Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 9.5.6–9.5.9

9.5.6

  1. Det følgjer av arbeidsmiljølova § 15-14 andre ledd at reglane i §§ 15-1 og 15-4 gjeld tilsvarande for avskil. Det vil seie at avskilet skal drøftast med arbeidstakaren og hans eller hennar tillitsvalde så langt det er praktisk mogleg. Det vil også seie at dei formkrava som gjeld for oppseiing, også gjeld ved avskil. Avskilsbrevet skal leverast personleg eller sendast i rekommandert brev. Avskilsbrevet blei i dette tilfellet levert personleg. Vilkåret om leveringsmåte er derfor oppfylt.

    Avskilsbrevet skal dessutan innehalde opplysningar om retten til å krevje forhandlingar og reise søksmål, og dei fristane som gjeld, og kven som er arbeidsgjevar og rett saksøkt. Avskilsbrevet inneheldt ikkje noko om dette. Vi kan derfor konstatere at avskilet har formfeil.

    Den som får avskil, har ikkje rett til å halde fram i stillinga sjølv om han eller ho reiser søksmål for å få avklart om avskilet er gyldig. Dette følgjer av § 15-11 første ledd, som berre viser til tvist etter § 15-7.

  2. Petter har stole i tenesta. Det gjev grunn for avskil etter § 15-14, utan varsel. Dette har støtte i rettspraksis, til dømes i RG-1991-811 Underslagsdommen, der ein person ikkje hadde slått inn tre mottekne beløp i kassen. Det var grunnlag for både oppseiing og avskil, og i LG-2013-11-191191 der ein tilsett hadde stole pengar frå ein av brukarane på ein sjukeheim.

    Bagatellmessige naskeri gjev ikkje grunn til avskil, til dømes som i RT-1999-184 Støvklutsaka. I tilfellet i oppgåva var tjuveriet ingen bagatell, og det er skjerpande at det blei gjort av ein sjukepleiar mot ein pasient i narkose. Tilfellet kan vere svært skadeleg for tillitsforholdet mellom personalet og pasientane på sjukehuset.

    Stine har også stole i tenesta. Utgangspunktet er at det gjev grunnlag for avskil etter § 15-4, utan varsel. Det er likevel vanleg praksis at personar med rusproblem skal få tilbod om hjelp innanfor ramma av det såkalla AKAN-opplegget. Avskilet blir ikkje rekna som sakleg før ei eventuell behandling og tiltak viser seg ikkje å verke. Dersom dette var første gongen, går vi ut frå at det endå ikkje er grunnlag for å gje Stine avskil.

    Tone møtte rusa på jobb og prøvde å setje ei sprøyte på ein pasient. Vi går ut frå at avskil ikkje vil vere sakleg før behandling og tiltak i eit AKAN-opplegg eller liknande viser seg å vere utan verknad. I RT-1999-163 Brannmanndommen fekk ein brannmann avskil først etter eit tilfelle som føydde seg inn i ei lang rekkje.

9.5.7

Læraren har løysingsforslag

9.5.8

Læraren har løysingsforslag

9.5.9

  1. Avskil, jf. § 15-14
    Geir har på grunn av eige straffbart forhold blitt ute av stand til å oppfylle dei pliktene han har etter arbeidsavtalen.

    I RT-1992-1482 Soningsdommen blei A lovleg oppsagd fordi han sona ein to månaders straffedom. Retten uttalte at «det er arbeidstakerens og ikke arbeidsgiverens risiko at han på grunn av eget straffbart forhold ikke blir i stand til å oppfylle pliktene etter arbeidsavtalen».

    Dei same vurderingane gjeld for ein arbeidstakar som ikkje kan utføre jobben fordi han eller ho mistar løyve, lisens eller førarkort. Advokaten på det juridiske kontoret til bedrifta mistar til dømes advokatløyvet, eller flygaren eller yrkessjåføren får drege inn førarkortet sitt på grunn av promillekøyring eller fartsoverskriding.

    Geir kan ikkje køyre bil før om eitt år. Det er klart at dette vil vere eit grovt pliktbrot på arbeidsavtalen. Arbeidsgjevaren bør vurdere om Geir kan få andre passande arbeidsoppgåver i det året han ikkje har førarkort. Etter § 15-7 andre ledd er ikkje oppseiing på grunn driftsinnskrenking eller rasjonalisering sakleg dersom bedrifta kan tilby anna passande arbeid. Dette prinsippet bør kunne brukast analogisk ved oppseiing eller avskil på grunn av forhold ved arbeidstakaren. Det er ikkje opplyst om ei slik løysing er mogleg, og eg går ut frå at det heller ikkje er rimeleg å forlange at arbeidsgjevaren finn ei slik løysing.

    Eg har etter dette kome til at det ligg føre grovt pliktbrot, og at avskilet er gyldig.

  2. Oppseiing, § 15-7
    Vi viser til drøftinga ovanfor. Dersom avskilet er gyldig, vil også ei oppseiing vere det.