Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 255

  1. Kva meiner vi med omgrepet «diskriminering»?

    Diskriminering er forskjellsbehandling som kan knytast til eitt eller fleire diskrimineringsgrunnlag. Omgrepet i vid forstand omfattar all forskjellsbehandling. Omgrepet kan avgrensast til forskjellsbehandling på dei grunnlaga som er nemnde i likestillings- og diskrimineringslova § 6, anten ho er lovleg eller ulovleg etter § 9. Omgrepet omfattar både direkte og indirekte forskjellsbehandling, jf. § 6 fjerde ledd. Forskjellsbehandling som juridisk omgrep omfattar berre handlingar, ikkje tankar og meiningar.

  2. Kva er eit diskrimineringsgrunnlag?

    Eit diskrimineringsgrunnlag er eit personleg kjenneteikn ved ein person, til dømes kjønn, hudfarge, etnisk opphav, alder, seksuell orientering, livssyn eller nedsett funksjonsevne.

  3. Kva meiner vi med høvesvis direkte og indirekte diskriminering?

    Direkte diskriminering er etter § 7 forskjellsbehandling som klart og tydeleg er knytt til diskrimineringsgrunnlaget: Du får ikkje jobben fordi du er kvinne! Du får ikkje jobben fordi du ikkje er etnisk norsk! Du får ikkje leige leilegheita fordi du er lesbisk eller homofil!

    Indirekte diskriminering er etter § 8 handlingar som tilsynelatande er nøytrale, men har ein klart diskriminerande verknad. Eit typisk døme er krav om flytande norskkunnskap der dette ikkje er nødvendig.

  4. Kva meiner vi med lovleg forskjellsbehandling?

    Lovleg forskjellsbehandling er diskriminering som oppfyller vilkåra i likestillings- og diskrimineringslova § 9.

    Føresegna peikar på tre vilkår for lovleg forskjellsbehandling. Ho må

    • ha eit sakleg føremål
    • vere nødvendig for å oppnå føremålet
    • ikkje vere urimeleg («uforholdsmessig») inngripande overfor den eller dei som blir forskjellsbehandla.


  5. Kva meiner vi med positiv særbehandling?

    Positiv særbehandling er forskjellsbehandling som skal fremje likestilling, jf. Likestillings- og diskrimineringslova § 11. Det er til dømes positiv særbehandling av kvinner dersom dei blir prioriterte når faglege kvalifikasjonar elles er like. Det er også positiv særbehandling dersom utdanningssøkjarar med minoritetsbakgrunn får ekstrapoeng ved opptak.