Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 3.2.10–3.2.15, side 91

3.2.10

  1. Forsøk på drap

    Den objektive gjerningsskildringa i § 275 er å «drepe en annen». Ein annan må vere eit menneske, ikkje eit dyr. Det er derfor ikkje heimel for å straffe han for drap.

    Bergs forsett var å drepe sonen til naboen. Han hadde ikkje nødvendigvis føremålsforsett, men vi må kunne anta at han i det minste hadde sannsynsforsett eller eventuelt forsett om å drepe sonen til naboen. Når han ikkje lukkast i å fullbyrde dette, er det heimel for å straffe Berg for forsøk på drap, jf. § 16.

    Dette var eit såkalla utenleg forsøk. Berg hadde ingen sjanse til å lukkast sidan det var eit rådyr og ikkje sonen til naboen som sto der. Utenlege forsøk er straffbare, sjå til dømes RT-1993-916 (Koffeindommen), der ein 25 år gammal mann smugla ufarlege koffeintablettar som han trudde var 300 gram amfetamin. Han vart straffa for forsøk på smugling av amfetamin.

    Kan Berg frikjennast på grunn av naudverje etter § 18? Berg prøver å avverje angrepet på epletreet sitt ved å prøve å drepe angriparen, som han trur er sonen til naboen. Forsøk på drap er ei handling som er uforsvarleg etter § 18 første ledd bokstav c. Forsøk på drap går langt ut over det forsvarlege i lys av kva slags interesse som her blir krenkt. Naudverje er derfor ikkje frifinningsgrunn.

    Kan Berg frikjennast som utilrekneleg etter § 20 andre ledd bokstav b? Berg hadde nok ei sterk medvitsforstyrring etter å ha drukke vin, men sidan rusen var sjølvforskyldt, vil medvitsforstyrringa ikkje frita for straff, jf. § 20 fjerde ledd.

    Det fjerde vilkåret for straff er kravet om forsett, jf. § 21, jf. § 22. Bergs føremål var å setje ein stoppar for ikkje berre dette epletjuveriet, men framtidige epletjuveri òg. Føremålet hans var å setje sonen til naboen ut av spel slik at han aldri meir skulle stele eple frå Berg. Det er derfor mogleg at Berg hadde føremålsforsett om å drepe. Det er likevel tilstrekkeleg med sannsynsforsett. Eventuelt forsett er òg tilstrekkeleg, men det er det ikkje grunn til å drøfte nærare i dette tilfellet.

    Opplysningane i oppgåva om at Berg trefte rådyret «med eit velretta skot gjennom hovudet», tyder på føremålsforsett. Kravet til forsett er oppfylt. Konklusjonen blir at Knut Berg kan straffast for forsøk på drap på sonen til naboen.

  2. Ulovleg felling av vilt

    Det er forbode etter naturmangfaldlova § 15 med «uttak av naturlig viltlevende dyr» dersom uttaket ikkje er bestemt i lov eller vedtak med heimel i lov. Det finst verken lov eller vedtak som gjev nokon generell rett til å skyte rådyr. Berg braut derfor naturmangfaldlova § 15 då han skaut rådyret.

    Uttaket kan likevel vere lovleg dersom det er gjort i samsvar med naturmangfaldlova § 17 andre ledd første punktum. Etter denne føresegna kan viltet berre avlivast «hvis det anses påkrevd for å fjerne en aktuell og betydelig fare for person». I vårt tilfelle er det berre fare for Berg sine eple. Denne delen av føresegna kan derfor ikkje brukast.

    Vilt kan òg avlivast etter § 17 andre ledd andre punktum. Vilkåret er at avlivinga «må anses påkrevd på grunn av et pågående eller umiddelbart forestående angrep på bufe, tamrein, gris, hund og fjørfe». Angrep på eple utløyser ikkje denne naudverjeføresegna.

    Neste straffevilkår er at Berg må ha vore tilrekneleg, jf. straffelova § 20. Han kan ha hatt medvitsforstyrring etter § 20 andre ledd bokstav b, men ho kjem i så fall av vindrikkinga. Berg skal derfor vurderast som edru då han skaut rådyret.

    Det fjerde vilkåret er skuldkravet. Naturmangfaldlova § 75 fastset straff for den som forsettleg eller aktlaust bryt §§ 15–18 i lova.

    Berg har etter straffelova § 25 første ledd krav på å bli dømd etter sin eiga oppfatning av situasjonen. Berg trudde han skaut sonen til naboen og oppfatta ikkje at det var eit rådyr han retta skotet mot. Han har derfor ikkje forsettleg skote rådyret. Straffelova § 25 andre ledd fastset derimot at han kan straffast dersom aktlaust lovbrot er straffbart og det var aktlaust å vere uvitande om den faktiske situasjonen. Det var aktlaust å ikkje forsikre seg om kva han skaut på. Sidan naturmangfaldlova § 75 i tillegg fastset straff for aktlaust brot på §§ 15–18, kan Berg straffast for aktlaust brot på naturmangfaldlova i tillegg til forsøk på drap på sonen til naboen.

