Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 3.2.1–3.2.4, side 70

3.2.1

Spørsmålet er om ulven er hund i juridisk forstand.

Hund er visstnok ein tam ulv i biologisk forstand. I vanleg språkbruk er ulv ikkje hund. Føremålssynsmåtar gjer det naturleg å tolke hundeforbodet utvida eller analogisk slik at ein ulv som har vakse opp som gardshund, blir omfatta av forbodet. Det er vel ei smakssak om tolkinga blir kalla utvida eller analogisk.

3.2.2

  1. Nedbrenning av låve

    Spørsmålet er om nedbrenning av låve er ulovleg forureining, jf. forureiningslova §§ 6–8. I så fall vil forureininga vere straffbar etter § 78. Oppgåva blir løyst ved å tolke ordlyden i forureiningslova.

    Det følgjer av forureiningslova § 6 første ledd punkt 1 at tilførsel av gass til luft er forureining. Utgangspunktet er derfor at nedbrenninga fører til ulovleg forureining, med mindre plikta til å unngå forureining er avgrensa av § 8.

    Det følgjer av § 8 første ledd punkt 1 at «vanlig forurensning» frå jordbruk er tillate. (Eg ser bort frå eventuelle forskrifter etter § 9.) Nedbrenning av låve med røykutvikling i to dagar kan ikkje karakteriserast som «vanleg» i jordbruket. Denne føresegna fritek ikkje for straffansvar.

    Det følgjer av § 8 første ledd punkt 3 at vanleg forureining frå mellombels anleggsverksemd er tillate. Eg trur fjerning av ein låve er eit arbeid som kan omtalast som mellombels anleggsverksemd. Eg er noko i tvil om røyk frå nedbrenning er «vanleg» forureining frå slik mellombels verksemd, men går ut frå det. Eg har derfor kome til at Arne skal frikjennast for tiltalen.

    Å setje fyr på ein låve krev løyve etter plan- og bygningslova. Brot på plan- og bygningslova kan føre til lovbrotsgebyr og straff. Det ligg utanfor oppgåva å gå nærare inn på dette. Dei som ønskjer å utforske dette nærare, kan finne fram til plan- og bygningslova §§ 3-8 og 3-9.

  2. Hundestøy

    Berit driv oppdrett og sal av kvalpar frå fem tisper. Spørsmålet er om støy frå denne verksemda er forureining etter forureiningslova.

    Det følgjer av § 6 første ledd punkt 2 at støy kan vere forureining. Utgangspunktet er at slik forureining er forbode etter § 7 første ledd, med mindre det er tillate etter § 8.

    Det følgjer av § 8 første ledd punkt 2 at «vanlig forurensning» frå bustader er tillate. Spørsmålet er derfor om hundebjeffinga kan karakteriserast som vanleg støy frå ein bustad. Vanleg hundehald kan reknast som vanleg. Noko bjeffing frå hundar er noko naboar må tole. I vårt tilfelle dreier det seg om å drive forretningsverksemd i form av hundeavl som gjev støy utover det vanlege. Utan løyve frå forureiningsstyresmaktene er støyen å rekne som ulovleg forureining.

    Forureiningslova § 78 gjev etter dette heimel for straff. Ved spørsmål om straffansvar må straffevilkåret om forsett og aktløyse vere oppfylt òg. Det går eg ikkje nærare inn på, sidan oppgåva berre reiste spørsmål om heimel.

  3. Å setje vekk campingvogn

    Å setje vekk campingvogn er ikkje forureining som blir ramma av § 6. Campingvogna er derimot avfall etter § 27, som i første ledd første punktum lyder slik: «med avfall menes løsøregjenstander eller stoffer som noen har kassert, […]»

    Det følgjer av § 28 at ingen må setje frå seg avfall slik at det kan verke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet. Det er derfor heimel i forureiningslova § 79 for å straffe Cecilie.

3.2.3

Læraren har løysingsforslag.

3.2.4

Læraren har løysingsforslag.