Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 263

  1. Kva meiner vi med omgrepet trakassering?

    Trakassering er handlingar, unnlatingar og ytringar som har til «formål eller virkning å være krenkende, skremmende, fiendtlig, nedverdigende eller ydmykende», jf. § 13 andre ledd.

    Det står i førearbeida til lova at denne vurderinga skal ta utgangspunkt i den subjektive opplevinga til den trakasserte, men at vurderinga elles må vere objektiv. Objektiv tolking tyder at folk flest har ei bestemt oppfatning om at eit forhold er trakassering. Det må gjerast ei heilskapsvurdering. Kravet om objektiv vurdering blir grunngjeve med rettstryggleik. Det ville vore ein risiko for rettstryggleiken til den som er påstått å trakassere, dersom den subjektive oppfatninga til den trakasserte er det einaste som skal leggjast til grunn.

  2. Kva meiner vi med seksuell trakassering?

    Seksuell trakassering er ei undergruppe av trakassering. Seksuell trakassering kan omfatte handlingar som beføling og blotting, men også ytringar i form av blikk eller kommentarar. Lova definerer seksuell trakassering som «uønsket seksuell oppmerksomhet» med same føremål eller verknad som anna trakassering, jf. § 13 tredje ledd. Definisjonen har også fått med ordet «plagsom».

    Det går fram av førearbeida at lovutvalet opphavleg føreslo å avslutte § 13 tredje ledd med plagsam «for den som oppmerksomheten rammer». Dette blei fjerna før lovforslaget blei sendt til Stortinget, fordi departementet frykta at den trakasserte si subjektive oppfatning av situasjonen kunne få for stor vekt, og at det var ein risiko for rettstryggleiken. Det er derfor klart at det skal gjerast ei objektiv vurdering for å slå fast om nokon har blitt seksuelt trakassert. Folk flest må oppfatte merksemda som plagsam.

    Både seksuell trakassering og anna trakassering må ha ein viss alvorsgrad for å vere trakassering etter lova. Det er ikkje meininga at føresegna skal ramme uskyldig flørting. Tankelause og upassande kommentarar må ein til ein viss grad tole.

  3. Kva kan gjere forskjellsbehandling, som er ulovleg etter § 6, lovleg etter § 9?

    Spørsmål og svar er langt på veg det same som under spørsmål 4 på side 255.

    Forskjellsbehandling er ikkje ulovleg etter § 6 dersom ho oppfyller vilkåra etter § 9. Legg merke til at det ikkje gjelder ein tilsvarande regel for lovleg trakassering.

    Føresegna peikar på tre vilkår for lovleg forskjellsbehandling. Ho må

    • ha eit sakleg føremål
    • vere nødvendig for å oppnå føremålet
    • ikkje vere urimeleg («uforholdsmessig») inngripande overfor den eller dei som blir forskjellsbehandla

    Dei fleste døme på saklege føremål finn vi i arbeidslivet. Det kan vere stillingsutlysingar for menn som skal vise herreklede, eller kvinner som skal vise kvinneklede, eller personar med mørk hudfarge til å spele bestemte roller i ein film eller eit teaterstykke.

    Nødvendig tyder at eit tiltak er tenleg. Det er truleg tenleg å krevje at ein prest er personleg kristen, men heilt nødvendig for utøving av stillinga er det ikkje.

    Forskjellsbehandlinga må heller ikkje vere eit for inngripande tiltak mot dei som blir ramma. Favorisering av kvinner grip samtidig inn i rettane og moglegheitene til menn. Favorisering av eldre grip samtidig inn i rettane og moglegheitene til dei yngste. Spørsmålet i slike tilfelle er graden av inngrep sett i forhold til det føremålet som eit tiltak skal oppnå.