Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 8.4.1–8.4.6

8.4.1

Spørsmålet er om Trine har diskriminert i strid med likestillings- og diskrimineringslova § 6, som set forbod mot diskriminering på grunnlag av religion og livssyn. Oppgåva tyder på at det religiøse plagget til kvinna var grunnen til nektinga. Det er derfor ikkje tvil om at Trine diskriminerte kvinna. Trine har ikkje ført fram noko diskrimineringsgrunnlag. Ho kunne til dømes ha argumentert med at ho forskjellsbehandla på grunn av det kvinnesynet som hovudplagget representerte, men det gjorde ho ikkje.

I ein dom frå Gulating lagmannsrett 6. januar 2017 (LG-2016-164427 Hijabsaka) blei ein frisør tiltalt for brot på straffelova § 186 ved å ha nekta å behandle håret til ei kvinne med hijab. Frisøren hevda det var forskjellsbehandling på grunn av politisk syn om kvinneundertrykking, men fekk ikkje medhald. Retten meinte at det var religionsutøving å ha på seg hijab. Saka blei prøvd anka til Høgsterett, men ankeutvalet var klar på at bruk av hijab var religionsutøving. Anken blei nekta å bli fremja, og dommen frå lagmannsretten blei ståande. Det er derfor rettsleg avklart at bruk av hijab og nikab er religionsutøving. Frisøren blei dømt til å betale ei bot på kr 7 000.

Vi konstaterer etter dette at Trine har diskriminert kunden på grunnlag av religion.

Forskjellsbehandlinga kan vere lovleg etter § 9 dersom ho har eit sakleg føremål, er nødvendig for å oppnå føremålet og ikkje er for inngripande mot dei som blir diskriminerte. Det er ikkje opplysningar i oppgåva som kan tyde på eit sakleg føremål. Eg konkluderer med at forskjellsbehandlinga er ulovleg.

Dersom forskjellsbehandlinga er brot på lova, kan kvinna krevje erstatning på grunnlag av § 38.

Neste spørsmål er om forskjellsbehandlinga kan straffast etter straffelova § 186, som fastset straff for den som i næringsverksemd diskriminerer på grunnlag av religion og livssyn. Det er ikkje tvil om at Trine som fysioterapeut opptredde i næringsverksemd. Det er derfor heimel for straff for brot på straffelova § 186.

8.4.2

Spørsmålet er om hotellet har diskriminert Petter i strid med likestillings- og diskrimineringslova § 6. Føresegna rammar indirekte diskriminering, jf. § 8. Petter er ikkje direkte diskriminert som blind, men eit hundeforbod som gjeld alle, har som indirekte verknad at blinde personar blir stilte dårlegare enn sjåande gjester. Forskjellsbehandlinga kan derfor vere ulovleg indirekte diskriminering.

Forskjellsbehandlinga kan vere lovleg etter § 9 dersom ho er sakleg, nødvendig og rimeleg. Det er mogleg at eit generelt hundeforbod på eit hotell kan grunngjevast sakleg med omsynet til hygiene, men spørsmålet er om forbodet går unødvendig langt og er urimeleg når det også rammar førarhundar for blinde. Eg trur det. Forbodet må kunne tolkast som hund forbode, unnateke førarhundar for blinde. Rettskjeldemessig kan det trekkjast ein parallell til Innekattdommen, der forbodet mot katt i eit burettslag måtte tolkast med unntak for innekattar. Eg har derfor kome til at hundeforbod som rammar førarhundar, ikkje er lovleg etter § 9.

Diskriminerings- og likestillingsombodet har behandla saker der blinde med førarhund er nekta tilgang til drosje og til restaurant. I alle sakene meinte ombodet at det var ulovleg diskriminering.

Det kan også vere straffbart etter straffelova § 186 første ledd bokstav d å nekte blinde med førarhund tilgang til drosje, restaurant eller hotell. Føresegna gjev heimel for å straffe «den som i ervervsmessig […] virksomhet […] nekter en person tjenester på grunn av personens […] nedsatte funksjonsevne». Føresegna har eit atterhald. Forskjellsbehandling på grunn av funksjonsevne er ikkje straffbart dersom det kjem av manglande fysisk tilrettelegging. Denne delen er nok meint til dømes for rullestolbrukarar der mangel på fysisk tilrettelegging, til dømes med heisar og toalett, gjer forskjellsbehandling nødvendig. Eg kan ikkje sjå at slike omsyn kan gjerast gjeldande for hund.

Hotellet har etter dette nekta ein person å kjøpe ei teneste på grunn av den nedsette funksjonsevna hans. Handlinga er straffbar.

I spørsmålet om dom for straff må også andre vilkår enn lovheimel vere oppfylte. Det er spørsmål som høyrer heime i strafferetten, og som vi ikkje kan gå nærare inn på her.

8.4.3

Læraren har løysingsforslag

8.4.5

Læraren har løysingsforslag

8.4.6

Læraren har løysingsforslag