Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 9.4.1–9.4.2

9.4.1

Rektor på ein skule har plikt til å sørgje for eit tilfredsstillande psykososialt arbeidsmiljø, jf. arbeidsmiljølova § 4-3, der det i punkt 3 er presisert at «Arbeidstaker skal ikke utsettes for trakassering eller annen utilbørlig opptreden». Rektor har derfor plikt til å undersøkje om Else har vore utsett for trakassering, slik ho hevdar.

Spørsmålet blir om Else blei utsett for seksuell trakassering. Det er forbode etter likestillings- og diskrimineringslova § 13, ei lov som etter § 2 første ledd gjeld alle samfunnsområde og derfor også i arbeidslivet.

Forbodet mot trakassering gjeld utan unntak. Det er ikkje rom for lovleg trakassering, slik det er for diskriminering, jf. § 9. Er det først konstatert trakassering, er ho ulovleg.

Else hevdar å ha blitt seksuelt trakassert ved at Knut inviterte henne på ein date. Paragraf 13 tredje ledd lyder slik:

Med seksuell trakassering menes enhver form for uønsket seksuell oppmerksomhet som har som formål eller virkning å være krenkende, skremmende, fiendtlig, nedverdigende, ydmykende eller plagsom.

Det er i førearbeida til lova nemnt at trakassering må vere av ein viss alvorsgrad for å bli ramma av føresegna. Det er ikkje meininga at ho skal ramme uskyldig flørting. Vårt tilfelle er ikkje spesielt alvorleg, tvert imot. Det bør ikkje vere slik at forsøk på å bli kjend skal stemplast som trakassering, i alle fall ikkje ved første forsøk.

Lova stiller derfor fleire krav for å konstatere trakassering. Seksuell trakassering må vere uønskt merksemd samtidig som føremålet eller verknaden er å vere krenkjande osv., inkludert plagsam. Førearbeida fortel oss at den tilsvarande føresegna tidlegare hadde tillegget «… plagsom for den som oppmerksomheten rammer». Departementet meinte at ei slik formulering kunne medføre at det blei lagt for stor vekt på personleg (subjektiv) oppfatning av situasjonen, og at det var ein risiko for rettstryggleiken. Formuleringa «for den som merksemda rammar» blei derfor fjerna for å signalisere at vurderinga skulle vere objektiv. Det avgjerande er ei heilskapleg og objektiv vurdering av om folk flest vil rekne handlinga som seksuell trakassering.

Det er tydeleg at den subjektive oppfatninga til Else var at ho blei utsett for seksuell trakassering. Ei meir objektiv vurdering vil ganske sikkert føre til eit anna resultatet. Folk flest oppfattar ikkje ein høfleg middagsinvitasjon som seksuell trakassering. Knut skal derfor frikjennast.

Ei anna sak er det om Knut held fram med stadige datingtilbod trass i at Else har gjeve signal om at merksemda hans er uønskt. Då vil invitasjonane etter kvart fortene å bli kalla trakassering.

9.4.2

Læraren har løysingsforslag