Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 8.3.1–8.3.5

8.3.1

  1. Høgare aldersgrense for gutar stiller dei dårlegare enn jentene. Det er ikkje tvil om at dette er forskjellsbehandling av kjønn, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 6 første ledd og tilvisinga til «kjønn». Utgangspunktet er derfor at forskjellsbehandlinga er ulovleg med mindre ho er lovleg etter § 9. Skal ho vere lovleg, må ho ha eit sakleg føremål, vere nødvendig for å oppnå føremålet og ikkje for inngripande mot dei som blir forskjellsbehandla, jf. § 9. Den alminnelege handlefridommen og eigedomsretten gjev eigarane av ein privat restaurant rett til å utforme ein profil og salsstrategi. Dersom dei ønskjer ein utestad som blir oppsøkt av mange nok jenter og gutar, kan ulike aldersgrenser vere eit nødvendig tiltak som ikkje er eit urimeleg inngrep i rettane til gutane. Vi går ut frå at forskjellsbehandlinga er lovleg.

  2. Å leige ut rom til berre kvinner er forskjellsbehandling på grunnlag av kjønn. Slik forskjellsbehandling vil vere ulovleg etter likestillings- og diskrimineringslova § 6, med mindre ho er lovleg etter § 9. Lovleg forskjellsbehandling må derfor ha eit sakleg føremål, vere nødvendig og ikkje for inngripande overfor menn. Sakleg føremål kan grunngjevast med omsynet til privatlivet til Reidun. Ho føler kanskje det vil vere ubehageleg å leve tett saman med ein mann i same bustad. Forskjellsbehandlinga er nødvendig for å oppnå dette føremålet, og det er ikkje for inngripande overfor menn. Det finst sikkert mange andre hybeltilbod i marknaden som menn kan søkje på. Forskjellsbehandlinga er etter dette lovleg.

  3. Eiga jentegruppe i matematikk og fysikk er i utgangspunktet forskjellsbehandling i strid med likestillings- og diskrimineringslova § 6. Positiv særbehandling av det eine kjønnet kan likevel vere lovleg etter § 11. Det krevst at særbehandlinga fremjar føremålet med lova (likestilling mellom kjønn), at forskjellsbehandlinga er rimeleg (tenleg) for å oppnå føremålet, og at ho ikkje er for inngripande overfor dei som blir stilte dårlegare (menn). Jentegruppa fremjar ei likare fordeling av jenter og gutar i faget matematikk på Vika videregående skole. Det er opplyst at faget er dominert av gutar. Tiltaket fremjar derfor føremålet med lova. Tiltaket er rimeleg (tenleg) for å oppnå føremålet, og det er ikkje for inngripande mot gutar sidan vi må gå ut frå at skulen har eit godt tilbod også til dei. Jentegruppa er etter dette ikkje i strid med likestillings- og diskrimineringslova.

  4. Likestillings- og diskrimineringslova gjeld på alle samfunnsområde, også i familielivet. Lova blir likevel ikkje handheva av dei organa som fører tilsyn med likestilling og diskriminering etter diskrimineringsombodslova, jf. § 7 andre ledd i denne lova. Saka kan i prinsippet førast for domstolane, men det er lite realistisk at det skal skje. Det er derfor klart at det har liten praktisk konsekvens at likestillings- og diskrimineringslova gjeld for familielivet.

    Spørsmålet kan vere om faren driv med ulovleg forskjellsbehandling av familiemedlemmene sine når han nektar å ta del i husarbeidet. Forskjellsbehandling er ulovleg etter § 6, med mindre ho er lovleg etter § 9. Eg trur likevel vi først bør spørje om dette eigentleg er forskjellsbehandling. Det er ikkje sikkert at ein kan konstatere forskjellsbehandling berre fordi alle enkeltoppgåver i familielivet ikkje blir delte likt. Deling av arbeidet kan skje ved at mannen utfører andre nødvendige oppgåver. Dersom han ikkje gjer det, kan vi konstatere forskjellsbehandling.

    Eg legg til grunn for den vidare drøftinga at mannen forskjellsbehandlar på grunnlag av kjønn. I så fall har forskjellsbehandlinga ikkje noko sakleg føremål. Ho er derfor ulovleg, jf. § 6.

    Ektefellen som blir forskjellsbehandla kan etter § 38 i lova krevje oppreisning og erstatning. Ein kan sjå føre seg at det blei nødvendig å tilsetje hushjelp, og at utgiftene må dekkjast av den som forskjellsbehandlar. Eg trur alle skjønar at eit slikt søksmål ikkje eignar seg for domstolane. Skilsmisse er eit meir realistisk alternativ.

8.3.2

Spørsmålet er om ein skule opptrer i strid med likestillings- og diskrimineringslova § 6 ved å ta i bruk ei slik lærebok. Det må først avgjerast om berre det å ta boka i bruk er diskriminering.

