Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 1.1–1.3, side 20

1.1

Den kinesiske tryggleikslova, sett med norske og europeiske auge, verkar å vere i strid med retten til ytringsfridom, sjå Grunnlova § 100 og EMK artikkel 10. Ytringsfridom er ein grunnleggjande føresetnad for at ein stat er ein rettsstat.

Ytringsfridom kan etter EMK artikkel 10 avgrensast med lov som er nødvendig i eit demokratisk samfunn, blant anna av omsyn til nasjonal tryggleik. I prinsippet kan ei lov som forbyr distribusjon av skrifter med «opprørsk innhald», vere nødvendig i eit demokratisk samfunn. Også i Noreg vil det vere forbode å oppfordre til valdeleg opprør, statskupp osv. Døme på straffbare forhold kan hentast frå straffelova kapittel 17 «Vern av Norges selvstendighet og grunnleggende nasjonale interesser».

I Noreg stiller Grunnlova § 96 krav om at ingen kan (straffe)dømmast utan lov. Denne føresegna blir tolka slik at ei lov som fastset straff, må vere tilstrekkeleg spesifisert slik at borgarane veit kva som kan straffast eller ikkje straffast. Ei straffeføresegn som bestemmer straff for å skrive og distribuere noko med «opprørsk innhald», er altfor upresis til å gjere det moglege å seie på førehand kva som er straffbart. Ei så upresis føresegn legg grunnlag for maktovergrep mot borgarar som kritiserer staten.

1.2

Ein rettsstat føreset maktfordeling mellom lovgjevande, utøvande og dømmande makt. Domstolane i ein rettsstat skal vere uavhengige. Det følgjer av EMK artikkel 6 nummer 1 at retten til rettferdig rettargang føreset uavhengig og upartisk domstol oppretta ved lov. Ei lov som gjer det mogleg for den utøvande makta å sparke dommarar på grunnlag av korleis dei dømmer, er i strid med maktfordelingsprinsippet.

Oppgåva opplyser om sparking av dommarar som kritiserer styresmaktene. I den grad slik kritikk ikkje er ein del av domsavseiingar, vil sparkinga vere i strid med ytringsfridomen, jf. EMK artikkel 10.

1.3

Spørsmål om straff for ordensforstyrring, opptøyar eller oppfordring til straffbare handlingar må vurderast mot omsyna som grunngjev ytringsfridomen, jf. Grunnlova § 100 og EMK artikkel 10. Å hengje opp dokker i ein galge som skal illustrere regjeringsmedlemer, er truleg godt innanfor ramma til ytringsfridomen. Grunnlova § 100(3) oppfordrar til «å ytre seg frimodig om statsstyringa», og det er nettopp det Frida har gjort med å hengje opp dokkene. Handlingane hennar kan neppe oppfattast som oppfordring til å drepe regjeringsmedlemer.

Frida vart pågripen, noko som i utgangspunktet er i strid med EMK artikkel 5 nummer 1. Reglane om lovleg pågriping står i straffeprosesslova kapittel 14. Etter § 171 kan pågriping skje når ein gjerningsperson med «skilleg grunn» kan mistenkjast for handlingar som kan gje høgare straff enn seks månader. Det er neppe skilleg (god) grunn for å mistenkje Frida for brotsverk så lenge ho held seg innanfor ytringsfridomen. Ho kan moglegvis pågripast dersom ho nektar å fjerne seg frå ei trafikkfarleg plassering, men det opplyser ikkje oppgåva noko om. Eg går ut frå at ho vart ulovleg pågripen. Å halde henne på glattcelle i ei veke er strengt ulovleg utan avgjerd frå retten, jf. straffeprosesslova § 183.

Styresmaktene kan fritt føreslå auka strafferammer for brot på føresegner i straffelova, men dei kan ikkje gjevast tilbakeverkande kraft, jf. Grunnlova § 97. Det er heilt utelukka at Frida kan dømmast til fire års fengsel sidan strafferamma for straffelova §§ 181–183 var vesentleg mindre på handlingstidspunktet.

At statsministeren tek kontakt med tingrettsdommaren, er i strid maktfordelingsprinsippet og reglar om uavhengige domstolar. Slik åtferd kan gje grunnlag for å reise riksrettstiltale mot statsministeren, eventuelt mistillitserklæring frå Stortinget i tillegg.