Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 310

  1. Kva er eit avskil?

    Avskil er eit påbod frå ein arbeidsgjevar til ein arbeidstakar om å gå ut av stillinga omgåande på grunn av grovt pliktbrot frå arbeidstakaren si side, jf. arbeidsmiljølova § 15-14.

  2. Kva skil eit avskil frå ei oppseiing?

    Oppseiing er eit påbod om å gå ut av stillinga etter ein bestemt oppseiingsfrist, medan avskil er eit påbod om omgåande avgang.

    Avskil er spesialtilfelle av forhold som også gjev grunnlag for oppseiing på grunn av forhold ved arbeidstakaren. Det seier seg sjølv at reglane om avskil berre kan brukast i dei grovaste tilfella der det er behov for å få arbeidstakaren fjerna frå jobben før det skjer meir skade. Oppseiing på grunn av forhold hos arbeidstakaren krev mishald av arbeidsavtalen; avskil krev vesentleg mishald (grovt pliktbrot).

  3. Kva formkrav er stilte til eit avskil?

    Arbeidsmiljølova § 15-14 andre ledd fastset at § 15-4 gjeld tilsvarande ved avskil. Avskilet skal derfor vere skriftleg, og det skal leverast personleg eller sendast rekommandert til arbeidstakaren. Avskilsbrevet skal innehalde opplysningar om retten til å krevje forhandlingar og reise søksmål.

  4. Kva rettar har ein person som får avskil?

    Arbeidsmiljølova § 15-14 andre ledd fastset mellom anna at § 15-1 gjeld tilsvarande. Det vil seie at spørsmålet om avskil skal førehandsdrøftast mellom arbeidsgjevaren og arbeidstakaren så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgjevaren har plikt til å høyre synet til arbeidstakaren før det blir teke avgjerd om avskil.

    Arbeidstakaren har også rett til å krevje forhandlingar etter at meldinga om avskil er motteken, jf. arbeidsmiljølova § 17-3. Forhandlingane kan opplyse saka betre og føre til at arbeidsgjevaren trekkjer avskilet.

    Arbeidstakaren kan også reise søksmål mot arbeidsgjevaren innanfor dei fristane som er fastsette i § 17-4, for å avvise at avskilet er lovleg, men han eller ho har ikkje rett til å halde fram i stillinga fram til endeleg avgjerd i domstolane. Dette følgjer av arbeidsmiljølova § 15-11, som seier at regelen om å halde fram i stillinga berre gjeld arbeidsforhold som er avslutta på lovleg vis etter reglane i § 15-7 (reglane om sakleg grunn for oppseiing).