Likestillings- og diskrimineringslova § 7 definerer kva som er direkte forskjellsbehandling. Føresegna fortel oss at slik forskjellsbehandling ligg føre når «en person behandles dårligere enn andre» på grunn av forholda som er nemnde i § 6, mellom anna kjønn. Ordlyden «behandling» talar imot. Er det å ta ei slik lærebok i bruk å rekne som forskjellsbehandling av elevane på grunn av kjønn? Sjølv om ei bok framstiller menn som overordna kvinner og påstår at det bør vere slik, er det ikkje nødvendigvis ei handling som stiller kvinnelege elevar dårlegare enn mannlege elevar. Det er heller ikkje slik at undervisning og læreplan treng å samsvare med det som står i læreboka. Eg har etter dette kome til at bruken av boka ikkje er ulovleg og brot på § 6.

Dersom bruken av boka ikkje er brot på § 6, kan skulen heller ikkje få erstatningsansvar etter § 38. Slikt ansvar får berre den som bryt paragrafar i kapittel 2, som § 6. Dermed er det ikkje sagt at bruken av boka er lovleg. Den som søkjer litt rundt i lova, kan finne fram til § 27. Etter denne føresegna skal læremidla i «skoler og andre utdanningsinstitusjoner som tilbyr opplæring med grunnlag i lov» (grunnskular og vidaregåande skular) byggje på føremålet i likestillings- og diskrimineringslova, jf. § 1. Den læreboka som oppgåva skildrar, er i strid med dette føremålet og derfor ulovleg.

Den som ønskjer å klage på boka, kan leggje saka fram for råd og rettleiing frå likestillings- og diskrimineringsombodet, jf. diskrimineringsombodslova § 5. Klagaren kan også velje å leggje saka fram for Diskrimineringsnemnda. Det følgjer av ombodslova § 1 andre ledd bokstav a saman med § 7 at brot på likestillings- og diskrimineringslova § 27 er innanfor ansvarsområdet til nemnda. Nemnda kan etter § 11 i lova gjere vedtak om stansing, retting m.m. Det vil seie at saka kan få ei førebels løysing ved at Diskrimineringsnemda vurderer boka som lovstridig og forlanger at bruken stansar. Skulen må eventuelt skaffe seg ei anna bok. For å sikre at vedtaka til nemnda blir følgde, kan skulen få tvangsmulkt etter § 13 dersom han ikkje stansar bruken av boka innan ein frist som nemnda fastset.

8.3.3

Rommet i huset

Eg drøftar først spørsmålet om utleige av rom i huset vil vere i strid med likestillings- og diskrimineringslova § 6. Diskriminering på grunn av kjønn er ulovleg etter § 6 første ledd. Som diskriminering reknar ein direkte forskjellsbehandling ved at ein person blir behandla dårlegare enn andre, jf. § 7. Det er ikkje tvil om at utleiga til Katrine stiller menn dårlegare enn kvinner. Vi konstaterer at Katrine forskjellsbehandlar. Spørsmålet er om forskjellsbehandlinga er lovleg etter § 9.

Lovleg forskjellsbehandling etter § 9 krev at ho har eit sakleg føremål, er nødvendig for å oppnå føremålet og ikkje er for inngripande overfor dei som blir diskriminerte.

Føremålet til Katrine er mellom anna at utleiga ikkje grip for mykje inn i privatlivet hennar. Ho ønskjer ikkje eit utleigeforhold der ho risikerer å leve for tett saman med ein framand mann. Eit rom i huset kan vere eit rom der leigetakaren skal nytte same kjøkken, bad og toalett som Katrine. Sjølv om huset har fleire kjøkken, bad og toalett, vil leigetakaren bu tett på Katrine. Omsynet til privatlivet til Katrine tilseier at det er sakleg å berre leige ut til ei kvinne. Dette blir støtta av teori og praksis i avgjerder frå likestillings- og diskrimineringsombodet, og det blir støtta av diskrimineringsombodslova § 7 siste ledd, der det står at diskrimineringsnemnda ikkje skal handheve likestillings- og diskrimineringslova i «familieliv eller andre rent personlige forhold». Vi går ut frå at utleige av rom som ikkje er eiga sjølvstendig bueining i eigen bustad, er eit «personlig forhold».

Forskjellsbehandlinga er nødvendig for å oppnå føremålet, og ho er ikkje for inngripande for menn. Det finst sikkert andre hybelrom i utleigemarknaden som menn kan leige.

Konklusjonen blir at forskjellsbehandlinga er lovleg.

Hybelleilegheita

Neste spørsmål er om utleige berre til kvinner av hybelleilegheit med eigen inngang i kjellaren er lovleg etter § 9. Nemninga «leilighet» tyder på ei sjølvstendig bueining med eigen inngang, kjøkken, bad og toalett. Det talar for at forskjellsbehandlinga er ulovleg. Det at leilegheita er i same hus, er eit argument for at forskjellsbehandlinga er lovleg. Eg går ut frå at forskjellsbehandlinga er ulovleg.

