Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 270

  1. Kva vilkår må oppfyllast for at ei diskriminerande ytring skal vere straffbar etter straffelova § 185?

    Den straffbare handlinga blir skildra som «å true eller forhåne, eller ytre seg på en måte som fremmer hat, forfølgelse eller ringeakt» på dei grunnlaga som er nemnde i a–d. Føresegna er derfor eit inngrep i ytringsfridommen, som er verna av Grunnlova § 100.

    Paragrafen er komplisert. Det er ikkje lett å fastleggje kvar grensa går mellom lovlege ytringar og dei som blir ramma av § 185. Mange ord og uttrykk krev tolking, og det er til sjuande og sist Høgsterett som må trekkje opp grensene. Det bør vere stort rom for religions- eller livssynskritikk.

    Straffelova § 185 skal mellom anna tolkast i lys av at Noreg har forplikta seg gjennom ein FN-konvensjon av 1964 om avskaffing av alle former for rasediskriminering. Etter artikkel 4 i konvensjonen har Noreg forplikta seg til å «erklære som straffbar handling all spredning av idéer om raseoverlegenhet eller rasehat …». Rasediskriminerande ytringar har derfor ein låg terskel for straffansvar. Rettspraksis viser at negative ytringar om mørkhuda, samar og andre minoritetar nokså lett kan føre til straffansvar. Høgsterett markerte dette i 1997 der alle dommarane kom saman (plenumsdom) og slo fast at spreiing av partiprogrammet til Kvit valallianse og utsegner om tvangssterilisering og tvangsabort for mørkhuda var straffbart (RT-1997-1621 Kvit valallianse).

    Ytringa må vere sett fram offentleg og i nærvær av andre. Dette kravet følgjer av § 185 første ledd første og tredje punktum. Ytringar som ingen har høyrt eller lese, blir ikkje ramma av føresegna, sjølv om dei er sette fram på offentleg stad.

    Tre høgsterettsdommar frå 2020 har kasta lys over kvar grensene går.

    • HR-2020-185-A, dom 29.1.2020 – Muslimhetsdommen
    • HR-2020-184-A, dom 29.1.2020 – Kakerlakkdommen
    • HR-2020-2133-A, dom 5.11.2020 – Gatekjøkkendommen


  2. Kva skal til for å gjere ei diskriminerande handling straffbar etter straffelova § 186?

    Den som driv med sal av varer eller tenester, kan straffast dersom han eller ho forskjellsbehandlar på dei grunnlaga som er nemnde i straffelova § 186.

    Den som eventuelt skal straffast, må drive «ervervsmessig eller liknende virksomhet», til dømes ein butikk, utleige av campingplass osv. Privatpersonar blir ikkje ramma.

    Den straffbare handlinga er å nekte nokon ei vare eller teneste, til dømes ein frisør som nektar å klippe håret til nokon. Sjå til dømes HR-2017-534-U ‒ Hijabdommen.