare løysingsforslag gjekk ut på frifinning på grunn av psykosen. Med lovendringa frå oktober 2020 bør løysinga bli domfelling. Det er opplyst at Petter Ås blir behandla for psykose, og samtalen med politiet tyder ikkje på tunge symptom på handlingstidspunktet. Han synest å ha ei grei verkelegheitsoppfatning. Han forstod kva han gjorde, og at han braut lova.

Petter Ås skal etter dette straffast for lovbrotet.

3.2.8

Det følgjer av straffelova § 20 andre ledd bokstav c at den som er utilrekneleg på grunn av høggradig psykisk utviklingshemming, ikkje skal straffast. Det går vidare fram av § 20 tredje ledd at det i utilreknelegvurderinga skal leggjast vekt på verkelegheitsforståing og funksjonsevne.

Nemninga «høggradig psykisk utviklingshemming» blir medisinsk sett brukt på personar som fungerer med ein IQ på 55 eller lågare. Førearbeida til lova nemner at omgrepet etter straffelova kan strekkjast til ein IQ på 60. Anette har ein IQ på 50. Ho er derfor høggradig psykisk utviklingshemma.

Det skal i utilreknelegvurderinga leggjast vekt på verkelegheitsforståing og funksjonsevne. Anette har ei verkelegheitsoppfatning og funksjonsevne som ein 8-åring. Ho må derfor reknast som utilrekneleg og kan ikkje straffast.

3.2.9

Læraren har løysingsforslag.