Oppgåva kan også løysast på grunnlag av husleigelova § 1-8. Denne føresegna lyder slik:

§ 1-8. Forbud mot diskriminering
Ved utleie av husrom kan det ikke tas hensyn til kjønn, graviditet, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller alder. Slike omstendigheter kan ikke regnes som saklig grunn til å nekte opptak i husstand, framleie, personskifte eller tillegges vekt ved opphør av leieforholdet. Ved diskriminering gjelder likestillings- og diskrimineringsloven.

Husleigelova § 1-8 forbyr mellom anna diskriminering på grunn av kjønn ved utleige av «husrom».

Ordet «husrom» skil ikkje mellom sjølvstendige og usjølvstendige bueiningar. Ordlyden talar eigentleg for at Katrine forskjellsbehandlar kvinner og menn i strid med husleigelova i begge utleigeforholda. Føresegna seier uttrykkjeleg at kjønn ikkje kan vere sakleg grunn for å nekte opptak i husstand. Lovteksten er tilsynelatande i strid med det vi kom til under drøftinga av likestillings- og diskrimineringslova §§ 6 og 9.

Dersom vi skal kome til at Katrine ikkje bryt husleigelova, må vi tolke ordet «husrom» innskrenkande. Sett i lys av omsynet til familieliv og reint personlege forhold må vi kome til at det med ordet «husrom» er meint sjølvstendige bueiningar. Det vil seie eit husrom der leigetakaren kan bu utan å bli ein del av privatlivet til utleigaren. Argumentasjonen blir eigentleg den same som i drøftinga av likestillings- og diskrimineringslova.

Konklusjonen blir den same som ovanfor. Forskjellsbehandling er lovleg i samband med utleige av rommet, men ikkje for utleige av leilegheita.

8.3.4

  1. Drøft og vurder om seljaren handla i strid med likestillings- og diskrimineringslova.
    Spørsmålet er om utleigaren har forskjellsbehandla søkjarane i strid med likestillings- og diskrimineringslova § 6.

    Det er ikkje tvil om at Abdullah blei forskjellsbehandla, jf. § 6. Spørsmålet blir om forskjellsbehandlinga var lovleg etter § 9. Forskjellsbehandlinga kan vere lovleg dersom ho har eit sakleg føremål, dersom ho er nødvendig for å oppnå føremålet og ikkje er for inngripande mot den som blir diskriminert.

    Å forskjellsbehandle personar som «passar» og dei som «ikkje passar» til å bu i villa, er i utgangspunktet ikkje ulovleg diskriminering. Slik forskjellsbehandling kan vere sakleg for å sikre seg at kjøparen behandlar huset på ein skikkeleg måte. Det kan derimot vere ulovleg diskriminering å forskjellsbehandle på grunn av hudfarge eller etnisk opphav. Dersom det forholdet at Abdullah var frå Afrika, er den einaste og den verkelege grunnen til at bodet ikkje blei akseptert, ligg det føre ulovleg diskriminering etter likestillings- og diskrimineringslova § 6. Det ligg ikkje føre opplysningar som talar for at forskjellsbehandlinga kan vere lovleg etter § 9. Eg går ut frå at det ligg føre ulovleg diskriminering i dette tilfellet.

  2. Kva kan Likestillings- og diskrimineringsombodet og eventuelt Likestillings- og diskrimineringsnemnda gjere med saka?
    Ombodet kan etter likestillings- og diskrimineringsombodslova av 2017 § 5 gje råd og rettleiing i spørsmål om brot på likestillings- og diskrimineringslova. Ombodet kan bringe saka inn for Diskrimineringsnemnda, sjå § 8.

    Nemnda kan gjere vedtak om det er opptredd i strid med likestillings- og diskrimineringslova av 2017, jf. likestillings- og diskrimineringsombodslova §§ 11 og 12. Nemnda kan også gjere vedtak om erstatning, sjå § 12 andre ledd.

  3. Kva kan Abdullah oppnå ved å reise søksmål mot seljaren?
    Abdullah kan reise søksmål mot eigedomsmeklaren og eigaren med påstand om erstatning etter likestillings- og diskrimineringslova § 38. Han må sannsynleggjere for retten at det gjekk føre seg diskriminering då bodet hans ikkje blei akseptert. Utleigaren må deretter bevise uskylda si ved å påvise at diskrimineringa var sakleg etter § 9. Klarer han ikkje det, får han erstatningsansvar etter § 38.

    Erstatninga skal dekkje det økonomiske tapet til Abdullah som følgje av den ulovlege handlinga, jf. § 38 tredje ledd. Det kan til dømes vere meirutgiftene ved å kjøpe tilsvarande hus ein annan stad. Retten kan også dømme han til å betale oppreisning, det vil seie eit passande beløp for det ubehaget Abdullah blei utsett for.

  4. Kan seljaren straffast?
    Likestillings- og diskrimineringslova § 39 stiller opp ein regel om straffansvar for diskriminering. Regelen gjeld berre når forskjellsbehandlinga er gjord av fleire i fellesskap. Det er dessutan berre grove brot på diskrimineringsforbodet som kan straffast. Denne føresegna kan ikkje brukast i dette tilfellet.

8.3.5

Læraren har løysingsforslag