3.2.11

Det er heimel i vegtrafikklova § 6 med forskrifter. Eit så grovt lovbrot som dette kan òg straffast med heimel i straffelova § 273, jf. § 274, som grov kroppsskade.

Det finst heller ikkje ein lovleg straffridomsgrunn. Å nå ei ferje er sjølvsagt ikkje ein naudssituasjon som kan forsvare råkøyring, jf. straffelova § 17.

Det er heller ikkje tvil om at Odd var tilrekneleg, jf. § 20. Spørsmålet dreier seg om kravet til skuld.

Straff for grov kroppsskade etter § 273, jf. § 274, føreset forsett, jf. § 21. Dersom det ikkje er forsett, kan det bli spørsmål om å straffe for aktlaus påføring av betydeleg skade, jf. § 280.

Odd hadde verken føremålsforsett eller sannsynsforsett. Spørsmålet er om han hadde eventuelt forsett.

Eventuelt forsett, jf. § 22, krev at Odd såg det som mogleg at han kunne skade nokon grovt ved å køyre i 160 km/t. Dette vilkåret blir sett på som oppfylt. I tillegg må det såkalla innvilgingsvilkåret vere oppfylt. Det vil seie at Odd tenkte at han ville køyre så fort sjølv om handlinga skulle ført til betydeleg skade på nokon. Dette vilkåret er ikkje oppfylt. Oppgåva opplyser at Odd ikkje ville køyrt så fort dersom han hadde visst at køyringa skulle føre til ulukke.

Vi kan etter dette konstatere at forsett ikkje ligg føre. Odd tok derimot ein bevisst risiko ved å køyre så fort. Medviten aktløyse ligg føre. Aktløysa må kunne dømmast som grov, jf. § 23. Odd har påført betydeleg skade ved at den påkøyrde personen miste ein viktig kroppsdel, beinet, jf. § 11.

Alle straffevilkår er oppfylte for å dømme Odd for brot på straffelova § 280.

3.2.12

  1. Skuldkravet

    Krava til heimel (straffelova § 275), ikkje straffridomsgrunn og tilreknelegheit er oppfylt. Spørsmålet er om tilstrekkeleg skuld ligg føre. Dom for brot på § 275 krev forsett, jf. § 21.

    Kva som er meint med forsett, er nærare definert i § 22. Petter hadde ikkje som føremål å drepe naboen. Oppgåva opplyser om eit hemnmotiv og at hemnen skulle skje ved å setje fyr på bustaden til naboen, ikkje nødvendigvis ved at naboen skulle miste livet. Det er heller ikkje noko klart grunnlag for å konstatere sannsynsforsett. Då må det bevisast at Petter såg det som meir sannsynleg enn usannsynleg at naboen var heime, og at han ikkje ville greie å kome seg ut av flammane. Oppgåva opplyser at Petter såg det som mogleg at naboen var heime. Då såg han det òg som mogleg at naboen kunne omkome i flammane. Oppgåva opplyser i tillegg at Petter tenkte at han ville tent på huset sjølv om naboen var heime. Han har derfor positivt innvilga dødsfølgja. Det ligg føre eventuelt forsett, og Petter kan straffast for drap etter § 275.

  2. Aktlaust drap

    Dersom Petter ikkje ville utført handlinga dersom han hadde visst at naboen var heime, kunne han berre vorte dømd for aktlaust å vere årsak til død, jf. § 281. Innvilgingsvilkåret i § 22 første ledd bokstav c ville då ikkje vore oppfylt.

3.2.13

Vi går ut frå at det er heimel i straffelova § 291 for å straffe for valdtekt. Knut skaffa seg seksuell omgang ved vald då han la seg over Britt. Ho hadde ikkje gjeve samtykke til samleie. Det finst ikkje straffridomsgrunn, og Knut var tilrekneleg. Problemet er om kravet til skuld er oppfylt.

Knut har opplyst at han trudde Britt var villig. Knut har etter § 25 krav på å bli dømd etter si eiga oppfatning av situasjonen. Då han oppfatta Britt som villig, kan han ikkje dømmast for forsettleg valdtekt etter § 291.

Spørsmålet er om det var aktlaust av Knut å ikkje oppfatte at Britt var stiv av skrekk og uvillig til samleie. Etter § 25 kan han straffast for aktlaust lovbrot dersom det var aktlaust å ikkje oppfatte situasjonen korrekt.

Aktlaus valdtekt er berre straffbar dersom aktløysa er grov, jf. § 294. Aktløysa er grov dersom handlinga er svært klanderverdig og det er grunnlag for sterk bebreiding, jf. § 23. Til dette er det krav om ei skjønsmessig og konkret vurdering, til dømes av det mentale styrkeforholdet mellom Knut og Britt, alder og omstenda elles. Eg har ingen sikker konklusjon basert på dei sparsame opplysningane i oppgåva, men går likevel ut frå at det er nokså stor sjanse for at Knut kan bli frikjend.

3.2.14

Læraren har løysingsforslag.

3.2.15

Læraren har løysingsforslag.